Månedlig arkiv: mai 2010

Juniortap 3-4 mot Brattvåg.

04 mai 2010
Skrevet av:

Ravnjuniorane kom sterkt mot slutten og gjekk frå 1-4 til 3-4 i Brattvåg mandag. Men spurten kom for seint, tre kjappe Brattvågmål rett etter pause vart eitt for mykje å hente inn.

Spelemessig vart det ingen stor kamp, begge lag var for upresise i pasningsspelet. Ravn tok leiinga då John Ivar Eide sprang igjennom etter ein flikk frå Harald Fagervoll og tåa ballen forbi Brattvågkeeperen. Heimelaget svarte nesten umiddelbart med eit fint mål av den sterke midtspissen. Resten av omgangen vart mest stillingskrig og lite fint spel.

Ravn tapte kampen med svakt forsvarsspel første kvarteret av 2.omgang. Ved 2-1 målet gav vi vekk ballen heilt meiningslaust, 3-1 kom etter corner som upressa vart heada i mål, og på 4-1 hadde halve Ravnlaget gitt opp og var på etterskot.

Men så reduserte Eirik Tomren til 2-4 etter ei bra angrep med overlegg frå venstre, og litt etter Even til 3-4, sjølsagt på eit langskot. Med litt tur kunne Ravn utlikna i sluttminutta på to cornerar der ballen rulla på målstreken, men Brattvåg var nok nærmare 5-3 på sin raske kontringar. Ein god Holger heldt oss imidlertid inne i kampen og sørga for spenning til siste slutt.

Siste 20 minutta var beholdninga for Ravn denne kampen, då viste gutane at dei kan kjempe. Men ei slik kollektiv innsomning som skjedde rett etter pause blir som regel straffa!
Elles vil nok resultata variere for juniorane framover: A-kamp onsdag, laurdag og tirsdag igjen betyr at dei 4-5 som er på A-laget må sparast på juniorlaget. Men det igjen betyr at andre får sjansen. Som t.d. Stian Vatnehagen Stokke, som spelte ein god kamp på midtbanen, trygg med ballen og med godt blikk for spelet. Elles var Holger stødig, og Jørgen på stopparplass viser bra formstiging.

Neste juniorkamp er heime mot Norborg mandag 10., – bra det er 7-erkamp så greier vi å stille lag..

Referat frå Akampen.

02 mai 2010
Skrevet av:

Aksla-Ravn 1-5 (1-0)

1-0 Espen Sønsteby(25min)
1-1 Even Vatneødegård (50min)
1-2 Even Vatneødegård (55min)
1-3 Eivind G. Ulla(65min)
1-4 Trond Hamre(85min)
1-5 Trond Hamre(90min)

Dommar:Norvald Lausund
Laget: Holger Tovås, Andre Fjørtoft(Toni Ellingsen, 70), Øyvind Farstad, Kim A Krogsæter(Even Vatneødegård,55), Øyvind K Krogsæter, – Evind Grøtt Ulla, Jørn Killingmo, Dag R Midsund,-Tore Nedrevoll( Jørn Hegglund,45), Knut E Lid,Trond Hamre

Dette var ein spelemessig dårleg kamp av Ravn, men kven skulle tru det etter at resultatet vart 5-1 til Ravn. Ravn var effektiv denne kampen og litt heldig som kunne reise heim med denne ”solide” seieren.
Det var Aksla sitt unge lag som starta klart kampen best og Ravnspelarane klarte ikkje følge dei fotrappe Akslaspelerane. Det var lite som stemte for Ravn i 1. omg. Det nærmaste Ravn var mål var ein i stanga og det var ein Akslaspelar som klarte! Ravn skal vere heldig at det berre stod 1-0 til heimelaget.
Etter ein liten alvorsprat frå trenaren Erlend i pausa, inn med lovande Even på midtbana og nokre endringer på laget, vart det meir trykk i laget.
Det var tydeleg at Ravnspelarane hadde bestemt seg for å vise at dei kan mykje bedre enn det som hadde blitt vist i 1.omg. Det gjekk berre 5min før ballen låg bak Aksla sin keepar. Eivind vendte flott vekk ein midtstopper og spelte gjennom Even som plasserte ballen sikkert i mål. Desse var i farta like etter på også, Eivind stussa gjennom Even som skaut på halv volley til side for keeper og i mål. Tredje målet kom etter eit langt framspel frå Knut Egil opp til Eivind, som elegant lurte ein Akslaforsvarer og lobba iskaldt over keeper og 3-1 til Ravn var eit faktum.Sjølv om Ravn snudde kampen, så hadde Aksla mykje av bane spelet og var nær mål fleire ganger, uten å overliste ein god Holger i Ravnmålet. Mot slutten satsa Aksla meir framover og det skapte meir rom for Ravn sin Trond Hamre som satte spikeren i kista med to skoringer, som han kippa over ein utrussande keeper.
Knut Egil og Øyvind Farstad var solide som midtstoppere og hadde ein sikker og god Holger bak seg i mål. Tomålsscorer Even gjorde eit meget godt innhopp, og kan takke ein god Eivind(1 mål og 3 målgivande for dagen) for dei flotte målgivande pasningane.
Neste kamp for Ravn er onsdag heime mot Stordal kl. 18.30. Ravn må dessverre klare seg uten Jørn og Knut Egil som er på jobbreise, og brødrene Bent Erik og Tore som er skada. Ravn treng din støtte, kom og støtt laget!

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Banekalender

banekalender