Daglig arkiv: 07 oktober 2009

Uavgjort i fairspelt G14 kamp mellom Ravn og Brattvåg

07 oktober 2009
Skrevet av:

Ravn og Brattvaag spelte uavgjort 1-1 i ein G14 kamp på Ravn stadion tirsdag kveld.

Ravn starta best og tok ledelsen 1 – 0, etter at ein corner frå Jørgen Hatlehol gjekk i mål via Brattvåg sin keeper. Etter dette tok gjestane over, men ein opplagt Amund Krogsæter i heimeburet tok det som kom, slik at heimelaga leda ved pause. Brattvåg åpna best i andre omgang og utlikna etter ca 10 minutt.
Etter dette kom Ravn bedre med og skapte fleire målsjansar, men også bortelaget hadde sine sjansar. Ingen av laga makta å score, slik at kampen ebba ut med uavgjort.

Even Ødegård måtte gå ut med skade når det gjenstod 15 minuttar, og med alle innbyttarar brukt måtte laget fullføre med 10 mann.

Per Ove Tennfjord utførte dommargjerninga på ein god måte, som så ofte før.

Herre7. Treningar framover hausten.

07 oktober 2009
Skrevet av:

Det blir treningar søndagar kl 20  på KGB framover hausten. Norborg er invitert med, slik at oppmøtet forhåpentlegvis blir tilfredsstillande.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor

Banekalender

banekalender

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv