Lov for Idrottslaget Ravn stifta 26.11.1914
Vedtatt i 1914 med seinare endringar seinast av 28.11.01.
Godkjent av idrettsstyret den 28.01.02.[1]§ 1 (Formål)
Laget sitt formål er å gjennom samarbeid og kameratskap å fremje idrett i sunne former.
Laget er sjølveigande og frittståande med utelukkande personlege medlemmer og skal drive
idrett organisert i Norges Idrettsforbund.§ 2 (Organisatorisk tilknyting)
Laget er medlem av Norges Idrettsforbund gjennom Møre og Romsdal Idrettskrets.
Laget er tilslutta dei særforbund som årsmøte har bestemt.
Laget har sete i Haram kommune, og er medlem av Haram idrettsråd.[2]
Reglane i NIFs lov kapittel 1, 2, 5, 11, 12 og 13 gjelder for idrettslaget uavhengig av kva som måtte stå i lagets egen lov.
§ 3 (Medlemmer)
Alle som lover å rette seg etter lagslovene og lovene for overordna organ, kan bli medlem.[3]
Ved innmelding vert det gitt opp alder og bustad, saman med opplysning om søkjaren er
eller har vore medlem av eit anna lag tilslutta Norges Idrettsforbund. Opptak av nye medlemer
skal straks førast inn i medlemsregisteret. Ein søkjar kan ikkje takast opp som medlem utan at pliktene i høve til andre organisasjonsledd og medlemmer i NIF er gjort opp. Medlemskap i laget gjeld først og vert rekna frå den dag kontingenten er betalt.
Alle som er medlemer plikter å følgje lovene til Noregs Idrettsforbund og dessutan dei lovene som gjeld for NIF sine organisasjonsledd og for laget.§ 4 (Stemmerett og val)
For å ha stemmerett på lagets møter må et medlem ha fylt 15 år, ha vore medlem i minst 1 månad, og ha eit ordna forhold til laget.[4]Alle medlemmer som har stemmerett kan veljast til tillitsverv i laget, og som representant til ting eller møte i overordna organisasjonsledd. Det kan ikkje velgast representant som er arbeidstakar i laget. Dette gjelder ikkje for representantar som er vald av og blant dei tilsette, eller som er spelar/utøvar med kontrakt og medlemskap i laget.
§ 5 (Kontingent)
Kontingenten fastsettes av årsmøtet og betalast på forskott.[5] Medlemmer som skylder kontingent for meir enn eit år, har ikkje stemmerett eller andre rettar, og kan av styret strykast som medlem i laget. Stroken medlem, kan det ikkje takast opp igjen før skyldig kontingent er
betalt. Dersom medlemmar som har to års uteståande kontingent, skal medlemskapen
bringes til opphør ved stryking frå lagets side. Styret har høve til å setje ned eller gi avkall på kontingent ved sjukdom, arbeidsløyse, militærteneste eller andre gyldige grunnar.
§ 6 (Tillitsvalde og godtgjersle)[6]
Tillitsvald kan ta imot refusjon for nødvendige, faktiske utgifter, inkludert tapt arbeidsforteneste, som vert påført vedkommande i utføringa av vervet. Tillitsvald kan ta imot ein rimelig godtgjøring for sitt arbeid. Styret i laget kan utarbeide retningsliner for slik godtgjersle.
Utgifter til godtgjersle og refusjon for faktiske utgifter skal gå fram av lagets budsjett og regnskap.
§ 7 (Inhabilitet)
For lagets tillitsvalde, oppnemnte tillitspersonar og tilsette, gjelder NIFs inhabilitetsregler.
§ 8 (Straffesaker)
For alle straffesaker gjelder NIFs lov kapittel 11 (NIFs Straffebestemmelser).
§ 9 (Årsmøte)
Det høgaste styringsorgan er årsmøtet, som skal haldast kvart år [7] i Februar månad.
Styret kallar inn til årsmøte minst 1 månad på førehand,[8] anten direkte til medlemmene eller ved kunngjering i pressa. Framlegg må vere sende til styret seinast 2 veker før årsmøtet.
Alle lagets medlemmer har kan møte på årsmøtet. Årsmøtet kan invitere andre personar og/eller media til møtet. Årsmøtet er vedtaksført dersom det møter eit tal røysteføre medlemer som minst tilsvarer talet på styremedlemmer.
Dersom årsmøte ikkje er vedtaksført kan det innkallast til årsmøte på nytt utan krav om minimumsdeltaking. Ingen har meir enn ei stemme, og stemmegiving kan ikkje skje ved fullmakt. På årsmøtet kan ikkje behandlast forslag om lovendring som ikkje er oppført på saklista seinast 1 veke før årsmøtet. Andre saker kan behandlast og avgjerast når 2/3 av de frammøtte krev det. Slik avgjer kan berre takast i samband med vedtak om godkjenning av sakliste[9].
