A-laget møter Fjørtoft heime

21 september 2021
Skrevet av:

Etter fire strake tap for Fjørtoft sidan serieåpninga fekk dei seg ein etterlengta siger mot Harøy. Onsdag 22. september gjestar dei Ravn stadion.

Ravn sitt A-lag har starta sesongen plettfritt og står med 15 av 15 poeng når 5 av 10 kampar er spelt. Kommande onsdag kjem Fjørtoft på besøk og med bortekampen på Fjørtofta i første runde godt i minnet vert det ingen enkel oppgave for Ravn. Ravn har ein solid statistikk på heimebane i år (18-3), men historisk sett blir ikkje oppgjera mot Fjørtoft like målrike.

Sist laga målte krefter var det eit nervøst Ravn-lag som møtte opp på Fjørtofta. Ravn blei spelande mot eit defensivt Fjørtoft-lag, som hadde ein tydelig kampplan. Eit langskot frå Emil Naalsund var einaste forskjellen på laga den gang (0-1), men Fjørtoft viste seg farlige framover på banen mange gonger. 

Når dei no gjestar Ravn Stadion er det ikkje venta at det blir nokke enklare for Ravn. Fjørtoft har fått maskineriet i gong, og det vil bli ein tøff batalje. Ravn må levere ein nok ein solid heimekamp denne gongen om det skal bli igjen poeng på Ravn Stadion.

Ravn sitt A-lag treng all støtte som er mulig å skaffe, så møt opp og støtt gutta! Det blir open kiosk og god underholdning! 

Ravn sine siste kamper (pauseresultat):

  • Ravn – Lepsøy (5-0) 8-2
  • Skodje – Ravn (1-1) 2-3
  • HaNo – Ravn (0-2) 2-3
  • Ravn – Harøy (4-0) 10-0
  • Fjørtoft – Ravn (0-0) 0-1

Fjørtofts siste kamper:

  • Fjørtoft – Harøy (4-0) 4-2
  • Lepsøy – Fjørtoft (0-0) 2-1
  • Fjørtoft – Skodje (0-0) 0-4
  • HaNo – Fjørtoft (1-1) 3-2
  • Fjørtoft – Ravn (0-1) 0-1

 

 

 

 

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Banekalender

banekalender