Månedlig arkiv: november 2009

Ravn oldboys/herre7-trening i kveld kl 20.

29 november 2009
Skrevet av:

Det vert oldboys-trening i Eidet Kulturhall i kveld (søndag 06.12) kl 20.

Keepertrenerkurs del 2.

25 november 2009
Skrevet av:

keeperTirsdag 01.12.2009 er det klart for andre del av det populære keepertrenerkurset på Ravn Stadion.

Sjå link for meir informasjon og påmelding: Keepertrenerkurs.

Rica Parkett Cup for G13. Flott innsats av Ravn.

21 november 2009
Skrevet av:

Siste: Ravn 2 (97-modellane) vann gruppa si og gjekk til åttandedelsfinale. Der blei det siger 3-2 over Aksla 97. I kvartfinalen møtte dei Spjelkavik 1, og gjekk der på eit tap 4-1. Men, meir enn godkjent av desse unge karane. Det vert spanande å sjå kor langt dei kjem seg neste år i G13-klassa.

Rica Parkett Cup for G13 vert denne helga arrangert i Langevågen. IL Ravn stiller med 2 lag. Ravn 1 har vore i aksjon i dag (laurdag). Det har desverre resultert i 3 tap, men dei har møtt gode lag. Tap 2-0 mot Hødd. Tap 7-1 mot Blindheim 1. Tap 3-0 mot Aksla.

Ravn 2 var i akjson i går, og dei vann alle sine 3 kampar og dermed pulja si. Dei skal spele åttendedelsfinale på søndag. Det spesielle med dette laget er at dei består av berre 97-modellar. Dvs at alle er 12 år og dei er då eit år yngre enn dei fleste av sine motstandarar. Det er med andre ord uansett korleis det gjeng i morgon ein sterk prestasjon dei er i ferd med å gjennomføre. Siger 5-1 mot Herd 2. Siger 3-0 mot Langevåg. Siger 7-3 mot MSIL 2. Det er enno ukjent kven dei skal møte på søndag. Vi kjem tilbake med meir.

HaNo hiv seg med på haustfisket.

20 november 2009
Skrevet av:
Thomas lurer Ellingsøyspelar
Thomas lurer Ellingsøyspelar

No har også HaNo blitt med på haustfisket etter gode Ravnspelarar. Denne gong er det Thomas «Kjappfot» Årseth som er ønska.

Vi kan imidlertid roe ned engstelege Ravn-supportarar. Thomas fortset naturlegvis i Ravn, og vil satse hardare enn nokon gong.
Det same gjer dei andre spelarane som har vorte kontakta (Trond Hamre, Øyvind Farstad, Øyvind Koppen Krogsæter). Berre Ole-Birger er i tenkeboksa, ein overgong til SIF kan vere aktuelt. Med Erlend på plass ved roret, kan vi dermed slå fast at Ravn vert eit godt fotballag neste år. Gode juniorspelarar som Even, Dag Ruben med fleire, tok steget opp i år og vil heilt sikkert utvikle seg vidare framover. Det gode miljøet vi no har i Ravn, vert trekt fram som ein viktig årsak til at våre spelarar utviklar seg godt og vil vere i klubben.

Positivt for Haramsfotballen.

18 november 2009
Skrevet av:

Alle seniorlaga på herresida på Haram fastland har no fått på plass trenarar for 2010-sesongen. Erlend Fjørtoft skal trene Ravn, Ivar Roald skal trene Norborg og Oddmund Otterlei og Frank Dalhaug skal trene Brattvåg. Det er vel ikkje så ofte dette er avklart såpass tidleg. Kven av desse laga som kjem til å stille B-lag (11ar, 7ar eller eventuelt begge deler) er enno ukjent. Ravn vil stille juniorlag, det samme vil nok Brattvåg og det ryktast at Norborg også jobbar med det.

På damesida vil Ravn gjere eit nytt forsøk på å få til eit damelag (7ar).

Vi er ikkje kjent med korleis det ligg an med HaNo, Lepsøy og Fjørtoft. Men vi tek gjerne imot tips fra desse klubbane. Legg inn kommentar på artikkelen eller send epost til: admin@il-ravn.no

Rica Parkett Cup J13. Gull til Sykkylven, sølv til Ravn og bronse til Herd.

17 november 2009
Skrevet av:

 

IMG_3935

Ravn sine glade sølvjenter!

Finale: Sykkylven-Ravn 2-1 (avgjort på Golden goal).

1. plass: Sykkylven, 2. plass: Ravn, 3. plass: Herd, 4. plass: Aksla.

