Daglig arkiv: 04 oktober 2009

A-laget med solid sesongavslutning, 8-0 over Lepsøy!

04 oktober 2009
Skrevet av:

Alag

Framfor 12 forhutla og gjennomfrosne tilskodarar varta Ravn opp med  angrepsspel som varma og ein knusande 8-0 seier over Lepsøy  i sesongavslutninga. (Desse 12 tilskodarane gjorde forøvrig eit mykje lurare valg enn oss som valgte å reiste på Color Line Stadion).

Mål: Ole Birger (3), Eivind (2), Even, Trond, Øyvind K

Laget: Holger, Stian,(Ole Magnus) Øyvind Farstad, Knut, Øyvind K, Even, Jørn H (Anders), Eivind, Trond, (Tore) Ole B., Thomas (Frank)

Ravnbørsen: 3 p: Eivind, 2 p: Trond, 1p: Øyvind K

I ein for så vidt betydningslaus kamp ville Ravn mest, og spelte etter kvart ut eit Lepsøylag som var slitne og glad då fløyta gjekk for full tid. Heile Ravnlaget leverte ein god kamp, og juryen hadde  mange gode kandidater til «dagens Ravning». Nesten uforståeleg at det vart 1-0 til Lepsøy i vårkampen!

Etter jamne åpningsminutt hadde faktisk Lepsøy første sjansen på ei god heading, men Ravn hadde like etterpå ein megasjansa som Ole B sette over  frå kort hald – med venstra. Men derifrå og ut dominerte Ravn, og skapte sjanse på sjanse med godt kantspel og gode innlegg. Trond var mannen bak mykje: først la han eit perfekt legg som Eivind heada i mål, så fekk han eit langt framspel frå Øyvind K, tok det ned og lobba over keeper i same bevegelse. 3-0 kom etter ei lynrask perfekt kontring: Øyvind K til Trond på høgrekanten, han forserte i bakrom til linja, la innlegg  til Ole B som gjorde 3-0.

2.omgang  var ei stund mållaus, sjøl om Ravn hadde full kontroll. Men siste 25 minutta kom det fem flotte mål. Midtbanesjef Eivind stod fram som banens beste med utsøkte pasninger og  sterkt duellspel. Han fekk god hjelp av Even (17) som spelte sin første kamp frå start . Even spelte betre  til lenger kampen varte, og var ein av dei dominerande etter pause. Han fekk også  gleda av å score sitt første seriemål for A-laget på eit langskot like under tverrliggaren. Ole Birger kom også sterkt på slutten og noterte seg for to fine mål. Har vel blitt minst 20 mål i haust for Ole på A- og jr.lag!

Flottaste målet var det Øyvind K som gjorde: frå høgrebacken raida han opp frå eigen banehalvdel, slo ein vegg,  gjekk igjennom og runda keeper før han la ballen i mål.

Med ei kjemperedning via tverrliggar sikra Sven at Ravn for første gong i år heldt nullen. Forsvaret var stødig, Øyvind Farstad spelte stort og har blitt ein veldig fin tilvekst.

Ravnlaget som avslutta sesongen var ei fin blanding av ungt og litt eldre. Fire juniorer spelte frå start, fleire er i kjømda, og saman med dei meir rutinerte bør dette gje eit enno betre A-lag neste år.

Svært avgjerande er det at trenar Erlend Fjørtoft tar (minst) eitt år til. Han har gjort ein kjempejobb, fått guts inn i laget og etablert eit offensivt gjenkjenneleg spelemønster. Vel blåst Erlend og dine disipler!

Laget ender på 3. eller 4. plass, avhengig av korleis oppgjeret Giske-Harøy endar (med Harøypoeng tek dei 3.plassen).

Gutelaget 12-0 over HaNo.

04 oktober 2009
Skrevet av:

IL-RAVN-G16-lagbilder 2009 054

2.divisjon avd. 2 G16:

Ravn-HaNo 12-0 (8-0)

John Ivar Eide (5), Eirik Tomren (4), Eivind Hagen, Martin Skaar Vadset (!)(str), 1 sjølmål.

Dommar: Oddmund Kaldhussæter. Ingen kort.

G16 tok ein ny heimeseier torsdag kveld med heile 12-0 over HaNo FK.  Ravngutane  tok kommandoen med agrresivt spel alt frå start av, og vann det som var av dueller og skapte sjanse på sjanse. Og det var stort sett melodien heile kampen, sjøl om HaNo hadde eit par feite sjanser etter pause til å pynte på resultatet. Kampen bar nok preg av at gjestene ikke er vande med at ballen går så fort som den gjer på vått kunstgras.

Etter ei uheldig HaNoåpning med sjølmål etter to minutt vart første 20 minutta eit einaste langt Ravnangrep. Når gutane let ballen gå varta dei opp med mykje fint spel. På topp var John Ivar i storslag og sprang frå gjesteforsvaret gang på gang. Fleire av måla hans var sterke soloprestasjonar der han bruket både fart og muskler. Andre mål kom etter flotte innlegg, som då Joachim Sørvik la ein høg ball på bakerste som Eirik breidsida i mål på volley. Keeper Martin kom også på scoringslista, han sette strafferen elegant i vinkelen.

Etter 8-0 ved pause vart det noko rolegare i 2. omgang, sjøl om sjansene var der til å putte på fleire enn dei fire måla som kom. Smågutespelar Eivind Hagen avslutta scoringene etter eit fint legg frå ein annan smågutespelar, Sigurd Korsnes.

Ein godt gjennomført kamp av alle 17, og utanom å vinne så stort viste gutane imponerande aggressivitet og innsats heile kampen. No gjeld det å trene trene godt i to veker til før siste kamp på på Stranda fredag 16.oktober.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor

Banekalender

banekalender

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv