IL Ravn Arkiv

A-laget klar for 5. divisjon!

13 oktober 2021
Skrevet av:

Utgangspunktet før kampstart var klokkeklart: Skodje måtte ha poeng på Ravn Stadion for å halde lov i draumen om opprykk, mens Ravn kunne med siger rykke opp til 5. divisjon. Ravn kunne sleppe jubelen laus etter ein maktdemonstasjon etter kvilen.

Ravn – Skodje (0-0) 4-0.

Lagoppstilling: Holger Tovås – Øystein Tennfjord, Andreas Holen, Emil Naalsund, Ole Johan Urke – Noah Blindheim, Eirik Tomren, Matias Mork Vatneødegård (2) – Nikolas Fjørtoft (C) (2), Rasmus Gjelstenli, Jørgen Skarbø.

Ravn kunne sleppe jubelen laus etter 4-0 siger heime på Ravn Stadion, men Skodje ga seg ikkje utan kamp. To mål av Matias Vatneødegård og Nikolas Fjørtoft blei tunga på vektskåla i toppkampen på Eidet. Første omgang vart ein jamnspelt omgang, der begge laga kunna ha scora både eit og to mål. Heimelaget skapte mange gode sjangsar, men verken Nikolas på frispark, Rasmus halvveis åleine med keeper eller Matias´giftige venstrefot klarte å trenge igjennom Skodjes sisteskanse. Laga gjekk til pause på stillinga 0-0.

Fyrverkeriomgang

Det virka som Ravn fekk ei vitamininnsprøytning i pausepraten. Laget som kom på bana i kvite drakter gjekk rett i strupen på Skodje, og rulla opp fleire gode angrep. Etter 53 minutter gjorde Rasmus ei god vending, blei takla inne i 16-meteren og fekk straffe. Straffe-skyttar Nikolas Fjørtoft er sikker og sett straffa knallhardt nede til høgre. Ravn har så vidt starta festfotballen og eit frispark frå Matias går via stolpen og inn. Bror Even meinar han var på den før den gjekk inn, og spørsmålet er om tvilen skal kome tiltalte til gode denne gongen. 

Rasmus, som leverte ein knallsterk kamp på høgresida, blir spelt igjennom og slår eit hard innlegg langs bakken. Matias er igjen frampå og kan sette sitt andre for kvelden, 3-0 etter 75. minutt. Ravn held trykket oppe etter 81 minutt kan Ravn igjen sleppe jubelen laus. Igjen er Rasmus involvert og denne gang med eit strålende raid langs dørlinja. Nytt hardt innlegg treffet Nikolas som kan sette inn 4-0. Etter dette klarer Skodje aldri å svare. 4-0 vert sluttresultatet og Ravn a-lag er klare for 5.divisjon. 

Eirik Tomren har leiia laget sitt til opprykk på første forsøk og han, saman med mange andre, har gjort ein strålande innsats i heile år. Neste og siste seriekamp er borte på Lepsøy Onsdag 20. Oktober.

GRATULERER ALLE! 

Toppkamp på Ravn Stadion!

10 oktober 2021
Skrevet av:

Etter at Ravn slo HaNo heime sist veke og Skodje tapte ein jamn kamp mot Fjørtoft, må Skodje ta poeng på Ravn Stadion kommande onsdag. Dersom Ravn vinn heimekampen er dei klare for 5. divisjon neste sesong! 

For ordens 

A-lagets målsetning før sesongen var å kjempe i toppen av 6. divisjon, og visste at dette ville bli hardt. Forventningane er så langt innfridd med mange slitekampar, mål rett før slutt, raude kort og straffespark. Ravn har kome seirande ut i mange jamne kampar med unntak av ein heimekamp, der eit redusert Fjørtoftlag kjempa Ravn i kne. 

Før sesongen sa kaptein Thomas Bjørlykhaug dette til Nordre:  – Vi må våge å vere så store i kjeften at vi skal kjempe topp 3 i år. Kapteinen har holdt ord og har leia laget sitt til toppen av 6. divisjon to rundar før slutt!

Kommande Onsdag 13. Oktober kjem Skodje på besøk på Ravn Stadion. Dei har 18 poeng, 3 poeng bak Ravn. Dersom Ravn vinn mot Skodje, vil det være 6 poeng ned til andreplassen med ein kamp igjen. Eirik Tomrens mannskap kan i så fall feire opprykk til 5. divisjon. Dette vil være opprykk på første forsøk for den unge trenaren. 

