Glimrande innsats av J13 på «Høstputten» på Emblem.
Eller som ein av foreldra (Håvard Noem) sa det ; «Det er vanskeleg å ikkje få ei tåre i augekroken sånn som desse jentene spelar fotball».
Finalen vart vunnen 4-0 over Stranda. 4 mål av Andrea Indstø.
Innleiande kampar : Ravn-Herd 6-0. Ravn-Stranda 1-0. Ravn-Emblem2 3-1. Ravn-Emblem1 2-0.
J13: Johanna Solvang, Pauline Neergård, Andrea Noem, Marita Vestre, Amanda Georgiadis Tenfjord, Victoria Standal, Ingrid Åsemyr, Andrea Indstø, Oda Nybø Christensen.
Desse jentene har hatt ein kanonsesong (blant anna med ein 3. plass fra Rema 1000 cup i Volda i vår). No sette dei altså kronen på verket, og gjekk heilt til topps under Høstputten på Emblem. Sterke lag som Herd, Stranda og Emblem vart sett på plass, og jentene kunne feire eit velfortjent cupmeisterskap! IL Ravn gratulerer desse flotte jentene (og trenarar/lagleiar) med prestasjonen.