
G12 Ravngutar etter kampen mot Herd
Herd Åse er eit av dei aller beste laga på Sunmøre i si aldersgruppe. Dei skåra tre gonger mot våre gutar i 1. omgang, utan at Ravn klarte å overliste Herdkeeperen ein einaste gong. Det såg mørkt ut. Herd spelte nede på bakken, var rolege med ball og vi vart springane imellom. Ravn hadde fleire sjansar, men marginane var stang ut.
Men i 2. omgang reiste laget seg meisterleg. Nico Fjørtoft skåra det forløysande førstemålet og synte at det var muleg å skåre denne dagen også. Severin Longva varta opp med ei utruleg kampvinnarredning då kampen stod og bikka. At leppa sprakk i same slengen, tok han etter kvart med godt humør. Markus Tenfjord hadde ei kjempefin skåring på hovudet. Då fløyta hass Eirik Tomren sa at kampen var over, hadde Ravn laga sju mål og Herd fem. Flotte mål alle saman, og stor jubel frå foreldre og andre interesserte på sidelinja. Herd var eit godt lag som vi skal trene hardt for å halde følgje med. I Ergo Cup i april var det dei som vann.