|
IL RAVN vil gjerne ha deg som medlem! Det er viktig for eit idrettslag at mange støttar ved å vere medlemmar. Ravn slår gjerne eit slag for familiekontigenten, som er ei rabattordning for familiar. Ravn ønskjer deg velkomen som medlem!
Du/ De kan setje inn medlemspengane på konto:
Hugs då å merke giroen med namn, fødselsår og adresse på dei du vil skal stå som medlemmar. Særleg viktig er dette ved familiemedlemsskap. Du kan ta kontakt med skrivarane i hovudstyret eller den enkelte gruppe. Sjå under adresser. Medlemsskap er eit krav for at forsikringar m.v. skal gjelde for dei aktive over 12 år og har mykje å bety når det offentlege skal gje oss støtte. Årsmøtet har bestemt at ingen kan representere Ravn i tevlingar utan at kontigenten er betalt. Du/De kan også bli medlem ved å skrive til: IL Ravn, Eidet Kulturhall, 6265 Vatne |









