Daglig arkiv: 10 oktober 2021

Toppkamp på Ravn Stadion!

10 oktober 2021
Skrevet av:

Etter at Ravn slo HaNo heime sist veke og Skodje tapte ein jamn kamp mot Fjørtoft, må Skodje ta poeng på Ravn Stadion kommande onsdag. Dersom Ravn vinn heimekampen er dei klare for 5. divisjon neste sesong! 

For ordens 

A-lagets målsetning før sesongen var å kjempe i toppen av 6. divisjon, og visste at dette ville bli hardt. Forventningane er så langt innfridd med mange slitekampar, mål rett før slutt, raude kort og straffespark. Ravn har kome seirande ut i mange jamne kampar med unntak av ein heimekamp, der eit redusert Fjørtoftlag kjempa Ravn i kne. 

Før sesongen sa kaptein Thomas Bjørlykhaug dette til Nordre:  – Vi må våge å vere så store i kjeften at vi skal kjempe topp 3 i år. Kapteinen har holdt ord og har leia laget sitt til toppen av 6. divisjon to rundar før slutt!

Kommande Onsdag 13. Oktober kjem Skodje på besøk på Ravn Stadion. Dei har 18 poeng, 3 poeng bak Ravn. Dersom Ravn vinn mot Skodje, vil det være 6 poeng ned til andreplassen med ein kamp igjen. Eirik Tomrens mannskap kan i så fall feire opprykk til 5. divisjon. Dette vil være opprykk på første forsøk for den unge trenaren. 

– Vi forventar ein kamp der Skodje mobiliserer med alt dei har. Det blir en klisje, men at vi skal spele kampen og ikkje anledninga. Vi kjem til å ha fullt fokus på oss sjølve og våre oppgaver. Det ikkje er ofte det er opprykkskamp på Ravn Stadion så vi håper at folk kjem og støttar A-laget i eit avgjerande lokaloppgjer, seier Eirik Tomren. 

Sist laga møttast var på Skodje tidligare i år. Der tok Ravn med seg eit 1-3 resultat i ein spelmessig svak kamp der ingen av laga fekk til å spele sitt eige spel. Dette håpar Ravn å gjere noko med kommande onsdag. 

Kampen startar 18:30 og a-laget treng all støtte dei kan få! 

 

 

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Banekalender

banekalender