Månedlig arkiv: mai 2010

Kanondag for Ravnlaga!

11 mai 2010
Skrevet av:

Lagleiar Bjørn og trenar og matchvinnar Erlend

Lagleiar Bjørn og trenar og matchvinnar Erlend


Heile 5 Ravnlag har vore i aksjon i dag, og samtlege vann. Ein historisk dag.

Alaget var på Stranda og møtte Stranda 2. Den kampen vann dei 1-0.
Dei reiste innover med ein tynn stall. Så tynn at trenar Erlend måtte ha med seg skoa.
Det skulle vise seg å vere eit lurt trekk. Han blei nemleg matchvinnar!

G16 møtte HaNo og vann 5-2.

J14 var i Valldalen, der dei vann 9-5.

11-årslaga viste og storspel og vann sine kampar med store siffer. Gutane møtte Valder på heimebane, medan
jentene var på Sjøholt og spelte mot Ørskog.

Send inn lagbilde.

11 mai 2010
Skrevet av:
G13-Laget 2010

G13-Laget 2010

Etter kvart som no laga har starta med kampar og turneringer, må lagleiarar sende inn lagbilde.
På bildet her kan du sjå G13-laget. Dette er ein svært god årgang fotballspelarar, som allereie har markert seg godt.
Dei spelar i år 11er-fotball, og har også med seg ein og annan 12-åring og 11-åring på laget.

Lagbilde kan du sende inn til: admin@il-ravn.no

Alaget vann 2-0 over Brattvåg 2 på Ravn Stadion.

10 mai 2010
Skrevet av:

Ravns beste i kampen. Kim Andre, Trond og Erik.

Ravns beste i kampen. Kim Andre, Trond og Erik.


5.divisjon avd. 1

Ravn-Brattvåg2 2-0 (1-0)
Ravn kunstgrasbane
Laurdag 8.5. kl. 1300

Mål: 1-0 Trond Hamre (27.), 2-0 Hamre (70.)
Gult: Øyvind K. Krogsæter, Ravn. Hans Edvard Nordang, Hazhim Hassan og Erik Æsøy, alle Brattvåg2.
Dommar: Dag Harald Moldskred, Hareid IL.
Publikum: ca 40

Ravn: Vebjørn Fjørtoft (keeper), Thomas Aarseth, Erik Vatnehagen Stokke, Øyvind K. Krogsæter, Andrè Fjørtoft, Dag Ruben Misund, Even Vatneødegård, Kim A. Krogsæter, Jørn Heggelund, Trond Hamre, Eivind G. Ulla. Benytta reserver: Ole Magnus Klokset og Toni Ellingsen.
Ravnstjerner (lokal jury): Kim Andrè Krogsæter 3, Trond Hamre 2 og Erik Vatnehagen Stokke 1.
Brattvåg: Frank Wilnes (keeper), Håkon Sæterøy, Werner Elingsæter, Hans Edvard Nordang, Marius Rogne, Hazhim Hassan, Azem Maksumic, Thomas Aarsund, Johan Fiskergård, Erik Æsøy, Lars Martin Vestre. Benytta reserver: Rolv Seth, Peder Skjelten og Kamil Kobus (keeper).

Ravnsiger 2-0 i lokaloppgjeret
Ravn er framleis utan tap i 5. divisjon etter ein fortent seier i lokaloppgjeret mot Brattvåg 2. Trond Hamre ordna begge måla i ein underhaldande og fairspelt kamp.

Kontrastar. Medan Brattvåg må på bygda etter spelarar for 2. laget sitt, sat det heile sju Ravnspelarar klare for innhopp på benken, medan brødrene Bent og Tore Nedrevoll, keeper Holger Tovås og forsvarsklippe Øyvind Farstad er på skadelista.
Trond Hamre er ein fotrapp og teknisk god spelar. Han gav heimelaget leiinga 1-0 med eit skot i vinkelen frå 15-16 m etter ei genial stikkpasning frå Dag Ruben Misund. Hamre fastsette sluttresultatet til 2-0 etter at han sjølv kjempa opp ein tilsynelatande håplaus ball i BIL-feltet, forserte skrått mot mål og plasserte den bak Brattvågs bestemann, Frank Wilnes.
-Vi spelar ein bra 1. omgang og har tidvis mykje bra spel. Men vi manglar den siste pasninga. Følte ikkje vi hadde kontroll før 2-0-målet kom i midten av 2. omgang, seier Ravn-trenar Erlend Fjørtoft til Haramsnytt.
Ravnlaget hadde Eivind G. Ulla som rolig og sikker ballfordelar. Også Dag Ruben Misund framheva seg, i tillegg til dei som den lokale juryen gav stjerner, Kim Andrè Krogsæter, Trond Hamre og Erik Vatnehagen Stokke.
Frispark
Kampen vart innleiingsvis prega av ein dommar som unnlèt å blåse viktige frispark og fekk spelarane mot seg. To unødvendige gule kort måtte til før det roa seg. 5-6 gongar vart driblesterke Hazhim Hassan tatt i 1. omgang. Reaksjonen på manglande frispark kosta teknikaren eit gult kort.
BILs Thomas Aarsund fylte 15 år laurdag og spelte mellom anna saman med veteranen Rolv Seth. 31 års aldersskilnad er det mellom dei to karane. Like før pause spelte Thomas lagkompisen Johan Fiskergård nydeleg gjennom. Den pasninga var det kjensle i. Dessverre for Brattvåg 2 var Ravn-keeper Vebjørn Fjørtoft akkurat tidsnok på ballen. Brattvåg2 fekk annullert eit mål for offside rett før pause.
-Beste laget vinn her i dag. Mange unge får prøve seg hos oss. Det er positivt, seier veteran Håkon Sæterøy, som reknar med å vere klar for 1. lagspel att etter skade om 14 dagar.

Av: aot

Sparebanken Møre gir draktsett til IL Ravn

10 mai 2010
Skrevet av:

J11 var eit av laga som fekk seg nye drakter

J11 var eit av laga som fekk seg nye drakter

Sparebanken Møre gjer ein stor og viktig jobb for idrett, kultur og andre frivillige organisasjonar i distriktet vår.
Med både gåvemidlar og sponsorstøtte sørger dei for at det vert lettare for lag som IL Ravn å drive sin aktivitet.
Ein regntung aprilkveld dukka Jan Olav Brudevoll og Mette Haddal frå Sparebanken Møre opp på Ravn Stadion, og overleverte heile 4 nye draktsett til jentelag i IL Ravn.
Som ein kan sjå på smila til spelarane på J11, vart dette sett skikkelig pris på. IL Ravn er svært takksame for gåva, og er imponert av arbeidet som Sparebanken Møre
legg ned for nærmiljøet.

Juniorlaget slo Norborg 4-2

10 mai 2010
Skrevet av:

Junior 7-er: Ravn 4-2 over Norborg

Ravnjuniorane viste periodevis bra spel med 4-2 heime over Norborg mandag. Ravn var spelemessig førande,
men ein god Norborgkeeper og upresise avslutningar gjorde sigeren såpass knepen.
Dag (2), John Ivar og Even stod for måla. God laginnsats – og G16-målmann Martin stod prikkfritt.

Laget spelar normalt 11er-fotball, men i dette oppgjeret blei det spela 7er-fotball.
Grunnen til det er at Norborg stiller med 7er-lag i serien. Ei viss omstilling er det
å gå over frå 11er til 7er, men det meistra våre gutar bra.

Fornøgde debutantar

10 mai 2010
Skrevet av:

10052010 069Fleire Ravnlag var i aksjon i miniturneringar i helga. I Brattvågen hadde Jente 7 (2 lag) og Gutte 7 sin turneringsdebut.
Spelarane hadde det kjekt og stod på (sjøl om veret var i det suraste laget). Men det stoppar ikkje små Ravningar. Biletet viser ein kampsituasjon fra oppgjeret
mellom Ravn 2 og Brattvåg. Ein kamp som enda 0 – 0! eit nokså spesielt resultat i 5er-fotball.

Kurset i ernæring og skadeforebygging.

