Alle idrettslag pliktar å føre elektroniske medlemslister i idrettens nasjonale medlemsregister i tråd med retningslinjer gitt av Idrettsstyret.
I 2015 legg IL Ravn om innkrevjinga frå Klubben Online til Klubbadmin og går over til å bruke KID. Det gjer det lettare å halde medlemsregisteret oppdatert.
Det betyr at kontigenten anten kan betalast i nettbanken eller via ei betalingsløysing som Buypass tilbyr i Min Idrett , som er Norges Idrettforbunds teneste for ein enklare kvardag for idrettens medlemmar.
Medlemmer i Ravn må gå inn på Min Idrett og registrere seg der for at systemet skal fungere optimalt.
Medlemskontigenten i IL Ravn vil i 2015 bli kravd inn i mai. Seinare år vil vi forsøke å få den ut tidlegare på året.
Vaksne: kr. 300,00
Born: kr 100,00
Familiemedlemsskap: kr. 400,00
Støttemedlem: kr. 100,00