– Vi forventar ein kamp der Skodje mobiliserer med alt dei har. Det blir en klisje, men at vi skal spele kampen og ikkje anledninga. Vi kjem til å ha fullt fokus på oss sjølve og våre oppgaver. Det ikkje er ofte det er opprykkskamp på Ravn Stadion så vi håper at folk kjem og støttar A-laget i eit avgjerande lokaloppgjer, seier Eirik Tomren. 

Sist laga møttast var på Skodje tidligare i år. Der tok Ravn med seg eit 1-3 resultat i ein spelmessig svak kamp der ingen av laga fekk til å spele sitt eige spel. Dette håpar Ravn å gjere noko med kommande onsdag. 

Kampen startar 18:30 og a-laget treng all støtte dei kan få! 

 

 

A-laget tilbake på vinnersporet

29 september 2021
Skrevet av:

Etter eit surt tap heime mot Fjørtoft sist veke, fekk A-laget seg ein opptur i 3-2 sigeren borte mot Harøy. 

Lagoppstilling: Holger Tovås – Øystein Tennfjord, Andreas Holen, Thomas Bjørlykhaug (C), Ole Johan Urke – Noah Blindheim, Eirik Tomren, Matias Mork Vatneødegård – Torjus Vatne, Tobias Aarseth Heggem, Rasmus Gjelstenli.

Det var eit tent Ravn A-lag som tok ferga ut til Harøy Onsdag. Harøy har hatt ei stigane kurve siste kampane, og a-laget var klar på at dette ville bli ei tøff batalje. Tøft blei det. 

Jamn 1. omgang

Ravn starta kampen best, og hadde mange gode forsøk. Det blei trilla opp angrep etter angrep men verken Torjus Vatne, som igjen gjorde ein svært god kamp i Ravn-trøya, Tobias Aarseth Heggem eller Rasmus Gjelstenli klarte å sette ballen inn bak Harøy-målvakt Thomas Gjerde. I det 21. speleminutt fekk endelig Ravn satt si første scoring for kvelden. Ein corner fra venstre blei klarert ut, Ole Johan Urke fangar opp ballen på hjørne av Harøy sin 16-meter og smeller ballen knallhardt inn. Harøy gjer ei god redning på strek, før Matias Mork Vatneødegård har har den lengste tåa og setter fortjent 1-0 til Ravn. Harøy kjem meir inn i kampen etter Ravn si 1-0 scoring, og får raskt uttelling. Ravn sitt forsvar slit med å få klarert ein ball etter eit langt oppspel, og der snapper ein Harøy-spelar opp ballen og skyt ballen hardt langs bakken. Ballen får ein fin bue, og ballen trillar inn til venstre for keeper Holger Tovås. Laga går til pause på 1-1.

Ravn best i 2. omgang

Ravn får ein god start på 2.omgang når Ravn får straffe etter 30 sekund ut i omgangen. Ein hands gjer at Matias er frampå med sitt andre mål for kvelden, og setter straffa iskaldt ned til høgre for keeper. Etter dette er Ravn det førande laget og når Ole Johan Urke setter 3-1 etter 57 minutter verkar det som om Ravn har god kontroll. Ravn gjer nokre bytter, og har fortsatt god kontroll på alt som kjem i mot. Harøy setter inn ein sluttspurt og får satt sitt andre for kvelden etter 79 minutt. Eit lang innkast ender med litt klabb og babb. Holger er på ballen, men klarer ikkje å forhindre 2-3, som også blir sluttresultatet.

 

 

 

 

Bildetekst: Målscorerane borte mot Harøy. Matias (til venstre) og Ole Johan Urke (til høgre). 

 

 

– I dag gjer vi ein solid bortekamp og gjer ein god laginnsats mot eit godt lag. Spelmessig er vi bedre i den andre omgang enn første, men det viktigaste er å reise seg att etter tap sist, seier spelande trenar Eirik Tomren etter kampslutt.

