Daglig arkiv: 12 juni 2009

Første tap for Herre 7.

12 juni 2009
Skrevet av:

Herre 7 var i går i Brattvågen og måtte bokføre årets første tap. Brattvåg var hakket bedre gjennom heile kampen og resultatet vart til slutt 8-3. Ein godkjent kamp av Ravn, men det kjem vel fram at laget trener for lite. Men det er vanskeleg å få til noko meir, då laget stort sett består av personar som gjer ein kjempeinnsats for klubben gjennom treneroppgåver og lignande.

Etter 3 sigrar hadde Ravn eit håp om at dei skulle kunne utfordre Aafk i år i kampen om kretsmesterskapet. Det håpet fekk seg ein knekk i går. Brattvåg frykta tydelegvis denne kampen på førehand og hadde henta inn blant anna Frank Dalhaug til denne kampen. På grensa til usportsleg å styrke desse 7er-laga med dei beste spelarane frå 11er-laga i klubbane, spør du oss…

Dette var første kamp i ei rekke på 4 kampar på 12 dagar for desse forholdsvis utrente karane. No skal Herre 7 i tur og orden møte Aafk, Aksla og Norborg. Dette er alle kampar det blir tøft å ta poeng i, og spesielt mot Aafk må ein framvise meir kløkt enn det som blei gjort i Brattvågen. Aafk leiar avdelinga med 10 poeng på 4 kamper, Brattvåg har 10 poeng på 5 kampar, Ravn har 9 poeng på 4 kampar og Norborg har 7 poeng på 4 kampar. Fortsatt er det tett i toppen, og alle desse 4 laga er i høgste grad med, men vi trur det berre er eit tidsspørsmål før Aafk som vanleg stikk ifrå resten.

Gratulerer til Fjørtoft som tok sesongens første siger (4-1 heime mot Ørskog).

Klubbdommarkurset.

12 juni 2009
Skrevet av:

15 stk gjennomførte klubbdommarkurset i går kveld. Kjempeflott. Oppdaterte lister vil snart bli lagt ut. Dei 15 som gjennomførte i går er:

Navn                                     Tlf

Stian V Stokke                   48255701

Lars Petter Hofset           90793732

Tommy Arnes                    90698679

Even E Hatlehol                 48201749

Martin S Vadset                97099326

Brede K Solheim               97720972

Eivind S Hagen                   95491550

Stine Røv                             40474483

Ole Petter B Helle            93051902

Kristian H Standal             48119247

Roger jr Stavne                 93087397

Eirik Tomren                       98471868

Joakim H Sørvik                 91601209

Joakim Vatnehol              99126014

Lars Daniel Tenfjord        (litt ung for dommaroppdrag ennå, men absolutt eit talent for framtida).

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Banekalender

banekalender