Post(er) tagga med: ‘ H7 ’

Kjempesensasjon på Color Line Stadion.

26 august 2009
Skrevet av:

Ørskog stod for det som vi vil betegne som ei bombe av dimensjonar på Color Line Stadion i Herre7 serien i går. Serieleiar Aafk blei banka heile 9-2. Vi skjønar ikkje korleis det kan gå an, men vil iallefall gratulere Ørskog så mykje med dette resultatet (eit smått sensasjonelt comeback etter 17-2 tapet mot Ravn).

Ravn kan derfor i skrivande stund kalle seg serieleiar. Same poengsum som Aafk, men atskillig betre målforskjell. Like bak lurer Brattvåg, med 4 poeng mindre, og ein kamp mindre spelt. Brattvåg slo i går Norborg enkelt 7-0. Eit nokså redusert Norborglag pga a-lagstrening og komande viktig 3. divisjonskamp.

Kampen om seriemesterskapet er igjen open. Alle desse laga skal møte kvarandre utover hausten, og her kan tydelegvis alt skje. Kampen stend no mellom Aafk med breidde og rutine frå høgare divisjonar, Brattvåg med sine godt trente samspelte karar og klassekeeper, samt Ravn med sitt offansive skåringsmaskineri. Vi held fortsatt Aafk som knapp favoritt føre Brattvåg. Men festfotballen og angrepsfotballen, den er  det Ravn som må stå for!

Herre7. Grei siger mot Fjørtoft.

26 august 2009
Skrevet av:

H7 har starta vårsesongen med 2 solide resultat. I går blei det 12-1 mot Fjørtoft (vi likar godt Fjørtoftingar, men er ikkje serleg hyggelege mot dei på bana. På 5 kampar dei to siste sesongane har vi tatt 15 poeng og skåra over 60 mål mot dei). Her er referata frå dei 2 haustkampane.

Ørskog – Ravn 2- 17.

Her møtte vi eit Ørskoglag med alder ifra ca 17-55år. Dei hadde ikkje brukt sommeren like godt som oss, med lange tunge intervalløkter tidlig i ferien og over i restitusjon siste veke før kamp var det eit bevegelig Ravn lag som entra bana. Ørskog prøvde motsatt taktikk og var enormt stasjonere. «Gutane» var også flinke til å omsette sjanser i mål og vi scora jamnt og trutt omgangen gjennom. Til pause leda vi 9-0. Da bytta Ørskog sin beste mann i 1. omg ut med ny keeper. Han var faktisk mykje betre en keeper i 1. omg. Dette medførte mange forspilte sjanser i starten av 2. omg. Det vart 9-1, 10-1 og så 10-2. Da begynte opptimismen å spre seg i Ørskog laget og dei ropte og ildna opp kvarandre med at dei leda 2. omg 2-1. Dette vart sjølvsagt for døve øyrer for eit forsatt bevegelig Ravnlag som fortsette å pøse på. Stillestående Ørskogspelarar møtte guttane berre på veg opp og når dei var på veg heimatt igjen. Vi vart flinkere til å bruke breidda til midtbana og vi kom gjentatte ganger forbi og fekk anten lagt inn eller avslutta sjølv. Og keeper måtte til slutt kapitulere og måla kom på rekke og rad til kampen var slutt.

Det stod 17-2 når dommeren blåste i fløyta. Vi må vere ærleg å inrømme at dette var nok det svakaste laget vi har møtt i år, men vi scorer 17 mål og kunne ha gjort det dobbelte. 

Ravn – Fjørtoft 12 – 1.

Heime på fort Ravn er vi fortsatt ubeseira i årets sesong. Dette var også målet før møtet med Fjørtoft. Karane gjekk ut og låg veldig lavt i begynnelsen av kampen og Fjørtoft virka som dei hadde pågangsmot til å spele ut våre beste menn. Spelemessig ute på bana var det janmt, sjølv om Fjørtoft sleit med å komme til farlege sjanser hadde dei ballen like mykje. Ravn sleit også med å komme raskt nok etter da vi hadde vunne ball pga avstander mellom lagdeler. Men Ravn var mykje farligere framføre mål og det kom både 1-0 og 2-0 før pause. Dette kunne vore mykje større hadde det ikkje vore for at Fjørtoft sin bestemann var keeper Henning Otterlei. En mann som har spelt ute både på Fjørtoft og på Brattvåg i 3. div. No er ikkje kondisen som den var lenger og han har flytta seg lenger og lenger bak på bana, og no til slutt keeper.

I pausa vart gutane einige om å presse høgare med heile laget og passe avstandane mellom lagdelane. Dette funka til punkt og prikke og eit aggresivt Ravnlag tok komandoen fra start. Dette resulterte i 3 scoringer før det hadde gått 5 min, og alle var identiske. Dei kriga og vann att ballen. Den vart spelt til playboyen Jan Petter Hagen (her meinar vel referenten playmakeren???, red. anm) på midten som full av franske følelsar serverte Jan Even silkepasninger i mellom forsvaret, Jan Even forserte ned mot dødlinja, la inn foran mål der Kjartan kom på fremste og Svein Jacob kom fra motsatt kant på bakerste og bytta på å putte.

Vil anta at 10 av måla kom etter forsering ifra sida og legg framføre mål. Og det var altid vilje til å komme både på første, bakre stolpe og en som låg 45 ut. Angrep tatt rett ut av læreboka.

Kampen var no køyrt og Fjørtoft vart meir sporadisk i sine forsøk og hang ikkje saman som lag. Forsvaret vart også mykje flinkere å ligge i rygg og braut alle forsøk på oppspel til spiss. Dei var også flink på å komme etter i angrep. Eit døme på det er når Ole Magnus les eit oppspel 15 m fra eige mål, bryt foran spiss og forserer i stort tempo, drar av midtbana på vei opp, finter vegg med Kjartan med forsvararane, dreg seg forbi dei og legg den sideveis til Kjartan, som enkelt kan breiside denne i åpent mål. Kongeprestasjon, av Kjartan 🙂

Ein god gjennomført kamp der maskineriet gjekk heile kampen og det var egentlig berre eit spørsmål kor stor sigeren ville bli.

En stor takk til Anders Berg som dømte 1. omg og som scora eit mål i 2. omg, kjenner eg Anders Berg rett vil nok dette målet gå videre i stillheit.

Neste kamp er borte mot Langevåg tirsdag 1. september.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv