Fotball

Alaget slo Norborg2 4-3

19 oktober 2011
Skrevet av: webred

5.div ad. 3.
Norborg2-Ravn 3-4 (1-3)
Mål Ravn: Tore Nedrevold (2), Eivind Ulla, Trond Hamre

Ravn måtte slite for sigeren i nabooppgjeret mot Norborgs nest beste menn i Uggedalen tirsdag. I ein sjanserik kamp, men der feilpasningane florerte, hadde Ravn ein tilsynelatande trygg ledelse 4-1 20 minutt før slutt. Men i sluttminutta var det like før det vart 4-4. Les meir »

G13 vann og sin siste kamp. 7-1 på Høddvoll!

17 oktober 2011
Skrevet av: webred

Den siste kampen gjekk mot Hødd på kunstgraset sønadg. Kampen vart litt utsett på grunn av at eine ferja hadde problem med ein frekvensomformar og låg på Hareid.
7-1 (4-0)vann gutane våre med etter kvart. Særleg ei periode på 10 min. i 1. omgang viste dei spel av ypperste merke. Jamnt og trutt drog dei frå heimelaget, som sleit fole med å skape sjansar. Ravn/Norborg på si side skapte veldig mange. Dermed vart det 10 sigrar av 10 moglege og 63-15 i målskilnad i haust. Det er ikkje verst. Etter kampen stillte gutane sporty opp som ballgutar i Adeccoligakampen mellom Hødd og Kongsvinger.
Heile laget har gjort er formidabel innsats over lang, lang tid for at dette skulle bli ein realitet. Ikkje minst trenar Lars Tenfjord som har hatt gutane i seks år.

G13 Ravn/Norborg vart krinsmeistarar!

16 oktober 2011
Skrevet av: webred

Glade vinnarar og like glade foreldre


Ravn/Norborg G13 krinsmeister
Ravn/Norborg- Emblem 11-0. For første gong i historia kan Ravn skilte med ein krinsmeistertittel på gutesida i aldersbestemte klasser. Jentelag i Ravn har vore krinsmeister, det same har både damelaget og herrelaget i sine divisjonar, men tittelen i aldersbestemte klassar heng minst like høgt. Kor tøft det er å hevde seg viser det faktum at Ravn sidan 1954 ikkje har hatt eit lag som har klart den prestasjonen.

Med god hjelp og godt samarbeid frå våre gode naboar i Norborg har 13-åringane i haust spelt dobbelt serie i 1. divisjon saman med Volda, Herd, Hødd, Rollon og Emblem. Med 27 poeng og 56-14 i målskilnad på ni kampar, er laget vinnar av divisjonen og dermed krinsmeister før siste kampen mot Hødd. Den går søndag klokka 1300 på Hødvoll, som forkamp i Adeccoligakampen mellom Hødd og Kongsvinger. Heile laget har gjort ein formidabel innsats over lang, lang tid for at dette skulle bli ein realitet. Ingen nemnt og ingen gløymt.

A-laget vann 6-4 mot Brattvåg i siste heimekamp

14 oktober 2011
Skrevet av: webred

Ravn-Brattvåg 2 6-4 (2-2)
Mål Ravn: Tore Nedrevold 3, Knut Egil Lid 2, Kim Krogsæter. Les meir »

Tap for G14

12 oktober 2011
Skrevet av: webred

G14, 1. div: Herd-Ravn 3-1.. Les meir »

J13 med målkalas.

12 oktober 2011
Skrevet av: webred

J13, 1. div: Ravn-Vartdal 13-4 (6-2).
Mål: Ingrid (7), Rikke (2), Ingeborg (2), Fride (1), Sjølmål (1). Les meir »

Fantommål gav juniorane 3-3 mot Stranda

11 oktober 2011
Skrevet av: webred

Ravn – Stranda 3-3 (1-2)
Mål Ravn: Tommy Arnes, Erik V. Stokke, John Ivar Eide Les meir »

G13: Rollon-Ravn/Norborg 2-8

10 oktober 2011
Skrevet av: webred

Ny siger til G13 i 1. divisjon. Dei leiar no med 9 poeng på Volda.
Dei har igjen 2 kampar å spele. Volda har 3 kampar igjen. Det nærmar seg eit
kretsmesterskap for gutane. Men Volda kan fortsatt gå forbi. Då må dei vinne
sine 3 siste kampar, og Ravn må tape sine 2. Ravn har igjen Emblem heime og
Hødd borte. Dermed vil eit poeng heime mot Emblem vere svært viktig. Den kampen går
fredag 14. oktober, og den bør du få med deg.

Flaskepantaksjon 15. oktober

10 oktober 2011
Skrevet av: webred

Laurdag 15. oktober er det klart for ny flaskepantaksjon. Då kjem IL Ravn rundt på dørene og samlar inn flasker til idrettslaget. Vi er veldig glade for alle bidrag, og blir ekstra glade om du sett ut flasker i plastposar, slik at dei berre kan plukkast opp av våre innsamlarar. Vi startar om føremiddagen.

2 x Anders Berg då A-laget slo HaNo 5-1

02 oktober 2011
Skrevet av: webred

Ravn-HaNo FK 5-1 (1-0)
Mål Ravn: Anders Berg 2, Stian Stokke 2, Trond Hamre.

Legenden Anders Berg var sentral da Ravn vann 5-1 over HaNo FK fredag og rykte opp to plasser frå botnplasseringa.
Veteranen stod på og jobba godt heile kampen, og var på rett plass og kriga inn 1-0 mot slutten av 1.omgang, etter eit flott forarbeid av Trond Hamre.

I andre omgang stod kampen og vippa før Anders slo til med ei lur heading på bakerste stolpe og 2-0.
HaNo reduserte til 2-1 etter corner, men elles tok keeperdebutant Kristian Osvik (31)-inn i 2.omgang- det som kom. Han spelte sist på A-laget som 20-åring, då som spiss.
Ravn dominerte meir og meir utover i omgangen, og med eit fint gjennombrot og sikker avslutning av Trond, samt ei heading og eit langskot av Stian vart det tre kjappe mål siste kvarteret. Då skapte Ravn mykje bra når dei let ballen gå og brukte kantane.
Begge laga slit med rekrutteringa; det var tynt på benken. Ravn hadde ein innbyttar + keeper.
HaNo hadde lite å by på, og gjorde seg mest bemerka med høglytte protestar mot dommar Norvald Laussund, som dømte heilt greitt.

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Arkiv

WP SlimStat