Skuffande tap for A-laget

22 september 2021
Skrevet av:

Ravn a-lag ledet 3-0 og var ein mann meir på bana, så raknet det fullstendig. 

Etter å ha tatt 15 av 15 poeng så langt i år, måtte Ravn så seg slått av Fjørtoft. Ravn viste dette ville ein tøff heimekamp, og fekk rett. Fjørtoft er gode når dei kan trille ball på sin måte, og det fekk dei til i første omgang. Ravn trillet opp fleire gode angrep, men siste tredjedelen var mindre upresis kombinert med at Geir Roar Gamlem stod ein solid kamp for kvilen. Mads Even Hatlehol, som studerer i Bergen, leverte ein solid kamp på midtbana utan at dette resulterte i nokon nettkjenningar før pause. 

Rødt kort

Etter at Fjørtoft hadde kontroll på Ravn første 15 minutta av kampen, var det raske kantar på Ravn som skapte problem, og hadde fleire gode løp. Jan Tore Fjørtoft fekk sitt andre gule kort etter 43 minutter etter ein duell med Rasmus. Laga gjekk til pause på stillinga 0-0, og Fjørtoft med 10 mann.

God start på 2. omgang 

Det virka som om pausepraten til Ravn gjekk rett heim, og Ravn starta klart best. Etter 47 minutter kontrer Ravn og Fjørtoft må klarere til corner. Matias er våken og tar den raskt, Fjørtoft følger ikkje med og Rasmus kan enkelt sette inn 1-0. Etter dette ser Ravn seg ikkje tilbake og spelar fin angrepsfotball. 2-0 er signert Christian Vestre, der Ravn spelar seg igjennom eit litt passivt Fjørtoft-forsvar. 

Øystein Tennfjord setter 3-0 etter eit sugande løp frå eigen halvdel, og med 3-0 etter 63 minutt spelt virker det som det skal bli nye 3 poeng til heimelaget. 

Rullgardina går ned og lyset slokkes

Etter 3-0 virker det som Ravn meinar kampen er over. Med ein mann meir på bana og ein 3-0 ledelse skal det å sikre ein siger være det lettaste i verden. Den gang ei. Fjørtoft har ikkje gitt opp, og etter at Hans Nordang setter eit straffespark heilt nede med stolperota, får Fjørtoft blod på tann. Ravn mister det totalt, og klarer ikkje å halde laget samla. Thomas Gjøsund setter Fjørtofts andre mål til 2-0 før Vegard Nybø setter inn utlikninga til 3-3. Etter 3-3 går Fjørtoft for alle tre poenga, og med eit passivt Ravn-lag er 3-4 eit faktum. Thomas Gjøsund setter sitt andre for kvelden, og 3 poeng er sikra for Fjørtoft.

A-laget reiser seg

Steminga i garderoba etter tapet var iskald, men ein ting gjekk igjen hos samtlige: vi skal reise oss igjen, i lag. Neste kamp er allereie neste Onsdag borte mot Harøy og det blir eit tent a-lag som tar fergeturen ut på Harøya. 

 

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Banekalender

banekalender