§ 10 (Leiing av årsmøtet)
Årsmøtet skal leias av vald dirigent. Dirigenten treng ikkje å være medlem av laget.
§ 11 (Avstemning på årsmøtet)
Med mindre anna er bestemt er et vedtak avgjort med alminnelig fleirtal av dei gitte stemmene gyldig.
Val skal vera hemmelig dersom det er meir enn eit forslag eller det er fremma krav om det. Skal fleire velgast ved same avstemming, må stemmesetelen innehalde det tall forskjellige kandidatar som det skal velgast ved den aktuelle avstemming. Stemmesetlar som er blanke, eller som inneheld ikkje foreslegne kandidatar, eller anna tall kandidatar enn det som skal velgast, tel ikkje og stemmesetlane skal forkastast. Når et val føregår enkeltvis og ein kandidat ikkje oppnår meir enn halvparten av de gitte stemmer, foretas bundet omval mellom dei to kandidatane som har oppnådd flest stemmer. Står nokon likt etter omval, skal valet avgjerast ved loddtrekning.
Når det ved val skal velgast fleire ved ein avstemming, må alle ha meir enn halvparten stemmene. Dette gjelder ikkje ved val av vararepresentantar. Dersom ikkje tilstrekkelig mange kandidatar har oppnådd dette i første omgang, er dei vald som har fått meir enn halvparten av stemmene. Det foretas så bundet omval mellom dei andre kandidatane, og etter denne avstemminga er dei vald som har fått flest stemmer. Står nokon likt etter omval, skal valet avgjerast ved loddtrekning.
§ 12 (Årsmøtets oppgåver)
Årsmøtet skal:[10]
1. Velje dirigent.
2. Godkjenne innkallinga.
3. Velje 2 personar til å skrive under protokollen frå årsmøte
4. Godkjenne den oppsette saklista.
5. Behandle lagets årsmelding.
6. Behandle lagets regnskap i revidert stand.[11]
7. Behandle innkomne forslag.
8. Fastsette kontingent.
9. Vedta lagets budsjett.
10. Bestemme lagets organisasjon (jfr. § 16).
11. Val:[12]
a) Formann, nestformann og 3 medlemer av arbeidsutvalet med 2 varamedlemar [13]
b) Utdanningskontakt
c) 2 revisorar med 2 varamedlemer [14]
d) Representant i Idrettsrådet.
e) Utsendingar til ting og møter i dei organisasjonar laget er tilslutta
f) Valkomité med leder, 2 medlemmer og 1 varamedlem
12. Godkjenne dei gruppestyra som er valde.
Ved vala skal det veljast kandidatar/representantar frå begge kjønn. Sammensetinga skal være forholdsmessig i forhold til kjønnsfordelinga i medlemsmassen, dog slik at det skal være minst to representantar frå kvart kjønn. Dette gjelder ikkje i råd og utval m.m. som består av 3 eller færre medlemmer. Valperioden er normalt 2 år og bør tilpassast slik at ikkje heile styret er på val same året. Formann er på val kvart år.
§ 13 (Omframt årsmøte)
Omframt årsmøte vert halde når styret eller overorda idrettsorgan bestemmer det, eller når minst ein tredjedel av dei stemmeføre medlemmane krev det. Det vert innkalla på same måte som for ordinært årsmøte med minst 14 dagars varsel.
Omframt årsmøte kan berre handsame og ta avgjersle i dei sakene som er kunngjort i innkallinga.
§ 14 (Medlemsmøte)
Medlemsmøte vert halde når styret finn det naudsynt.
§ 15 (Styret)[15]
Laget vert leia av styret som er lagets høgaste styringsorgan mellom årsmøta.[16]
Styret er sett saman slik: Formann, nestformann, sekretær, kasserer og styremedlem (disse utgjer arbeidsutvalet og er alle valde av årsmøtet i laget), samt formann for kvar av dei gruppene som laget har skipa.
Styret skal:[17]
1. Setje i verk dei vedtak som vert gjort av årsmøtet og av overordna idrettsorgan.
2. Stå føre den daglege leiinga av laget og representere det utover. Ta i vare laget sine interesser i høve til det offentlege gjennom Idrettsrådet.
3. Vurdere laget sin trong for midlar. Fordele desse midlane til dei einskilde gruppene etter utarbeidde planar og godkjende budsjett. Tilskott frå det offentlege, inntekter frå ikkje-idrettsleg verksemd og lagskontingenten skal styret i laget disponere.