HaNo heime neste

Ravn tek med seg 3 fortjente poeng heim til Ravn Station og leiiar fortsatt serien med bedre målforskjell enn Skodje. Skodje slo Lepsøy 0-4 borte, og det er heilt åpent i toppen av 6. divisjon. Neste veke ventar ein ny tøff kamp heime mot HaNo. HaNo, som a-laget slo 3-2 borte tidligare i år, kjem med revansjelyst og lyst til å spele god fotball. HaNo kjem frå ein sterk 3-3 kamp borte mot Fjørtoft. 

Møt opp på Ravn Stadion kommande Onsdag 06. Oktober klokka 18:30! 

Skuffande tap for A-laget

22 september 2021
Skrevet av:

Ravn a-lag ledet 3-0 og var ein mann meir på bana, så raknet det fullstendig. 

Etter å ha tatt 15 av 15 poeng så langt i år, måtte Ravn så seg slått av Fjørtoft. Ravn viste dette ville ein tøff heimekamp, og fekk rett. Fjørtoft er gode når dei kan trille ball på sin måte, og det fekk dei til i første omgang. Ravn trillet opp fleire gode angrep, men siste tredjedelen var mindre upresis kombinert med at Geir Roar Gamlem stod ein solid kamp for kvilen. Mads Even Hatlehol, som studerer i Bergen, leverte ein solid kamp på midtbana utan at dette resulterte i nokon nettkjenningar før pause. 

Rødt kort

Etter at Fjørtoft hadde kontroll på Ravn første 15 minutta av kampen, var det raske kantar på Ravn som skapte problem, og hadde fleire gode løp. Jan Tore Fjørtoft fekk sitt andre gule kort etter 43 minutter etter ein duell med Rasmus. Laga gjekk til pause på stillinga 0-0, og Fjørtoft med 10 mann.

God start på 2. omgang 

Det virka som om pausepraten til Ravn gjekk rett heim, og Ravn starta klart best. Etter 47 minutter kontrer Ravn og Fjørtoft må klarere til corner. Matias er våken og tar den raskt, Fjørtoft følger ikkje med og Rasmus kan enkelt sette inn 1-0. Etter dette ser Ravn seg ikkje tilbake og spelar fin angrepsfotball. 2-0 er signert Christian Vestre, der Ravn spelar seg igjennom eit litt passivt Fjørtoft-forsvar. 

Øystein Tennfjord setter 3-0 etter eit sugande løp frå eigen halvdel, og med 3-0 etter 63 minutt spelt virker det som det skal bli nye 3 poeng til heimelaget. 

Rullgardina går ned og lyset slokkes

Etter 3-0 virker det som Ravn meinar kampen er over. Med ein mann meir på bana og ein 3-0 ledelse skal det å sikre ein siger være det lettaste i verden. Den gang ei. Fjørtoft har ikkje gitt opp, og etter at Hans Nordang setter eit straffespark heilt nede med stolperota, får Fjørtoft blod på tann. Ravn mister det totalt, og klarer ikkje å halde laget samla. Thomas Gjøsund setter Fjørtofts andre mål til 2-0 før Vegard Nybø setter inn utlikninga til 3-3. Etter 3-3 går Fjørtoft for alle tre poenga, og med eit passivt Ravn-lag er 3-4 eit faktum. Thomas Gjøsund setter sitt andre for kvelden, og 3 poeng er sikra for Fjørtoft.

A-laget reiser seg

Steminga i garderoba etter tapet var iskald, men ein ting gjekk igjen hos samtlige: vi skal reise oss igjen, i lag. Neste kamp er allereie neste Onsdag borte mot Harøy og det blir eit tent a-lag som tar fergeturen ut på Harøya. 

 

A-laget møter Fjørtoft heime

21 september 2021
Skrevet av:

Etter fire strake tap for Fjørtoft sidan serieåpninga fekk dei seg ein etterlengta siger mot Harøy. Onsdag 22. september gjestar dei Ravn stadion.

Ravn sitt A-lag har starta sesongen plettfritt og står med 15 av 15 poeng når 5 av 10 kampar er spelt. Kommande onsdag kjem Fjørtoft på besøk og med bortekampen på Fjørtofta i første runde godt i minnet vert det ingen enkel oppgave for Ravn. Ravn har ein solid statistikk på heimebane i år (18-3), men historisk sett blir ikkje oppgjera mot Fjørtoft like målrike.

