Fotballgruppa i Ravn, med juniorlaget i spissen, avvikla eit så godt som prikkfritt LAN-arrangement i helga. Bortimot 200 ungdommar var innom Eidet kulturhall frå fredag til søndag. Ca 120 med PC, – dei fleste gutar, – medan jentene var i klart fleirtal blant dei besøkande.
På kort varsel var det juniorlaget med foreldre som tok på seg arrangementet, og fekk god hjelp av G16/J16 m/foreldre. Resultatet vart eit stort overskott. Kjempebra – og ein stor takk til alle som deltok!