4. Nemne opp komitear, utval, personar for spesielle oppgåver etter behov og utarbeide
instruks for arbeidet disse skal utføre.
5. Administrere og føre nødvendig kontroll med lagets økonomi i høve dei
for idretten til ein kvar tid gjeldande reglar og instruksar.
Styret skal halde møte når formannen bestemmer det eller et fleirtal av styremedlemmene krev det. Styret er vedtaksført når eit fleirtal av styrets medlemmer er tilstades. Vedtak fattes med fleirtal av dei leverte stemmene. Ved likt stemmetal, teller møteleiarens stemme dobbelt.
Arbeidet i styret
1. Formannen har den daglege leiinga av laget. Han skal leie drøftingane i styret og lagsmøta, dersom ikkje anna er fastlagt. Han skal sjå til at adresseendringar, val og liknande som har interesse for krins og forbund vert melde. Formannen må saman med kasseraren og revisorane sende inn oppgåve over laget sine medlemer pr. 1. januar til overordna instansar.
2. Når formannen er fråverande, vikarierer nestformannen.
3. Sekretæren skal føre møtebok over alle styremøta, medlemsmøta og årsmøte. I samråd med formannen skal han føre korrespondansen for laget. Han skal dessutan ta seg av lagsarkivet.
4. Kasseraren pliktar å setje seg inn i dei instruksar og reglar som heile tida gjeld for idretten, og å føre rekneskap og oversikt over medlemane i samsvar med dei nemnde retningslinene. Styret avgjer kor stor sum kasseraren (heile tida) kan ha i kassa. Underkasserarar kan veljast dersom det er trong for det. Styret fastset namn på dei som kan tilvise utbetalingar og syter for at gyldig signatur vert levert til kontoførar (bankar, post og eventuelt andre).
5. Revisorane skal gå gjennom rekneskapen i samsvar med reglane for idretten. Regnskaps- og revisjonsbestemmingar av 17.02.1999 og laget sin kontoplan utarbeid i samsvar med vedtak i Idrettsstyret den 17.02.1999.
§ 16 (Grupper/avdelingar)[18]
Laget kan organiserast med avdelingar og/eller grupper. Disse kan leiast av oppnemnde tillitspersonar eller av valde styrer. Lagets årsmøte bestemmer skiping av avdelingar/grupper, og korleis disse skal vera organisert og leia. [19] For avdelingar/gruppers økonomiske plikter hefter heile laget, og avdelingar/grupper kan ikkje inngå avtaler eller representere laget utover utan styrets godkjenning.[20]
Dersom årsmøtet i laget har gjort vedtak om å skipe grupper, skal kvar gruppe leiast av eit gruppestyre på minst 3 medlemer: Formann, sekretær og materialforvaltar. Gruppestyret skal veljast av årsmøtet i gruppa og skal godkjennast av laget sitt årsmøte. For årsmøtet i gruppa gjeld vedtektenes § 9, § 10, § 11, § 12 og § 13 så langt dei passar. Gruppeårsmøtet skal haldast før årsmøtet i laget. Formannen i kvar gruppe er medlem av laget sitt styre, med ein annan medlem i gruppestyret som personleg varamann.
Gruppestyret har ansvar for gruppa sin økonomi overfor gruppeårsmøtet og lagsstyre. Gruppa sitt årsmøte kan vedta tilleggskontingent for særformål innan gruppa. Disse midlane vert å disponere av gruppestyret.
Gruppestyret skal handsame alle faglege saker som gjeld gruppa si idrettsgrein. Det skal kome med framlegg til lagsstyret om stemne og stå føre tekniske arrangement. I idrettstekniske saker som berre vedkjem gruppa, handlar gruppa sjølvstendig. Gruppestyret skal syte for å få fram medlemane til stemne, og om naudsynt ta ut deltakarar og sende melding til lagsstyret. Det skal sjå til at disiplin og lover vert haldne og sende melding til lagsstyret når nokon set seg ut over lovene. Gruppestyret legg fram for årsmøtet i laget melding om gruppa si verksemd, deltaking og plassering på stemne m.m.
§ 17 (Lovendring)
Endringar i denne lov kan berre vedtakast på ordinært eller omframt årsmøte etter å ha vore oppført på saklista (på innkallinga for omframt årsmøte), og det er krav om 2/3 fleirtal av dei leverte stemmene. Lovendringar må godkjennast av Idrettsstyret, og trer ikkje i kraft før dei er godkjent.
§ 18 kan ikkje endrast.
§ 18 (Oppløysing)
Oppløysing av laget kan berre handsamast på ordinært årsmøte. Blir oppløysing vedtatt med minst 2/3 fleirtal, skal det kallast inn til omframt årsmøte 3 månader seinare. For at oppløysing skal skje må vedtaket her gjentakast med 2/3 fleirtal.
