Månedlig arkiv: oktober 2013

Damelaget på Dahlecup

28 oktober 2013
Skrevet av:

Vi hadde tre målsettingar då vi reiste til Kristiansund. Få god kamptrening i futsal, gå vidare til sluttspelet og å få ei kjekk sosial helg i lag. Vi klarte to av tre, vi gjekk nemlig ikkje vidare til sluttspel.
Ein av grunnane til dette var at vi kom i pulje med begge finalelaga, Molde1 og CFK1. CFK1 slo Molde1 6-0 i finalen, og var det suverent beste laget. Les meir »

J14 vann 9ar-serien.

28 oktober 2013
Skrevet av:

Glade jenter etter kamp

Glade jenter etter kamp


J14 sikra fredag sigeren i 9ar-serien, etter at dei slo Volda 5-4 inne i Volda.
Måla vart skåra av Mari 2, Fride 2 og Emma G. Det gjekk nesten ein omgang og ein halv omgang før laget kom i gang, men
så løsna det. På tampen av kampen slakka jentene av litt igjen og slapp Volda litt lett til ved eit par høve. Men det såg
likevel kontrollert ut. 17 spelarar var med og vi stilte dermed i praksis med nesten med to lag.
Dermed tok laget ein fortjent 1. plass, 3 poeng føre Herd og 9 poeng føre Spjelkavik.

J14.07 1. div: Hasundgot-Ravn 2-6 (1-1)

24 oktober 2013
Skrevet av:

Mål: Fride 2, Emma G, Sonja, Tuva, 1 sjølmål.
Hasundgot hang lenge med, leia 1-0 og det sto 1-1 til pause.
Hasundgot leia også 2-1 10 minutt ut i 2. omgang, men så løsna det endeleg for Ravnjentene. Les meir »

G14 Ravn/Norborg tok KM-tittelen i 7ar

22 oktober 2013
Skrevet av:

G14.07 1. div: Rollon-Ravn/Norborg 2-3 (1-1).
Etter at Ravn/Norborg vann 3-2 mot Rollon i Larsgården kunne dei sleppe jubelen laus
og feire KM-tittel ei runde før slutt. Oppdatert! Les meir »

G14 11ar: Hødd tok KM-tittelen

21 oktober 2013
Skrevet av:

kmkampG14.11 1.div: Ravn/Norborg-Hødd 0-1 (0-1).
Perfekt ramme om kampen på Ravn Stadion i går. Klart og fint haustver, og ca 130 tilskodarar.
Dette er svært uvant kost i ein G14-kamp, og må vel også vere publikumsrekord på Ravn Stadion etter at
kunstgrasbana stod ferdig i 2008. Dei to beste G14-laga i Sunnmøre Fotballkrets skulle avgjere kven
som stakk av med KM-tittelen. Hødd måtte vinne for å sikre seg tittelen, for Ravn/Norborg hadde uavgjort
høgst truleg vore nok (ein måtte då ha slått Blindheim i siste gjenståande kamp). Les meir »

Damelaget : Ravn – Hareid 10-3.

18 oktober 2013
Skrevet av:

4.div. 9er : Ravn-Hareid 10-3 (4-1).
Målscorarar: Marie Henriksen 4, Pauline Neergård 2, Ingrid Vatne 2, Birgitte Hånes og Ingrid Åsemyr.

Det vart ei rett so triveleg sesongavslutning for jentene i kampen mot Hareid. Sjølv om Hareid til tider var farlige framover, var dei altfor gavmilde i forsvar til at denne kampen vart spennande. Les meir »

Håpet om KM-tittelen for J14 rauk i går

16 oktober 2013
Skrevet av:

J14 1.div: Ravn-Sykkylven 1-2 (0-2).
Mål: Fride.
Sykkylven har enno ikkje avgitt poeng denne sesongen, men ingen kunne ha sagt noke på om dei
hadde gjort det i går. Men dei har Sunnmøres beste keeper, og ho vart avgjerande i går. Les meir »

4.-plass for A-laget etter 4-1 mot Sunnylven

14 oktober 2013
Skrevet av:

Ravn snudde 0-1 ved pause til 4-1 mot nedrykksklare Sunnylven/Stranda 2 på Ravn stadion laurdag. Og når Åmdal slo Vigra gjekk Ravn opp og tok 4.plassen i sin comebacksesong i 5.divisjon. Les meir »

Damelaget : Ravn-Volda2 1-0.

07 oktober 2013
Skrevet av:

Dame 4.div. 7er: Ravn – Volda2 1-0. (0-0)
Mål : Marie Henriksen.

Det vart ein svært jamn og spennande kamp mellom Ravn og Volda søndagskvelden. Nesten utrulig at det kun vart scora eitt mål i dette sjanserike oppgjeret.
Første omgang var jamnspelt, men utover i andre omgang tok Ravn meir og meir over. Les meir »

G14 7er med stø kurs mot KM-tittel

07 oktober 2013
Skrevet av:

G14 7er 1. div: Ravn/Norborg-Sykkylven 10-7.
Etter å ha slått dei to næraste utfordrarane Sykkylven (10-7) og
VanKam (12-2) ser det lyst ut med tanke på KM-tittel for Ravn/Norborg i 7er-klassa. Les meir »

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Banekalender

banekalender