Sist laga målte krefter var det eit nervøst Ravn-lag som møtte opp på Fjørtofta. Ravn blei spelande mot eit defensivt Fjørtoft-lag, som hadde ein tydelig kampplan. Eit langskot frå Emil Naalsund var einaste forskjellen på laga den gang (0-1), men Fjørtoft viste seg farlige framover på banen mange gonger. 

Når dei no gjestar Ravn Stadion er det ikkje venta at det blir nokke enklare for Ravn. Fjørtoft har fått maskineriet i gong, og det vil bli ein tøff batalje. Ravn må levere ein nok ein solid heimekamp denne gongen om det skal bli igjen poeng på Ravn Stadion.

Ravn sitt A-lag treng all støtte som er mulig å skaffe, så møt opp og støtt gutta! Det blir open kiosk og god underholdning! 

Ravn sine siste kamper (pauseresultat):

  • Ravn – Lepsøy (5-0) 8-2
  • Skodje – Ravn (1-1) 2-3
  • HaNo – Ravn (0-2) 2-3
  • Ravn – Harøy (4-0) 10-0
  • Fjørtoft – Ravn (0-0) 0-1

Fjørtofts siste kamper:

  • Fjørtoft – Harøy (4-0) 4-2
  • Lepsøy – Fjørtoft (0-0) 2-1
  • Fjørtoft – Skodje (0-0) 0-4
  • HaNo – Fjørtoft (1-1) 3-2
  • Fjørtoft – Ravn (0-1) 0-1

 

 

 

 

Fem strake for A-Laget!

15 september 2021
Skrevet av:

Etter at Skodje slo HaNo 0-2 borte Søndag måtte Ravn ta poeng mot Lepsøy for å opprettholde en luke i toppen av 6. Divisjon. 8-2 siger sørget for at a-laget tok sin femte strake siger, og no topper tabellen aleine etter halvspelt serie.

Lagoppstilling: Holger Tovås – Øystein Tennfjord, Emil Naalsund, Thomas Bjørlykhaug (C), Ole Johan Urke – Noah Blindheim, Eirik Tomren, Matias Mork Vatneødegård – Per Stian Alvestad, Nikolas Fjørtoft, Rasmus Gjelstenli.

A-laget kunne innkassere 3 nye poeng heime mot Lepsøy takket være mål av Matias Vatneødegård (2), Ole Johan Urke (1), Øystein Tennfjord (2), Tobias Aarseth Heggem (1) og Per Stian Alvestad (1) og Nikolas Fjørtoft (1). Spelande trenar Eirik Tomren sa før kampen at hovudfokus var å spele ball, spele effektiv og fin fotball. Gutta fulgte opp til punkt å prikke.

Eirik Tomren hadde dette å seie etter kampen:

– Godt gjennomført kamp av guttane, ein solid første omgang med 5-0 til pause. Mykje god fotball. I tillegg får vi mange gode innhopp fra benken, med friske bein som virkelig byr på seg sjøl. Solid 8-2 seier på heimebane! Vi sikta mot ny heimekamp neste veke med mykje publikum på Ravn Stadion.

Kanonomgang 

Spelemessig var a-laget klart best med mange fine angrep mot et Lepsøy-lag som sleit med å kome til dei største sjansane. Allereie etter 4 minutt kunne Ravn juble for si første scoring for kvelden, da eit flott angrep endte med at Nikolas Fjørtoft fekk straffe. Straffeskytter Matias satte ballen iskaldt i mål til høgre for keeper, og meir jubel skulle det bli. Ein corner fra Ravns venstre side blir slått inn og klarert ut, før Øystein Tennfjord viser klasse og brenn av fra 20 meter. Ballen suser inn i motsatt hjørne og 2-0 er eit faktum. Øystein er derimot ikkje ferdig for kvelden, og etter 20 minutter spel er han igjen involvert. Øystein blir spelt igjennom og legg ballen ut på 16 meter til Matias ,som igjen er sikker som banken. 3-0. 

Ravn-gutta fortsetter å male på, og etter 31 minutter er Ravn igjen farlige fremover. Ole Johan mottar ballen på 13 meter, vender av ein mann og smell ballen opp i nettaket til 4-0. 

Kveldens mann, Øystein Tennfjord, er igjen frampå. Han troner ein solid 1. omgang på Ravn stadion med å sette opp Ravns neste scoring. Han kjem på eit langt løp opp langs venstre side, rundar ein forsvarer heilt nede med linja, og på lekkert vis banker ballen i mål mellom beina på keeper. Ravn leder 5-0 til pause.

