Daglig arkiv: 01 oktober 2010

Toppoppgjer på Ravn Stadion i kveld.

01 oktober 2010
Skrevet av:

Ravn møter nabo Skodje til toppoppgjer i 2. divisjon G16 i kveld kl 18.30.
Dette vert ein heil avgjerande kamp.
Ravn er nr. 1 med 37 poeng, Skodje er nr 2 med 34 poeng.
Begge laga har 2 kamper igjen. Skodjingane har best målforskjell.
Med siger til Ravn er saka klar. Då har ein vunne avdelinga si.
Med uavgjort har ein presset på seg. Då må Ravn slå ViGiGo i
siste kampen på bortebane. Ei vanskeleg oppgåve. ViGiGo ligg på
3. plass med 31 poeng. Ravn har tidlegare i sesongen slått ViGiGo
5-1, men og tapt 3-8 mot det same laget. ViGiGo har og tapt og vunne mot Skodje.
Med tap til Ravn endar nok laget på 2. plassen. Då har Skodjingane betre målsforskjell,
og skal møte jumbolaget HaNo/Lepsøy på heimebane i siste kampen.

Så det er all mulig grunn til å møte opp på stadion i kveld og støtte laget.
Gutane har gjort ein fin sesong, og uansett resultat i kveld så fortjener dei
vår hyllest og støtte!

Endeleg siger for J14. 4-1 mot Ørsta.

01 oktober 2010
Skrevet av:

J96
1. divisjon haust, J14.
Etter ein uavgjort og fleire knepne tap i det siste smakte 4-1 sigeren over Ørsta nesten ufatteleg godt. Dette fortjente verkeleg jentene.
Dei har jobba hardt i heile haust og då kjem som regel resultata.
Etter pauseresultat 1-1 vart vi einige om at det laget som kriga mest, vann flest duellar og ville mest,
kom også til å vinne kampen. Det gjorde våre jenter til gangs.
Vi måtte også klare oss utan «superbacken» Pauline Neergård i denne kampen, men andre jenter stod fram og alle leverte ein strålande kamp.
Målskorarar: Andrea Indstø 2, Amanda Klara G. Tenfjord 2.
Laget ellers: Johanna Solvang, Oda Christensen, Andrea Noem, Oda S. Tennfjord (J13), Ingrid Åsemyr, Sunniva Østigard og Christina Græsdal.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor

Banekalender

banekalender

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv