Alaget tapte 1-4 mot Brattvåg 2 på grasbana i Brattvågen. Eit greit resultat sidan Brattvåg stort sett var hakket betre gjennom heile kampen. Vi sakna innsatsen hos Ravn. Kominert med mange tabber er dette en sikker oppskrift på å tape fotballkamper. Det starta etter 11 minutt da Ravnkeeper presterer å fomle eit totalt ufarleg innlegg i mål. Ca 5 minutt etter dette får Ravn straffe, som fra vår posisjon såg noko billeg ut. Men dommer Grande var betre plassert enn det vi var. Eivind Ulla set straffa sikkert i mål. Ein 1. omgang utan sjanser ebber ut med 1-1! 2. omgang er av den triste sorten for Ravn. Brattvåg får lage 3 enkle mål, utan at vi makter å skape sjanser.