Post(er) tagga med: ‘ Alaget ’

Sur uavgjort for alaget.

27 august 2009
Skrevet av:

Ravn-Giske 3-3.

0-1 ? (2min) Draumetreff frå 35 m

0-2 ? (13min)

0-3 ? (18min) Straffe

1-3 Ole Birger Nergård(20 min)

2-3 Ole Birger Nergård(47 min)

3-3 Kim A Krogsæter(52 min) 

Juryens dom: 3 poeng:   Ole Birger, 2 poeng:   Trond, 1 poeng:    Eivind.

Dommar: Henning Nygård (Hadde kun ein stor feil, men den vart dessverre avgjerande….)

Laget:  Holger Tovås, Magnus Sperre Tennfjord, Øyvind Farstad, Knut Egil Lied, Stian Eik( Ole Magnus Klokset,65) – Evind Grøtt Ulla, Dag Ruben Midsund, Jørn Hegglund(Kim A Krogsæter,30)- Tomas Aarseth(Jørn Hegglund,70), Trond Hamre, Ole Birger Nergård

Dette var ein kamp Ravn skulle ha vunne med tosifra etter spel og sjansar, men Giske sjokkerte med å lede 0-3 etter 18 minutt. Giske ville mykje meir enn Ravn dei første minutta og det fekk Ravn svi for. Det såg ikkje ut som Ravnspelarane var klar til kamp, og vakna ikkje før dei hadde fått 3 baklengsmål (…det er vel i seinaste laget?..).

Giske fekk ein drømmestart etter 2 min, med eit kanonskot frå 35 meter som traff tverrliggaren og ned 10 cm bak mållinja. Vakkert! Etter 13 min får Giske frispark nede på Ravn si høgre side og frisparket blir slått med innoverskru rett på mål, Ravnkeeperen er uheldig og slepp den mellom beina. Ravn forsvaret fortsetter å gjere det vanskeleg for seg og dette enda med at Øyvind F felte ein Giske spelar innanfor 16 meteren, straffe og 0-3 var eit faktum.

Heldigvis vakna Ravn spelerane etter dette, og rundspelte Giske i resten av kampen. 1-3 kom etter vakkert spel der Tomas spelte fri Trond på høgrekanten som la inn til Ole Birger, som breisida ballen i mål. Ravn forsatte å produsere store sjanser der Eivind, Kim, Trond og Ole Birger alle var nære ved å score. Knut og Tomas hadde også kvar sin i treverket. Heldigvis skapte Ravn mange store sjanser i første omgang, slik at dei kunne gå ut etter pause med tru på at dei skulle ta igjen Giskeledelsen.

Ravn fekk ein draumestart 2 min ut i andre omgang, der Eivind traff Trond med ein flott krosser, Trond drog seg  fint fri til dødlinja, før han serverte Ole Birger eit flott innlegg. Ole Birger satte ballen like vakkert i mål med hovudet. Etter 52 min var det klart for 3-3 og, igjen var det Trond som var servitør med pasning frå Eivind. Innlegget frå Trond sette Kim flott i krysset frå ca. 11 meter.

Det var sterkt av Ravn å komme tilbake til 3-3, og det viser seg at det er viktig å ikkje gi opp sjølv om det ser noko svart ut…. Ravn fortsette å spele ut Giske med flott angrepsfotball, men sjølv etter utallige 100%-sjanser, ville ikkje ballen i mål.  4 min før slutt, var alle sikre på at Ravn skulle få straffe. Til og med Giskespelarane!  Men den ellers så gode kampleiaren Henning Nygård, såg ikkje at Trond vart takla vel 2 m innanfor 16-meter streken!  Her vart Ravn snytt for ei soleklar straffe.  Likevel har Ravn seg sjølv å takke for mange misbrukte sjansar og enkle baklengsmål.  Trenar Erlend Fjørtoft er misfornøgd med at laget ikkje var betre frå start av og sjølvsagt at vi ikkje klarte å ta 3 poeng. Men han er likevel godt fornøgd med at gutane spelte flott angrepsfotball, produserte mange store sjanser og at vi rundspelar Giske i 70 min.  Det er spesielt kjekt å sjå at angrepsspelet som vi har trent på, kjem fram under kamp.

Det var òg frustrerande at dommar Nygård tillet Giskespelarane å sparke vekk ballen ved fleire høve på tampen i 2. omgang etter at han hadde dømt frispark til Ravn. Dette skjedde fleire gonger etter at Ravnspelarane hadde lagt ballen tilrette. Dette skal vere gult kort, og det bidreg til unødig høg temperatur på bana og sidelinja når det ikkje vert slått ned på. Dette var svakt av Nygård, som ellers dømde godt (minus straffa han oversåg). Minus òg til Ravnspelarane for mykje slurvete innlegg, spesielt på ein del cornera og frispark i 2. omg. Ravn melde seg med dette ut av kampen om dei 2 første plassane (som kvalifiserer til sluttspel om opprykk).

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv