God start på haustsesongen også for G14.

24 august 2009
Skrevet av:

G14 vann ein fortent 3-2 seier mot Vigra i den første kampen etter sommerferien.

Brede Solheim avslutta eit fint Ravnangrep med å lage 1-0 på eit hardt skudd frå 16 meter. Vigra utlikna til 1-1 før pause. I andre omgang scora Eivind Hagen to mål, etter fine forarbeid av henholdvis Brede Solheim og Jørgen Hatlehol.

Vigra klarte å redusere ein gong, og sjølv om Ravnkeeper Amund Krogsæter måtte ta fram sitt beste ved nokre høve, vann Ravn ein fortent seier.   

I neste kamp vann laget 5-0 borte mot Brattvaag. Her scora, Eirik Tomren 2, Eivind Hagen, Espen Arnes og Ole Mathias Heggem.

Ravn var det førande laget i heile kampen, men også Brattvåg hadde sine målsjanser. Ein god Amund Krogsæter tok imidlertid det som kom .

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Banekalender

banekalender