Daglig arkiv: 13 oktober 2021

A-laget klar for 5. divisjon!

13 oktober 2021
Skrevet av:

Utgangspunktet før kampstart var klokkeklart: Skodje måtte ha poeng på Ravn Stadion for å halde lov i draumen om opprykk, mens Ravn kunne med siger rykke opp til 5. divisjon. Ravn kunne sleppe jubelen laus etter ein maktdemonstasjon etter kvilen.

Ravn – Skodje (0-0) 4-0.

Lagoppstilling: Holger Tovås – Øystein Tennfjord, Andreas Holen, Emil Naalsund, Ole Johan Urke – Noah Blindheim, Eirik Tomren, Matias Mork Vatneødegård (2) – Nikolas Fjørtoft (C) (2), Rasmus Gjelstenli, Jørgen Skarbø.

Ravn kunne sleppe jubelen laus etter 4-0 siger heime på Ravn Stadion, men Skodje ga seg ikkje utan kamp. To mål av Matias Vatneødegård og Nikolas Fjørtoft blei tunga på vektskåla i toppkampen på Eidet. Første omgang vart ein jamnspelt omgang, der begge laga kunna ha scora både eit og to mål. Heimelaget skapte mange gode sjangsar, men verken Nikolas på frispark, Rasmus halvveis åleine med keeper eller Matias´giftige venstrefot klarte å trenge igjennom Skodjes sisteskanse. Laga gjekk til pause på stillinga 0-0.

Fyrverkeriomgang

Det virka som Ravn fekk ei vitamininnsprøytning i pausepraten. Laget som kom på bana i kvite drakter gjekk rett i strupen på Skodje, og rulla opp fleire gode angrep. Etter 53 minutter gjorde Rasmus ei god vending, blei takla inne i 16-meteren og fekk straffe. Straffe-skyttar Nikolas Fjørtoft er sikker og sett straffa knallhardt nede til høgre. Ravn har så vidt starta festfotballen og eit frispark frå Matias går via stolpen og inn. Bror Even meinar han var på den før den gjekk inn, og spørsmålet er om tvilen skal kome tiltalte til gode denne gongen. 

Rasmus, som leverte ein knallsterk kamp på høgresida, blir spelt igjennom og slår eit hard innlegg langs bakken. Matias er igjen frampå og kan sette sitt andre for kvelden, 3-0 etter 75. minutt. Ravn held trykket oppe etter 81 minutt kan Ravn igjen sleppe jubelen laus. Igjen er Rasmus involvert og denne gang med eit strålende raid langs dørlinja. Nytt hardt innlegg treffet Nikolas som kan sette inn 4-0. Etter dette klarer Skodje aldri å svare. 4-0 vert sluttresultatet og Ravn a-lag er klare for 5.divisjon. 

Eirik Tomren har leiia laget sitt til opprykk på første forsøk og han, saman med mange andre, har gjort ein strålande innsats i heile år. Neste og siste seriekamp er borte på Lepsøy Onsdag 20. Oktober.

GRATULERER ALLE! 

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Banekalender

banekalender