Historie

28 april 2009
Skrevet av:

For å få med starten på historia til Idrottslaget Ravn må vi heilt attende til 1800 talet. Det norske samfunnet var då det som vi ofte omtalar som eit bondesamfunn. Bygdene i Vatne sokn (frå 1/1 – 1902 Vatne herad) var ikkje noko unnatak. Jordbruk og fiske var livsgrunnlaget i bygdene, med noko industri frå slutten av 1800 talet.Det var omgangsskule frå 1739 fram til skulelova av 16.mai 1860 endra dette ved å dele inn kommunen i skulekrinsar og sette krav til fast skule i særeget lokale når det var fleire enn 30 elevar i skulekrinsen. Skulen i Tennfjord heldt til på Tennfjordneset, i Pe-garden og seinare i Andersgarden før den kunne flytte inn i eige hus i 1888.På slutten av 1800 talet var det sterke politiske og nasjonalistiske straumar i folket og mellom anna den frilynde ungdomsrørsla vaks fram. I 1889 vart Ungdomslaget Samhald i Tennfjord skipa. Ungdomslaget fekk bruke kjellaren på den nye skulen til møta sine. I det miljøet som utvikla seg i U. L. Samhald rundt århundreskiftet fekk etterkvart ein del fysiske leikar og idrettsaktivitetar innpass. I den unge staten Noreg kan det hende at Nansen og Amundsen sine bragdar inspirerte medlemmane U. L. Samhald til å skipe ei idrettsgruppe i 1914. Denne gruppa vart skipa den 26. november og vart kalla Tennfjord Idrottslag. Vatne Idrottslag vart skipa i 1935 som ein avleggjar frå Vatne frilynde ungdomslag. Disse to laga hadde fleire nappetak og historiene frå fotballkampar og anna kappestrid er talrike. Etter krigen (1940 – 1945) etterlet tyskarane ei brakke (Breidablikk) oppe på Eidet som vart teken i bruk til Framhaldsskule. Dette er truleg ein av grunnane til at den gamle bygdestriden avtok og dei to idrettslaga vart slått saman i 1954.
Det vart sjølvsagt kraftige diskusjonar om namnet. På eit møte var det einkvan som kasta fram ”Ravn”, inspirert av fjellet mellom Vatne og Tennfjord. Framlegget vart akseptert og laget fekk namnet: Idrottslaget Ravn. (Ein liten kuriositet: Rett namn på fjellet frå gamalt av er nok ”Ramfloget”. På ein del nyare kart er namnet ”Ramnfloget” nytta, men namnet har nok ikkje noko med fuglen å gjera. Namnet på fjellet kjem av ram, ramsvart etter den svarte hammaren nedanfor varden sett frå Vatnesida; iflg. Johan Krogsæter. Det er i grunnen ikkje så nøye, namnet på laget vart I.L.Ravn og det er eit glimrande namn på eit idrottslag!)Tida etter samanslåinga var ein svært aktiv periode og samarbeidet mellom bygdene bar etter kvart frukter. I 1965 vart Ravn stadion på Eidsvikeidet teken i bruk. Der har fotballen rulla jamt kvart einaste år i sommarhalvåret med deltakarar i alle aldrar.(Ravn stadon vart nytta som heimebane av Ellingsøy i ein periode før dei fekk orden på bana på Nes).

”Ravnflogbakken” stod ferdig til bruk nokre år seinare og i storbakken der har storhopparar som Ingolf Mork, Hans Jørgen Næss og Trond Einar Elden med fleire sveva nedover mot overgangen. Andre lokale ”hoppheltar” med framifrå (inn)sats i Ravnflogbakken kan nemnast: Helge og Jarle Førde frå Langevåg, Jon Olav Kriken frå Volda og Per Arne Aase frå Ravn, alle saman kjende namn frå andre kulturarenaer. Skiaktiviteten i laget har svinga ein del, styrt av det noko ustabile vinterværet vi har på våre kantar, men eit år (1969 eller 1970) var det over 70 deltakarar i klubbmeisterskapen i hopp! Relatert til storleiken på bygdene må det kunne kallast breiddeidrett! Aktiviteten i laget i dag er relativt god og størst mellom dei yngste. Fotballgruppa og trimgruppa er nok størst i tall, men det er og god aktivitet i skigruppa, idrettsskulen og i det ferskaste skottet på stammen: Volleyball.

Med tradisjonar attende i 1880-åra og flott trakkemaskin tek I.L. Ravn sats og lagar nye spor inn i det hundreåret, ja tusenåret, vi nyss har starta på.
Styret i Idrottslaget Ravn ynskjer gamle og nye medlemmar velkommen til leik og kappestrid i organiserte og sunne former. Det er vårt ynskje og mål at laget skal vera ein viktig medspelar i utviklinga av eit godt bumiljø i bygdene våre. Til dette trengst det ungar, engasjerte foreldre og besteforeldre som ynskjer å leggje til rette for mangfaldig fysisk aktivitet. Trivsel er grunnlaget for eit godt bu og oppvekstmiljø. Det er viktig å ”trene på å trivast” og den ”treningsøkta” tek vi i Idrottslaget Ravn.

Velkommen til I.L.Ravn
Styret

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Banekalender

banekalender