Det var til slutt Sykkylven som kunne utropast til vinnar av Rica Parkett Cup J13. Gledeleg for arrangøren (IL Ravn) kjempa Ravnjentene om gullet heilt til siste slutt. Vi visste vi hadde eit godt J13-lag, og fekk det bekrefta i denne turneringa. Kjempeinnsats av jentene og trenar/lagleiartroikaen Per Åsemyr, Arne Solvang og Svein Harsjøen. Vi gratulerer så mykje med sølvet.

Herd 2 vann bronsefinalen mot Aksla. Sluttspelet vart svert jamnt, så dette kunne eigentleg ha bikka alle vegar. Vi gratulerer Sykkylven med eit fortjent gull. Det må leggjast til at Sykkylven hadde ein svært lang dag i hallen i går. Dei spelte første kampen kl 09.30 laurdagsmorgonen, og finalen var ikkje ferdig før ca kl 23.30. Men når ein kan reise heim igjen med den gjevaste pokalen i bagasjen, vil vi tru det var verdt slitet.

Link til resultat: Rica Parkett J13

Kampoppsett i pdf: Kampoppsett1

Tobias V. fekk drakta til Glenn Roberts.

13 november 2009
Skrevet av:

aafkdrakt_g10

Det var ikkje så mange av G10-gutane som var på Ullevaal (men der var mykje Ravningar på tribuna). Tobias V. og Lars Daniel var der og såg Aafk hente gull i cupen. For Tobias vart det ekstra stas. For då Aafk hadde vunne kom nokre av dei bort for å kaste draktene sine ut blant publikum. Tobias og familien hans sat på 5. rad og der dumpa drakt nr. 9, til målskåraren Glenn Roberts ned. Gjet om det var stas! Vel tilbake i kvardagen og på trening att, måtte sjølvsagt drakta og heiaropa fram att.

Ravnspelarar ettertrakta vare!

12 november 2009
Skrevet av:

Ole_BirgerDet årlege haustfisket frå naboklubbane våre etter gode Ravnspelarar er i gong igjen. I år har Brattvåg og Norborg lagt ut sitt agn etter Ole-Birger Neergård (bildet, for tida på treningsopphald med SIF), Øyvind Koppen Krogsæter, Trond Hamre og Øyvind Farstad. Ravn er no i ferd med å bygge opp eit godt seniorlag, med ei fin blanding av ungdom og rutine. Med Erlend Fjørtoft på plass som trenar i 2010, tyder alt på at laget vil fortsette si fine utvikling. Etter at laget var eit av dei aller dårlegaste på Sunnmøre i 2008, tok dei eit langt steg framover i 2009, dette laget vil utvikle seg vidare i 2010. Juniorlaget hadde og ein god sesong i 2009, fleire av spelarane utvikla seg mykje under Per Ove Tennfjord si kyndige leiing. Sannsynlegvis fortset han i trenargjerninga. I sum betyr dette at IL Ravn vil kunne gje eit  svært godt treningstilbud på junior- og seniorsida i 2010. Vidare er miljøet i laga godt, og vi håpar naturlegvis at spelarane våre ser verdien i dette og blir med vidare for å gjere IL Ravn til ein endå betre klubb.

Til slutt vil vi oppfordre våre naboklubbar til å heller bruke kreftene sine på å utvikle spelarar sjølv. Vi trur det er meir fornuftig klubbutvikling på sikt.

Klubben i ditt hjerte!

09 november 2009
Skrevet av:

Kåringa Klubben i ditt hjerte er i gang igjen. Gi di stemme til IL Ravn: IL Ravn

Sluttspelet i 5. divisjon ferdig.

02 november 2009
Skrevet av:

Gursken/Larsnes (kretsmeister), Ellingsøy og Skodje rykker opp til 4. divisjon. MSIL, HaNo og Tjørvåg må spele i 5. divisjon også neste år. Vi synes dette er spesielt leit for MSIL og HaNo som vann sine avdelingar føre nettopp Skodje og Ellingsøy. Det må kjennast bittert når ein i løpet av ein lang sesong har lagt desse laga bak seg på tabellen, og så måtte oppleve at desse rykker opp. Blodig urettferdig SFK, og vi håpar ei slik tøvete ordning aldri meir ser dagens lys. Men dette var ei ordning som ein del klubbar trumfa igjennom, og som vi trur IL Ravn var nokså aleine om å vere motstandar av (nettopp med tanke på at dei nestbeste kunne rykke opp).

Runde 5 (31.10.2009)

HaNo – Ellingsøy 0-4

Skodje – Tjørvåg 4-1

MSIL – Gursken/Larsnes 3-3

Sluttstilling: Gursken/Larsnes 10 p, Ellingsøy 9 p, Skodje 9 p, MSIL 8 p, HaNo 6 p, Tjørvåg 1 p.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor

Banekalender

banekalender

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv