Månedlig arkiv: mai 2010

Uavgjort og tap.

20 mai 2010
Skrevet av:

To kampar i går:

J14: Ravn – Stordal 2-2.
G13: Herd – Ravn 4-1.

G11 med mykje fin fotball.

20 mai 2010
Skrevet av:

G11 laga fortsatte den gode starten på årets sesong med å vinne sine kampar denne veka.
Ravn Kvit spelte periodevis veldig bra mot Norborg på sistnevnte sitt baneanlegg i Uggedalen tirsdag kveld.
Norborg sin gode keeper hindra eit større tap for heimelaget, men måtte likevel plukke mange ballar ut av eige nett.
Ravn unngjekk baklengs.

Ravn Raud besøkte Vigra onsdag kveld. Det var tydeleg at Ravn sine spelarar trengte litt tid på å få spelet til å gli på naturgras.
Vigra tok leiinga 2-0 tidleg, men etter dette tok Ravn over. Høgare tempo og bedre pasningspel ga mange målsjansar og fleire mål før pause.
To nye Ravnscoringar i andre omgang resulterte i ein klar Ravnseier til slutt.

Begge laga har dermed vunne sine to kampar så langt. Fine kombinasjonar, og mykje bra spel. Ein kan tydeleg sjå at karane
spelar mykje fotball, og gjer store framskritt. Kampane går i ein fin tone mellom laga, og spelarane viser gode haldningar.
Fint å sjå Fair Play i praksis.

Alaget: MSIL – Ravn 2-1.

19 mai 2010
Skrevet av:

Etter 5 kampar i 5. divisjon var Ravn det einaste laget uten tap.
Det tok slutt i kveld i Mauseidvågen der opprykksfavoritt MSIL blei for sterke.

G2000 på Mørecup

16 mai 2010
Skrevet av:

Situasjon i feltet

Situasjon i feltet


Gutter 2000 var på Møre cup i Sunnmørshallen 06.03.2010, med 2 lag. Der viste guttene seg fra sin beste side og vant 6 av 6 kamper.
Tydelig at vi begynner å trives i denne hallen. Takk til alle for flott innsats både på og utenfor banen.

Svakt av juniorlaget, 0-4 mot Ørskog/Skodje

16 mai 2010
Skrevet av:

Ein elendig kamp av Ravnjuniorane på det humpete Ørskoggraset laurdag. Dårleg innsats og personlege feil florerte, og vi hadde knapt ein skikkeleg målsjanse.
Eit ganske ordinært heimelag gjorde som dei ville mot eit Ravnlag som hadde tatt helg forlengst. Lyspunkt: eit godt innkast, fint ver, Even V., – god dommar.

Knallsterkt av gutelaget , 2-1 over Brattvåg.

15 mai 2010
Skrevet av:

Når G16 først kom i gang i serien så bar det rett inn på vinnarsporet. Fredag vart det 2-1 borte over nabo Brattvåg, der Ravngutane snudde 0-1 ved pause og sikra trepoengaren med ein sterk 2.omgang. Måla vart scora av Harald Fagervoll og Even Hatlehol.

Laga hadde kvar sin omgang på den harde kgb-en i Brattvåg. Heimelaget var best før pause, og noterte eit tverrliggartreff før dei fekk 1-0 midt i omgangen. Martin var sjanselaus då spissen fekk avslutte mutters aleine frå fem meter. Ravn sleit med å få til konstruktivt spel framover, og bortsett frå ein god corner av Eirik var det sjeldan farleg framfor Brattvågmålet. Godt forsvarsspel av Brede, Sigurd, Tommy, Lars Petter og Kristian hindra fleire Brattvågmål og heldt Ravn inne i kampen.

Etter pause gjekk Ravn hardt ut og fekk overtaket, vann duellane på midten og sende presise ballar framover, særleg på høgresida. Stian dundra til i tverrligar frå langt hald, og etter vel halvspelt omgang med fleire bra sjansar kom måla. Muskelbunten Harald putta først inn ein retur til 1-1, og like etter var Even frampå med eit velplassert skot som vart sigersmålet. Brattvåg hadde eit par store sjansar i 2.omgang, men Martin vart ein aldri så liten matchvinnar for Ravn med to kjemperedningar.
God laginnsats – og periodevis fint spel. Neste kamp er heime mot Skodje fredag 21. (Om då ikkje nokon av dei utsette kampane mot Rollon 1 eller Ellingsøy blir spelt.)

Bra jobba gutar!

God sesongopning for G12

13 mai 2010
Skrevet av:
Markus, Aleksander og Lars Daniel i kampsituasjon mot Herd

Markus, Aleksander og Lars Daniel i kampsituasjon mot Herd

God sesongopning for G12
G12-laget består av Markus, Benjamin K, Matias,
Nikolas, Stian, Lars Daniel, Tor Erling, Severin,
Aleksander, Preben, Benjamin R. Tobias H. har trena
ilag med laget ein del og vore med på kamp.

