Etter at Skodje slo HaNo 0-2 borte Søndag måtte Ravn ta poeng mot Lepsøy for å opprettholde en luke i toppen av 6. Divisjon. 8-2 siger sørget for at a-laget tok sin femte strake siger, og no topper tabellen aleine etter halvspelt serie.
Lagoppstilling: Holger Tovås – Øystein Tennfjord, Emil Naalsund, Thomas Bjørlykhaug (C), Ole Johan Urke – Noah Blindheim, Eirik Tomren, Matias Mork Vatneødegård – Per Stian Alvestad, Nikolas Fjørtoft, Rasmus Gjelstenli.
A-laget kunne innkassere 3 nye poeng heime mot Lepsøy takket være mål av Matias Vatneødegård (2), Ole Johan Urke (1), Øystein Tennfjord (2), Tobias Aarseth Heggem (1) og Per Stian Alvestad (1) og Nikolas Fjørtoft (1). Spelande trenar Eirik Tomren sa før kampen at hovudfokus var å spele ball, spele effektiv og fin fotball. Gutta fulgte opp til punkt å prikke.
Eirik Tomren hadde dette å seie etter kampen:
– Godt gjennomført kamp av guttane, ein solid første omgang med 5-0 til pause. Mykje god fotball. I tillegg får vi mange gode innhopp fra benken, med friske bein som virkelig byr på seg sjøl. Solid 8-2 seier på heimebane! Vi sikta mot ny heimekamp neste veke med mykje publikum på Ravn Stadion.
Kanonomgang
Spelemessig var a-laget klart best med mange fine angrep mot et Lepsøy-lag som sleit med å kome til dei største sjansane. Allereie etter 4 minutt kunne Ravn juble for si første scoring for kvelden, da eit flott angrep endte med at Nikolas Fjørtoft fekk straffe. Straffeskytter Matias satte ballen iskaldt i mål til høgre for keeper, og meir jubel skulle det bli. Ein corner fra Ravns venstre side blir slått inn og klarert ut, før Øystein Tennfjord viser klasse og brenn av fra 20 meter. Ballen suser inn i motsatt hjørne og 2-0 er eit faktum. Øystein er derimot ikkje ferdig for kvelden, og etter 20 minutter spel er han igjen involvert. Øystein blir spelt igjennom og legg ballen ut på 16 meter til Matias ,som igjen er sikker som banken. 3-0.
Ravn-gutta fortsetter å male på, og etter 31 minutter er Ravn igjen farlige fremover. Ole Johan mottar ballen på 13 meter, vender av ein mann og smell ballen opp i nettaket til 4-0.
Kveldens mann, Øystein Tennfjord, er igjen frampå. Han troner ein solid 1. omgang på Ravn stadion med å sette opp Ravns neste scoring. Han kjem på eit langt løp opp langs venstre side, rundar ein forsvarer heilt nede med linja, og på lekkert vis banker ballen i mål mellom beina på keeper. Ravn leder 5-0 til pause.
Bildetekst: Øystein med årsbeste heime mot Lepsøy. Med to mål og ein målgivende i første omgang kom fotballgenene (truleg frå mor-sida) fram.
Roligere etter pause
Etter pause fortsatte Ravn å trille ball, utan at dette gav dei største sjansar. Først etter 56 minutter fekk Ravn si neste scoring. Denne gang signert Per Stian Alvestad. Ravn vinn ballen på eigen halvdel ved Noah Blindheim, som igjen leverer ein solid kamp i Ravn-drakta. Han spelar igjennom Per Stian, som gjer ingen feil og set ballen hardt i nærmeste hjørne.
Etter dette blir Ravn litt sløvare i banespelet, og klarer ikkje å halde trykket oppe. Så er det Lepsøy sin tur. Lepsøy vinner ballen på høgre side, og slår eit fantastisk innlegg til nummer 8 Alexander Eide. Han header ballen i det lengste hjørne bak Ravn-keeper Holger Tovås. Etter reduseringa jobbar Ravn fortsatt hardt for å halde kampen i sitt spor. Nikolas Fjørtoft har igjennom heile kampen hatt flere store sjanser uten at dette gav uttelling. Det skal i midler tid løsne, då scoringa endeleg kjem for superspissen. Nikolas gjer det meste sjølv i duell med ein forsvarar, og setter ballen hardt langs bakken til 7-1.
Gode innbyttere
Tobias Aarseth Heggem har tilbragt dei siste 4 vekene på sjøen og fikk sin debut i Ravn-trøya etter 65 mintt. Den tidligere AaFK-spelaren brukte bare 4 minutter på å markere seg og skyter fra 28 meter. Skuddet er knallhardt og setter den nede i venstre hjørnet til 8-1. Ravn sine innbytta var svært friske når dei kom inn på bana. Blant dei var Torjus Vatne, Sindre Fjørtoft, Anders Havnsund Urkedal, Christian Vestre og Jørn Heggelund. Torjus hadde mange gode involveringer, og kunne satt sitt andre mål for a-laget om ikkje det hadde vore for ei god blokkering av bortelaget.
Etter dette blir det store rulleringar på Ravn-laget. Dette, i tillegg til ei solid leiing, gjer at heimelaget slepp seg litt ned. Lepsøy fastsetter sluttresultatet til 8-2 etter 81 minutter, der Alexander Eide scorar sitt andre for kvelden etter litt rot i Ravns forsvar.
Tøffe kamper i vente
Ravn leiar serien etter fem serierunder, men det kjem mange tøffe kampar framover. Neste kamp er allerede Onsdag 22. September klokken 18:30 heime mot Fjørtoft. Det kjem til å bli en spennende kamp med to kompakte lag som har slept inn lite mål. Møt opp og støtt gutta i jakten på poeng!