Resultatmessig jamnt, men Norborg vart for sterke for G11 Ravn Raud onsdag.
Dette er lag som har spelt mot kvarandre massevis av gonger. Kampen gjekk på same tid som A-kampen
mellom Ravn og Lepsøy og hadde godt med publikum.
Raud Raud hadde med to spelarar frå 10-årslaget. Begge hevda seg godt.
I denne kampen var Norborg flinkast til å skåre. Dei hadde ein som
heitte Ruben som sprang fole fort. Og dei andre spelarane var flinke til å benytte seg av det.
Dei var veldig presise i framspela sine, mellom anna. Trass i fleire feberredningar av Ravns sin målmann Andreas,
var det Norborg som kunne juble til sist. Men Ravn hang ikkje lenge med nebbet. Dei gler seg allereie til neste
gong dei skal møte dei kjekke karane frå Norborg. Ole Birger Neergård (ex-Ravn, no SIF) var ein myndig, klar og populær dommar.