IL Ravn Arkiv

Ravn J16 serieopna med siger

21 april 2015
Skrevet av:
Cornersituasjon

Cornersituasjon

Langevåg-Ravn 0-4 (0-2).
Mål: Fride Lianes 3, Sonja Ulvestad 1.
Då var første seriekampen endeleg unnagjort. Dette var ein kamp vi hadde god tru på at vi skulle vinne. Kanskje litt for god tru. Langevåg viste seg å vere eit bra lag. Godt organisert, jobba hardt, sprang mykje og ein god del spelarar som var flinke med ball. Og bakerst hadde dei ein keeper av høg klasse i Lisa Petrine Raknes. Her har Langevåg potensial til å få fram nok ein toppkeeper på damesida. Les meir »

Volleyball

11 april 2015
Skrevet av:

Det er starta opp med lågterskel volleyballtreningar for gutar og jenter på ungdomstrinnet.

Jentene har trening måndag 20.00-21.30.

Gutar har trening onsdag 14.00-15.30 (dette kan potensielt forandrast).

Oppmodar også eldre til å ta turen innom om dei vil spele litt volleyball, både tidlegare spelarar og nye.

Vonar at dette kan fortsette etter sommaren også.

 

J16 vann første NM-kvalikkamp

13 mars 2015
Skrevet av:

Ravn-Hasundgot 6-0 (2-0).

Mål: Fride 2, Adela 2, Sonja 1, Ingrid F 1.

Grei seier for Ravnjentene mot eit hardtarbeidande Hasundgot. Ravn hadde mykje ball i denne kampen, skåra første mål etter 10 minutt då Fride fekk eit fint gjennomspel av Adela. Så går det heile omgangen der vi produserer ein heil del sjansar før Adela i det 40. minutt lykkast med eit godt langskudd. Dermed 2-0 til pause og senka skuldre. I 2. omgang malar vi på og Sonja, Fride, Adela puttar kvar sitt mål. Heilt på slutten fastset ein av dagens dubutantar i 11er-fotball, Ingrid Førdestrøm resultatet til 6-0, etter eit av sine flotte raid. Godt gjennomført kamp av jentene. I neste veke skal det avgjerast om vi går vidare, då møter vi Bergsøy heime på tirsdag og Guard borte på onsdag.

Ravn J16 med dobbelsiger

01 mars 2015
Skrevet av:

Ravn J16 deltok fredagskvelden på Herd sin nattcup i Sunnmørshallen. Vi delte spelarane inn i to jamne lag og tok med 3 J14-jenter for å stille nok spelarar. Ravn 1 vann sine 3 kampar i innleiande runder mot Emblem,Stordal og Isfjorden med til saman 12-0, og gjekk lett til semifinale. Ravn 2 hadde litt meir rusk i maskineriet, vann mot Vartdal og Spjelkavik i innleiande, men tapte 3-1 mot eit av Herd laga (Herd og hadde med to lag). Men det heldt likevel til semifinaleplass. Dermed var begge laga klare for semifinale.

Og det var dei to Herdlaga som vart motstandarar. Ravn 1 spelte meget bra også i semifinalen, og vann kontrollert 3-0. Ravn 2 møtte det andre Herdlaget og tok der ein meget fortjent 2-1 siger. Dermed var begge Ravnlaga klare for finale. Ravn 1 var naturleg favoritt etter null baklengs og 15 skåra mål på 4 kampar. Men i finalen var det Ravn 2 som ville mest og vann den greit. Utan at nokon av laga la all verdens prestisje i akkurat den kampen. Naturlegvis stor stemning i Ravnleiren denne kvelden/natta. Juniordamene deltok også og vart nr 3. Bra det, spesielt med tanke på at dei stilte utan innbyttarar. Og det er tungt innandørs.

J16 i NM-kvalik i mars

18 februar 2015
Skrevet av:

J16 skal i mars møte Guard, Hasundgot og Bergsøy i NM-kvalik for J16. Vinnaren av pulja går vidare til regionale runder der ein møter lag frå Normøre/Romsdal/Trøndelag. Vi trur at Ravnlaget skal ha ein fair sjans til å vinne denne pulja. Hardaste utfordrar er nok Guard, men Hasundgot og Bergsøy vil nok og ha eit ord med i laget. Spanande vert det uansett. Laurdag 07. mars er det bortekamp mot Guard. Tirsdag 10. mars heimekamp mot Hasundgot og tirsdag 17. mars heimekamp mot Bergsøy.

Årsmøte i IL Ravn

22 januar 2015
Skrevet av:

Det blir med dette kalla inn til årsmøte i IL Ravn i Eidet kulturhall måndag 23. februar kl. 1800.
Sakliste som etter vedtektene

Frist for å sende inn forslag til styret er 9. februar kl 1900 på epost post@il-ravn.no. Kl 1930 9.2 har styret siste styremøtet før årsmøtet. Etter det vil også endeleg sakliste med evt. forslag til årsmøtet bli lagt ut på nettet.
Stein Harsjøen, mob. 920 84 730, er leiar i valkomiteen og er glad for tips på mulige styremedlemmar.
Ved andre spørsmål ta kontakt med leiar Arnt Ove Tenfjord, mob. 99 33 55 08 eller leiar@il-ravn.no

G16 vann mot Spjelkavik

21 januar 2015
Skrevet av:

I ein treningskamp i går kveld på Uggedal Stadion vann G16 Ravn/Norborg 5-1 over Spjelkavik.
Mål: Jonas Holmeset, Anders Urkedal, Odin Marthinussen, Sigurd Hildre og Anders Toven.

J16 tok bronse i futsal-KM

20 januar 2015
Skrevet av:

J16 var søndag i Sykkylven og deltok i A-sluttspelet i futsal-KM.
I dei innleiande rundane som var før jul fekk laget full pott der
dei vann sine 4 kampar mot Stranda2, Spjelkavik, Ørsta og Blindheim1.
På søndag starta vi fint og vann kontrollert 3-1 mot Hødd. Les meir »

Felles G16 med Norborg

15 desember 2014
Skrevet av:

G16 vil i 2015 stille felles lag med Norborg. Dette laget blir då kalt Ravn/Norborg.

Felles juniorlag med Brattvåg

12 desember 2014
Skrevet av:

På herresida vil det i 2015 vere eit felles juniorlag med Brattvåg. Brattvåg vil administrere
laget og det offisielle navnet blir då Brattvåg/Ravn. Brattvåg si heimeside melder i dag at
Richard Tomren blir trenar for laget. Richard Tomren har nyleg lagt opp som spelar for alaget i Brattvåg.
For Ravn sin del vil dette bety at Ravningar i junioralder fortsatt kan stå som medlemmar i Ravn,
og vil då kunne spele for samarbeidslaget og for Ravn sitt alag. For Ravn sitt alag vil dette vere viktig.
Utfordringa blir sjølsagt som alltid i slike situasjonar at slitasjen på spelarane kan bli stor.
Men Ravngutane er jo vant til store treningsmengder, så dette bør kunne gå bra.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv