Trim

Brukbart med deltaking på Fannetrakken

12 september 2011
Skrevet av: webred

Førstegongssyklarane Line Skarsbø Grytten (8) og Emma Otine Hagen (8) i fint driv opp bakkane i Ertresvågen saman med Lisbeth Skarsbø Grytten


I blanda ver var det 107 personar som sykla årets Fannetrakk. Eit brukbart antal med tanke på at det er eit
par år sidan Fannetrakken har vore arrangert. Dette er eit kjekt arrangement for heile familien, og vi vil legge
oss i selen for at arrangementet igjen skal gå kvart år. Og med betre marknadsføring må målet for neste år vere
at enda fleire skal sykle. Det skal vi få til. Les meir »

Endeleg klart for Fannetrakken igjen!

30 august 2011
Skrevet av: webred

Typisk Fannetrakker???

Etter å ha glimra med sitt fråver, er det søndag 11. september klart for tradisjonsrike Fannetrakken igjen. Dette er ein sykkeltrim for heile familien. Løypa er ca 2 mil og start er ved Vatne Ungdomsskule. Ein syklar så utover mot Slyngstad, opp Fannedalen, ned til Ertresvågen, inn Vatnefjorden igjen og så i mål ved ungdomsskulen. Start frå kl 10:00 og utover. Ein må vere i mål til kl 15:00. Sørg for å bli med på dette flotte og sosiale trimarrangementet. Startkontigenten er 50 kr. Her er det inkludert premiering, saft undervegs og ei grillpølse i brød når du kjem i mål. I tillegg er du med på trekninga av ein sykkel til ein verdi på 3-3500 kr. Sykkelen er sponsa av Sykkelreperatøren og IL Ravn.

IL Ravn trimgruppa

24 juni 2011
Skrevet av: webred

Typisk eksemplar av arten middels ivrig fjelltrimmar


Hovedstyret i IL Ravn har ikkje kapasitet til å arrangere dei tradisjonsrike arrangementene som Fannetrakken,
Ravnmila og Fjord- og Fjellmarsjen utan hjelp frå andre. Leiaren ber difor alle som kunne tenkje seg å hjelpe til
å få i gong aktivitet om å ta kontakt med leiar (Yvonne Bjørkevoll) på telefon 41655917 eller e-post: ysb@post.com Les meir »

Fjord og fjellmarsj søndag 13. juni.

09 juni 2010
Skrevet av: webred

FJORD- OG FJELLMARSJEN

For 26. gong søndag 13. juni 2010.

START/MÅL: Vatne barneskule.
DISTANSAR: 5 km – 12 km – 20 km. + 28 km sykkel.
STARTTID: kl. 09.30 – 11.00.
INNKOMST: Seinast kl. 15.00.
STARTGEBYR: Kr 50,- for vaksne, barn under 16 år kr 30,-.
PREMIERING: 1. – 3. år: Merke i bronse, sølv og gull, frå 4. år: Medalje.
KIOSK: Det vert kiosksal ved start/mål.
LØYPER. 5 km: Løypa går på asfalt- og grusveg i Vatneområdet.
12 km: Løypa går til Ulstadsetra, over ”Øtrefjellet” mot Vestredalen, ned i Vatnedalen og tilbake til start.
første delen på relativ bratt seterveg, deretter fjellterreng og siste delen (ca. 4 km) på asfalt.
20 km: Løypa går til Ulstadsetra, langs nordsida av Ulstadvatnet via Døsasetra til Vestrefjorden, over fjellet til Vestresetra, ned til Vatnedalen og tilbake til start.
28 km: Løypa går på asfaltert veg langs Vatnefjorden til Vestrefjorden og same vei tilbake til start.
Flygeblad: 2010 flygeblad Fjord- og Fjell-marsjen

Endeleg klart for Ravnmila igjen!

06 september 2009
Skrevet av: webred

j0354669

Søndag 20. september er det klart for Ravnmila igjen. Få med deg familien ut på tur! Her er det løyper for alle. Både 3 km, 10 km og 20 km. I tilleg er det også 25 km sykkelløype. IVV-stempling.

Ravnmila er den eldste turmarsjen på Sunnmøre og vert i år arrangert for 29. gong. Toppåret når det gjeld deltaking er heilt tilbake til 1984. Vi oppfordrar herved alle Ravningar og andre turglade til å komme seg ut av godstolen og ut på tur denne dagen.

Vi treng frivillige til å hjelpe til med merking av løyper, kiosksalg, registrering av deltakarar osv. Dei som er interesserte i å hjelpe til kan melde seg til Asbjørn Leine (mobil 91609813) eller Randulf Bakken (mobil 95773541).

Meir detaljert info om starttidspunkt og forskjellig anna finn du ved å klikke her: 2009 flygeblad Ravnmila

CB028584

Trimgruppa søkjer hjelparar.

01 september 2009
Skrevet av: webred

Trimgruppa i IL Ravn gjer ein viktig jobb for folket i bygdene våre. Dei står bak gode og viktige tiltak som blant anna fjelltrimmen (alle postane på fjella i området vårt), fannetrakken, Ravnmila, Fjord og fjellmarsjen. Så dersom du er ein trimmar som set pris på desse tiltaka, og vil gjere ein innsats for å behalde dei, så har IL Ravn bruk for di hjelp. Interesserte kan melde seg til: Asbjørn Leine. Tlf: 91 60 98 13. Epost: asbjorn.leine@rolls-royce.com

Meld deg til tjeneste – slik at vi greier å oppretthalde aktiviteten!

Fjord- og fjellmarsjen, søndag 14. juni.

10 juni 2009
Skrevet av: webred

j0354669

For 25. gong søndag 14. juni 2009.

 

START/MÅL:     Vatne barneskule.

DISTANSAR:     5 km – 12 km – 20 km.      + 28 km sykkel.

STARTTID:        kl. 09.30 – 11.00.

INNKOMST:      Seinast kl. 15.00.

STARTGEBYR: Kr 50,- for vaksne, barn under 16 år kr 30,-.

PREMIERING:  1. – 3. år: Merke i bronse, sølv og gull, frå 4. år: Medalje.

KIOSK:               Det vert kiosksal ved start/mål og ute i løypene.

LØYPER.            5 km: Løypa går på asfalt- og grusveg i Vatneområdet.

                             12 km: Løypa går til Ulstadsetra, over ”Øtrefjellet” mot

Vestredalen, ned i Vatnedalen og tilbake til start.

første delen på relativ bratt seterveg, deretter fjellterreng og siste delen (ca. 4 km) på asfalt.

20 km: Løypa går til Ulstadsetra, langs nordsida av Ulstadvatnet via Døsasetra til Vestrefjorden, over fjellet til Vestresetra, ned til Vatnedalen og tilbake til start.

28 km: Løypa går på asfaltert veg langs Vatnefjorden til Vestrefjorden og same vei tilbake til start.

 

             

                                    ARRANGØR:   IL RAVN / TRIMGRUPPA.

Infoskrivet finn du ved å klikke her: Info

Fannetrakken søndag 10.05.

06 mai 2009
Skrevet av: webred

CB028584FANNETRAKKEN vert arrangert søndag 10. mai 2009 for 28. gong.
START/MÅL: Vatne Ungdomsskule
PÅMELDING: Ved start frå kl. 09:30 til 11:00.
INNKOMST: Seinast kl. 15:00
DISTANSE: 20 km og 25 km med IVV-stempling
STARTGEBYR: Kr. 50,- for vaksne og kr. 30,- for barn under 16 år.
PREMIERING: Alle som fullfører frå 1. til 3. gong får merke.
Frå 4. til og med 6. gong gir medalje.
Dei som deltek for 7., 8. eller 9. gong får oppsamlongspoeng til Fannetrakkens 10-års plakett, som vert utdelt 10. gong.
Frå 11. til 15. året er det årsteikn, og 16. året er det pins/medalje.
Alle som deltek for 25. gong får eigen plakett!
KIOSK: Det vert sjølvsagt sal av vaflar og andre godsaker!

HUSK SYKKELHJELM!

Arr.: IL Ravn/TRIM-gruppa.


Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Arkiv

WP SlimStat