Det vart ein litt “tung dag på jobb” for jentene våre, på Valdervoll.
Vi sleit veldig med formasjonane, og vart liggande under 1-4 til pause.
Andre omgang vart mykje betre, og jentene fekk vist seg frå ei heilt anna side.
Treningskampar er til for å få avdekka problemområde som det må jobbast meir med, og såleis var den dårlege 1. omgangen lærerik.
Viktig også å ha tålmod i prossessen frå 7er til 11er. (Rom vart som kjendt ikkje bygd på ein dag.)
Målscorarar : Amanda Tenfjord og Marie Henriksen.
G13 (11ar) hadde ein solid kamp heime mot Langevåg i går. Etter 2-2 ved pause, gjekk det meste på skinner
for Ravngutane i 2. omgang, og det enda 11 eller 12-2. Mykje gode kombinasjonar å sjå i 2. omgang og gode
enkeltprestasjonar i tillegg.