Laget har under Lars Tenfjord trena jamnt og trutt
heile vinteren, anten ute eller inne med godt
frammøte. Vi har vore opp til 12-13 på trening.
I møte med motstandarane er laget gjerne fysisk meir
uthaldande, speler raskt ball i lengderetninga og har
bevegelege spelarar. Bakover er laget flinke til å
hindre rom og takle.
G12 har i vinter deltatt i Mørecup i Sunnmørshallen
(6. mars) i klassa g13 og kom til kvartfinalen mot
Aksla der det vart tap. Vi var med i Ergocup (2.
april) og gjore det bra. Spesielt artig var kampen
mot Herd som var jamn. Artig var også kampen mot Emblem City. Dei leia 3-1 før forsvararen Benjamin K. kom fram og skåra tre mål utan at emblemingane makta skåre! To av måla kom på utsøkte pasningar frå Lars D. og eit var eit vinkelskot der ballen hadde reist til Magerholm om ikkje målet stod i vegen,
Laget har spelt tremningskampar på is (!) mot
Ellingsøy (19.februar, Herd (23. mars) og Aksla (17.april) – alle med sollide sigrar. Laget er
ferdig med første seriekamp mot Spjelkavik kvit. I alle kampar klarer laget å
produsere mykje meir framover enn motstandaren og får
dermed også overvekt i mål.
Laget har fått ein tilvekst på tre i år, ettersom
Benjamin har kome opp att frå Bergen. Han står i mål
og dermed har vi to målmenn som kan fyre opp
kvarandre. Aleks og Preben har funne fram att skoa.
Begge har teikna seg på skårarlista.Det har også alle andre enn dei to keeperane Severin og Benjamin.
Opp til 4-5 spelarar på G12 får prøve seg på
G13-laget og spele 11-ar der. Det går veldig bra.

God sesongstart for J14

13 mai 2010
Skrevet av:

Etter 4-3 siger i første kamp mot VRF, følgte jentene opp med sterke 9-5, på bortebane,mot Valldal.
Målskorarar: Andrea Indstø 2, Ingrid Åsemyr 2, Oda N. Christensen 2, og Amanda Tenfjord 3.
Spelarane ellers var; Johanna Solvang, Andrea Noem, Anne Marie Hildre og Pauline Neergård.

Flott innsats av jentene, som til tider varta opp med glimrande pasningsspel og susande avslutningar. I følge Hans Peter Hildre var 1.omg. det beste han hadde sett av jentene.
6-1 til pause vart tidleg i andre omgang til 6-5. Men jentene viste sterk lagmoral og vann til slutt greitt.

Endeleg seriestart for gutelaget.

12 mai 2010
Skrevet av:

Hano – Ravn 2 – 5 (1-1)
Rogne stadion

Snart fire veker etter første seriekamp skulle vært spilt så skulle det lukkast å få avvikle kamp.
Guttane trengte fem minutter på den ujevne grasbana på Rogne før dei begynte å vise fram mykje bra fotball.Da fekk vi sjå
mange ting som vi har jobba med i vinter, både defensivt og offensivt. Joakim Sørvik og Harald Fagervoll hadde kvar sine to store sjansar,
men lukkast ikkje å score. Etter 30 min så lukkast derimot Hano å utnytte ein feil i Ravn forsvaret.Dermed 1-0.Fem minutt seinare så kom
endeleg eit Ravn mål, signert av Harald etter flott framspel av Eirik Tomren. 1-1 holdt seg ut omgangen.
Andre omgang var berre 1 min da Stian Stokke vann ballen på midtbana og spelte ein glimrande stikker til Harald, som aleine med keeper scora sikkert.
7 min seinare vart Harald felt innafor sekstenmeteren og dermed straffe, som Eirik skora sikkert på. Etter femten minutt ut i omgangen så reduserte Hano
til 2-3 på eit langskot via tverrliggaren. 2-4 kom etter at ein Hano forsvarar laga sjølvmål. Fem minutt før slutt så gjorde Eivind Hagen Ravns femte mål. Og for eit
mål! Joakim Sørvik fekk ein perfekt ball på høgresida, forserte framover før han slo eit perfekt innlegg – som Eivind headet i lengste vinkel. Årets mål?
Ein positiv kamp av guttane, der 1. omgang var spelemessig bedre enn 2.omg. Flott jobba av alle mann!

Torbj.

Frisk start for G11

12 mai 2010
Skrevet av:
G11 etter kampen mot Valder

G11 etter kampen mot Valder

Ravn stiller i år to G11 lag i 7er klassene. Seriestarten for Ravn Kvit mot Skodje på Ravn stadion vart ei jamn affære, der laga skifta på leiinga.
Ravngutane avslutta imidlertid sterkt og dro i land ein knepen seier, Ravn Raud spelte mot Valder 11.5 og viste godt spel, spesielt i første halvdel.
God bevegelse i laget, gode prestasjonar av enkeltspelarar og fine mål resulterte i leiing med veldig klar margin til pause.
Presisjonen var ikkje av same kvalitet i andre, men god innsats medførte at kampen enda med meir enn tosifra antal mål for Ravn.
Godt keeperspel av Andreas Eik hindra Valder i å score.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Banekalender

banekalender