Samanslåing med andre lag reknast ikkje som oppløysing av laget. Vedtak om samanslåing og nødvendige lovendringar i tilknyting til dette gjennomførast i samsvar med vedtektene om lovendring, jfr, § 17.
I tilfelle oppløysing eller annan opphøyr av laget tilfaller lagets eignelutar NIF eller formål godkjent av idrettskrinsstyret.
Ved oppløysing sendes lagets arkiv til idrettskrinsen.
Ref. Forklarande notar til vedtektene
Notar til vedtektene
[1] Jfr. NIFs lov §§ 2-2 og 10-5.
[2] Merk at idrettslaget bare kan være medlem av eit idrettsråd. Dersom lagets naturlige område strekker seg over meir enn ein kommune, må laget velje kva idrettsråd det skal tilhøyre.
[3] Når det står «kan bli tatt opp som medlem» tyder dette at ingen har krav på å bli medlem. Lovutvalet har uttalt at på bakgrunn av bestemmelsens tilblivelse, har et idrettslag rett til å avslå ein opptakssøknad i helt spesielle tilfeller, og et slikt avslag vil kunne ankes inn for Idrettsstyret. Som eksempel på avslagsgrunn kan være at medlemmet har avlagt positiv dopingprøve.
[4] Jfr. NIFs lov § 2-5.
[5] Et medlem kan avtale med laget at kontingenten skal betalast heilt eller delvis ved dugnad. Merk at styret har svært avgrensa adgang til å pålegge medlemmene dugnadsplikt.
[6] Jfr. NIFs lov § 2-6.
[7] Laget kan velje om årsmøtet skal haldast kvart år, eller om årsmøteperioden skal være 2 år.
[8] Jfr. NIFs lov § 2-8.
[9] Jfr. NIFs lov § 2-9.
[10] Listen over årsmøtets oppgåver i denne bestemmelsen er minimum av kva lagets lov skal innehalde. I tillegg kan andre oppgåver også leggast til årsmøtet.
[11] Regnskap og budsjett for idrettslag som er organisert med grupper eller avdelingar, skal omfatte henholdsvis regnskapa og budsjetta for disse avdelingane/gruppene. Dette føljer av at avdelingar og grupper i eit idrettslag aldri kan være juridisk og økonomisk sjølvstendige einingar, da laget elles ikkje lenger ville vært eit idrettslag. Se også § 16.
[12] Dette er minimum av dei tillitspersonar som skal veljast på årsmøtet. Det er ikkje noko i vegen for at årsmøtet i tillegg kan velje andre tillitspersonar som det er behov for.
[13] Talet på styremedlemmer og varamedlemmer vert fastsett ved vedtaking av lova. Det er ikkje noko i vegen for at styremedlemmene kan veljast til spesifikke oppgåver, såleis at man i staden for å velje 3 styremedlemmer kan velje f.eks. kasserer, sekretær og materialforvaltar.
[14] Idrettslag med omsetning på meir enn kr. 5.000.000,- plikter å ha engasjert revisor, jfr. regnskaps- og revisjonsbestemmelsene § 5-1.
[15] Styret kan bestå av andre enn de som er valde på årsmøtet, som f.eks. leder i gruppene o.l. Dette må i så fall presiserast i denne paragrafen.
[16] Denne høgaste mynde kan ikkje, verken heilt eller delvis, delegeres til andre organ/personar innan laget (det kan såleis ikkje lovfestes at representantskapet e.l. skal kunne overprøve styrets vedtak).
[17] Her er det tatt med minimum av dei oppgåvene som skal tilligge styret. Det er ikkje noko i vegen for at det kan fastsetjast at styret skal ha andre oppgåver i tillegg.
[18] I fylje § 12, nr.10 står årsmøtet fritt til å organisere laget slik det ynskjer i underavdelingar og/eller grupper. Disse kan få det namn årsmøtet ynskjer, og kan også være representert i lagets styre dersom årsmøtet bestemmer det. Det vert gjort merksam på at fleire særidrettslag kan være knyta saman i et felles allianseidrettslag, som har til oppgåve å være et felles organ for disse særidrettslaga. På denne måten vil laga ha et fellesskap gjennom allianselaget, samtidig som de beheld sin økonomiske og juridiske sjølvstende. I praksis vert slikt ordna med at medlemmene i særidrettslaga samtidig er medlemmer i allianselaget.
[19] Jfr. § 12, nr. 6.
[20] Dette inneber m.a. at det berre er lagets styre (hovudstyret der laget har grupper/avdelingar med egne styrer) som kan foreta tilsettingar og inngå sponsorkontraktar. |