 

 

 

 

Bildetekst: Øystein med årsbeste heime mot Lepsøy. Med to mål og ein målgivende i første omgang kom fotballgenene (truleg frå mor-sida) fram.

Roligere etter pause

Etter pause fortsatte Ravn å trille ball, utan at dette gav dei største sjansar. Først etter 56 minutter fekk Ravn si neste scoring. Denne gang signert Per Stian Alvestad. Ravn vinn ballen på eigen halvdel ved Noah Blindheim, som igjen leverer ein solid kamp i Ravn-drakta. Han spelar igjennom Per Stian, som gjer ingen feil og set ballen hardt i nærmeste hjørne. 

Etter dette blir Ravn litt sløvare i banespelet, og klarer ikkje å halde trykket oppe. Så er det Lepsøy sin tur. Lepsøy vinner ballen på høgre side, og slår eit fantastisk innlegg til nummer 8 Alexander Eide. Han header ballen i det lengste hjørne bak Ravn-keeper Holger Tovås. Etter reduseringa jobbar Ravn fortsatt hardt for å halde kampen i sitt spor. Nikolas Fjørtoft har igjennom heile kampen hatt flere store sjanser uten at dette gav uttelling.  Det skal i midler tid løsne, då scoringa endeleg kjem for superspissen. Nikolas gjer det meste sjølv i duell med ein forsvarar, og setter ballen hardt langs bakken til 7-1. 

Gode innbyttere

Tobias Aarseth Heggem har tilbragt dei siste 4 vekene på sjøen og fikk sin debut i Ravn-trøya etter 65 mintt. Den tidligere AaFK-spelaren brukte bare 4 minutter på å markere seg og skyter fra 28 meter. Skuddet er knallhardt og setter den nede i venstre hjørnet til 8-1. Ravn sine innbytta var svært friske når dei kom inn på bana. Blant dei var Torjus Vatne, Sindre Fjørtoft, Anders Havnsund Urkedal, Christian Vestre og Jørn Heggelund. Torjus hadde mange gode involveringer, og kunne satt sitt andre mål for a-laget om ikkje det hadde vore for ei god blokkering av bortelaget.

Etter dette blir det store rulleringar på Ravn-laget. Dette, i tillegg til ei solid leiing, gjer at heimelaget slepp seg litt ned. Lepsøy fastsetter sluttresultatet til 8-2 etter 81 minutter, der Alexander Eide scorar sitt andre for kvelden etter litt rot i Ravns forsvar. 

Tøffe kamper i vente 

Ravn leiar serien etter fem serierunder, men det kjem mange tøffe kampar framover. Neste kamp er allerede Onsdag 22. September klokken 18:30 heime mot Fjørtoft. Det kjem til å bli en spennende kamp med to kompakte lag som har slept inn lite mål. Møt opp og støtt gutta i jakten på poeng!

 

 

A-Laget med sterk borteseier i toppkamp mot Skodje

08 september 2021
Skrevet av:

Nikolas Fjørtoft scoret tre mot Skodje og sørget for at Ravn er aleine på toppen av 6. divisjon.

Lagoppstilling: Holger Tovås – Øystein Tennfjord, Emil Naalsund, Thomas Bjørlykhaug (C), Ole Johan Urke – Noah Blindheim, Even Mork Vatneødegård, Matias Mork Vatneødegård – Per Stian Alvestad, Nikolas Fjørtoft, Rasmus Gjelstenli.

Skodje og Ravn stod begge med 9 poeng før kveldens toppkamp i regnværet på Skodje. Heimelaget kom best ut av startblokkene og satte raskt press på eit litt nervøst Ravn-mannskap. Etter 8-9 minutter fekk Ravn ridd av den verste stormen, og tok meir og meir over spelet. Det skulle gå 37 minutter før Ravn fekk hull på byllen. Nikolas satte eit flott frispark i mål, og Ravn gjekk opp i 0-1. Etter scoringa våknet heimelaget og fekk etablert eit trykk på et stresset bortelag. Eit minutt før pause var det Skodje sin tur. Et langt oppspill, litt klabb og babb i bakre rekker hos Ravn sørget for at Skodje kom igjennom og la 45 grader ut. Der kom hjemmelagets Eivind Erstad på eit løp og satt 1-1 utakbart i venstre hjørne bak Holger Tovås.

