Ravn/Norborg G13 krinsmeister
Ravn/Norborg- Emblem 11-0. For første gong i historia kan Ravn skilte med ein krinsmeistertittel på gutesida i aldersbestemte klasser. Jentelag i Ravn har vore krinsmeister, det same har både damelaget og herrelaget i sine divisjonar, men tittelen i aldersbestemte klassar heng minst like høgt. Kor tøft det er å hevde seg viser det faktum at Ravn sidan 1954 ikkje har hatt eit lag som har klart den prestasjonen.
Med god hjelp og godt samarbeid frå våre gode naboar i Norborg har 13-åringane i haust spelt dobbelt serie i 1. divisjon saman med Volda, Herd, Hødd, Rollon og Emblem. Med 27 poeng og 56-14 i målskilnad på ni kampar, er laget vinnar av divisjonen og dermed krinsmeister før siste kampen mot Hødd. Den går søndag klokka 1300 på Hødvoll, som forkamp i Adeccoligakampen mellom Hødd og Kongsvinger. Heile laget har gjort ein formidabel innsats over lang, lang tid for at dette skulle bli ein realitet. Ingen nemnt og ingen gløymt.