07 mai 2010
Skrevet av:
Frå økta i hallen

Frå økta i hallen

Informasjonsavisa til Farstad Shipping har laga ein fin artikkel om kurset i ernæring og skadeforebygging som vi dei arrangerte for oss i Eidet Kulturhall.

Les artikkelen her: Oppslag FarInfo

G13 vann igjen.

07 mai 2010
Skrevet av:

G13 spilte sin andre kamp i årets serie denne gangen hjemme mot Sykkkylven.
Etter en 4 – 0 ledelse pause, ble sluttresultatet 8 – 2 og en ny klar hjemmeseier.
Nok en godt gjennomført kamp av dette unge laget som er supplert med spillere fra G11 og G12.

Ravn – Stordal 1-1

06 mai 2010
Skrevet av:

Målskårar Trond Hamre

Målskårar Trond Hamre


Ravnpoeng i sluttminutta mot Stordal

Ein glimrende soloprestasjon av ein febersjuk Trond Hamre i sluttminutta gav Ravn 1-1 mot Stordal onsdag. Det var ei velfortent utlikning av eit Ravnlag som stod distansen godt og løfta seg etter ein svak 1.omgang.

Laget: Holger (Tony) Erik, Øyvind K, Øyvind F, Thomas, Kim, Dag, Even, Andrè, (Ole Magnus) Eivind, Jørn H (Trond)

Ravnbørsen: 3 poeng: Øyvind Krogsæter 2: Øyvind Farstad: 1: Trond Hamre
Dommar: Alf Krumsvik, Volda.

Stordal overrumpla eit noko tafatt Ravnlag og tok initiativet frå start. Gjestane hadde fotrappe og teknisk gode spelarar framover på banen, og særleg kombinerte dei flott på høgresida. På eit innlegg derifrå kolliderte Holger med medspelar, landa forkjært og måtte ut med ein ankel som etterkvart vart veldig hoven. Inn i målet kom Tony frå venstrebacken, seriedebutant Erik (18) kom inn på backen og leverte ein flott kamp.

Etter kvart kom Ravn meir med i spelet, og hadde eit par store sjanser. Det burde vore 1-0 etter 40 minutt, men den elles svært gode dommer Krumsvik annullerte hårreisande for offside. Dag kom bakfra og var ein meter onside på overlegget frå Trond! I staden kontra Stordal direkte, ein lang ball forbi eit sovande Ravnforsvar og 0-1 10 sekund etter at det skulle stått 1-0. I sluttsekunda av omgangen var det berre ei elendig avslutning frå Stordal for åpe mål som hindra 0-2.

2.omgang starta med Ravntrykk og ein stor sjanse til Even, men skotet gjekk over. Både Jørn, Eivind og Kim hadde gode sjanser, men skota gjekk minst ein etasje for høgt denne kvelden. Både Jørn og Andrè viste friske takter på høgrekanten og kom til mange innlegg, men avslutningane vart for svake. Ravn hadde overtaket heile omgangen, sjøl om Stordal var farlege på kontringar. Ravn køyrde offensivt mot slutten og fekk lønn for strevet. I det 88.minutt kom Trond på eit raid på høgresida, som han avslutta med å sette ballen i mål frå spiss vinkel.

Alt i alt greitt med 1-1 i ein kamp der laga hadde kvar sin omgang. Stordal hadde ein megasjanse til 1-2 i sluttsekunda, men Tony avverga med ein mesterleg fotparade.
Ravn hadde sine beste i dei bakre rekker, men som i dei foregående kampane tok det for lang tid før laget kom inn i kampen.

Neste kamp er heime mot Brattvåg 2 laurdag.

Komande kamper på stadion.

05 mai 2010
Skrevet av:

I dag (onsdag): 18.30 – Akamp 5. div Ravn – Stordal.
I dag (onsdag): 18.30 – G11 Ravn Kvit – Skodje.
Torsdag: 18.30 – J11 Ravn – Vigra.
Torsdag: 18.30 – G13 Ravn – Sykkylven.
Fredag: 18.30 – G16 Ravn – Ellingsøy.
Laurdag: 11.00 – G14 Ravn – Valder.
Laurdag: 13.00 – Akamp 5. div Ravn – Brattvåg 2

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Banekalender

banekalender