Rotete 2. omgang

Ingen av laga kan skilte med godt spel i flomlyset på Skodje stadion. Mange lange baller gjorde at spelet vart oppstykka, og dermed var det til slutt dødballene som vart avgjerande. 2. omgang var kun 45 sekunder gamal når Nikolas satte sitt andre frispark for kvelden. Skodje laga eit litt unødvendig frispark, og Nikolas stiller seg opp. Nikolas setter frisparket hardt langs bakken nede i sitt venstre hjørne, 1-2!  Heimelaget var klart best etter at Ravn tok leiinga, og var nære på flere gonger. Ravn laga mange frispark i farleg posisjon, som kan være svært skummelt mot eit godt dødball-lag som Skodje. 

Skodje var svært nære utligning etter 64 minutter, der heimelagets spiss gjør en god heading, ballen spretter hardt i bakken og via tverrliggeren og ut. Hjemmelaget setter press på Ravn, men klarer ikkje å sette ballen bak Holger i buret til Ravn. 

Dramatiske sluttminutter

Etter 80 spilte minutter er det dramatikk på Skodje stadion. Heimelaget slår langt opp og der kjem Ravns kaptein Thomas Bjørlykhaug i duell med en Skodje-spiller. I en 50/50-duell smeller Thomas i bakken og blir liggande. Det ser i utgangspunktet udramatisk ut, men når Thomas blir liggande uten å bevege seg, reagerer alle spillerene rundt. Etter 10 sekunder med stor usikkerhet er det kontakt med Thomas, og han klarer å gå ut av banen for egen maskin. Heimelaget fortsetter å sette Ravn under press dei kommende minuttene uten uttelling. 

Hat-tricket komplett

Ravn slit med å skape sjanser, så i dag var det dødballenes dag på Skodje stadion. Etter 87 minutter spilt er Ravn på en sjelden visitt høyt i banen og får frispark. Øystein Tennfjord legger eit strøkent innlegg på første stolpe og der dukker kveldens mann opp: Nikolas. Med ein stuss på hovudet går ballen inn bak Skodjes sisteskanse, 1-3! Nikolas setter sitt tredje for kvelden, som også blir sluttresultatet. 

Onsdag 15. September kjem Lepsøy på besøk på Ravn stadion klokken 18:30. Kan A-laget følge opp med fem strake seiere?

Grasrottrenerkurs Del 1 for trenere og lagledere

10 mai 2021
Skrevet av:
18-19 juni har vi invitert kretsen til å holde et internt trenerkurs på Ravn Stadion.
 
Dette kurset er det første av dei tre grasrottrenerkursa til NFF og gir en grunnleggende innføring i trene og lede lag i barnefotballen. Kurset er over 16 timer og består av 3 moduler som hver er satt sammen av e-læring, klasseromsundervisning og praksisøkt på feltet. Kurset passer for både ferske og erfarne trenere og lagledere.
 
IL Ravn oppfordrer alle som ikke har kurset fra før, eller som ønsker en oppfriskning, om å melde seg på slik at vi øker kompetansen på trener- og lagledersiden i klubben ytterligere. I tillegg er det veldig sosialt og kjekt! 😄
 
Kurseavgiften blir dekt av IL Ravn.
 
Kursdagene blir:
Fredag 18 juni kl.1700-2100.
Lørdag 19 juni kl.1000-1600.
 
Påmelding gjøre her: https://www.fotball.no/kurs/kurs/?fiksId=5005156  

Macron Vårkampanje

16 april 2021
Skrevet av:

Periode 16. april til 15. mai 2021

Les meir »

Styret i fotballgruppa kaller inn til årlig møte, søndag 14. mars kl 18:00

07 mars 2021
Skrevet av:

På grunn av Covid 19 vil møtet bli avholdt på Teams. Send epost til fotball@il-ravn.no for å
melde deg på. Det vil bli sendt ut link til alle påmeldte i forkant av møtet. Saksdokumenter er sendt på epost til alle medlemmer i IL Ravn fotball.

Du finner også saksdokumentene nedenfor:

Saksliste

Resultatregnskap – 2020 avdeling Fotballgruppa(2)

Årsregnskap med noter 2020

Budsjett 2021

Årsberetning

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Banekalender

banekalender