IL Ravn Arkiv

Idrettens dag i Gjersetdalen villmarksområde

25 mai 2015
Skrevet av:

 

Haram Idrettsråd inviterer til Idrettens dag i Gjersetdalen Villmarksområde laurdag 6. juni mellom kl 1100-1500.

Invitasjonen om Idrettens dag midt i det geografiske hjartet av kommunen har gått ut til alle styremedlemmer, tillitsvalde og andre interesserte i dei 14 idrettslaga i kommunen. I tillegg er ordførar og kommunestyre, tilsette i kommuneadministrasjonen og Frivilligsentralen invitert.

Dei 14 idrettslaga i kommunen har til saman over 2.800 aktive i ein kommune på dryge 9000 innbyggarar.

Matnyttig

Programmet blir både formelt og uformelt. Ole Martin Korsbrekke i Sp.kl. Herd skal snakke om tryggleiksreglementet i klubben. Reidar Vågnes skal snakke om idretten i eit samfunnsøkonomisk perspektiv der den islandske modellen for samarbeid idrett og samfunn står i fokus. Samarbeid mellom idretten og kommunen står også på dagsordenen til Mikal Skodjereite, som er styremedlem i Møre og Romsdal Idrettskrets.

Det er valår og politikarane er inviterte for å kunne møte idrettens folk i Haram og høyre kva som ligg dei på hjartet.   Idretten i Haram har bygt eller planlegg idrettsanlegg for om lag 100 millionar kroner og kommunen har vore ein svært god samarbeidspartnar.

Familievennleg

Det er greitt å kome seg til Gjersetdalen Villmarksområde både frå Gjerset på Grytestranda og Synnalandsvatnet på Brattvågsida. Det er omlag 45 minutt å gå frå begge sider. Parkering ved demninga i Synnalandsdalen og på Gjerset. Dei som med køyreløyve for handikappa kan køyre helt inn.

–       – Det blir mulighet for å grille laurdagsmiddagen medan drikke blir spandert av Idrettsrådet. Av ulike omsyn må vi ha bindande påmelding innan 31. mai, seier leiar Norvald Lausund i Haram Idrettråd.

Ravnjentene gjekk på ein smell!

21 mai 2015
Skrevet av:

J16 Hødd-Ravn 4-0 (0-0).

Det vart ein tung kveld på nye Høddvoll for eit sigersvant og uinspirert Ravnlag i går. Heimelaget var først og fremst best på innsats, og i går var det nok til å påføre Ravnjentene årets første tap. Etter 9 sigrar og ein uavgjort på årets 10 første kampar, vart vi i går sett på plass av eit Høddlag som flytta føtene fortare, lengre og klokare enn det vi gjorde. For to ukar sidan slo vi akkurat samme laget 8-1. Om ikkje innstillinga er rett, så kan slike ting skje. Dette er jo på ein måte litt av sjarmen med fotball og, men kjedeleg å oppleve sjølv. 1. omgangang var jamnspelt utan dei heilt store sjansane til nokon av laga. I 2. omgang åpna vi tafatt. Etter kvarteret lagar vi straffe, som Hødd skårar på. Det neste kvarteret er vi klart best, spelerane innser at det må jobbast hardt. Vi kjem til mange sjansar i denne perioda, nokre store, men greier ikkje å skåre. I staden aukar Hødd til 2-0 når vi står høgt for å få ei utlikning. Då er det 10 minutt igjen. Etter det er det fjøre sjø, for å bruke eit velkjent uttrykk, og Hødd gjer enkelt 3-0 og 4-0 dei siste minutta.
IMG_2153

J16 slo Hødd

11 mai 2015
Skrevet av:

Ravn-Hødd 8-1 (3-0). Mål: Adela 2, Sonja 2, Fride 2, Mariell, Ingrid.

Ravn hadde torsdag besøk av Hødd. Ravnjentene viste mykje bra spel, og var i tillegg i det effektive hjørnet denne kvelden. Derfor vart det mange mål, og nokre av dei av det vakre slaget. Med 3 mål det første kvarteret vart kampen aldri spanande. Ravn har med dette kome fint i gang i si avdeling med 3 sigrar av 3 mulige. Dette betyr nok at laget blir å finne i haustens 1. divisjon, og vi kan sjå fram mot ein spanande haustsesong. Det skal fortsatt spelast 5 kampar til i vår, men å bli blandt dei 3 beste i ei avdeling med 5 lag, det kan nok ikkje dette laget unngå å greie. Bank i bordet…

J16 møter Byåsen i NM.

05 mai 2015
Skrevet av:

Det vart i går klart at Byåsen blir motstandar i neste NM-kamp for Ravn sitt J16-lag. Kampen blir spelt på Ravn Stadion mandag 25.05.2015 (2. pinsedag). Vi møter dermed eit lag med høgt nivå, og gler oss til denne utfordringa. Vi håpar sjølsagt at mykje publikum tek turen til stadion og støttar laget denne dagen.

Ravnjentene vidare i NM!

01 mai 2015
Skrevet av:

IMG_2153J16 NM regional runde: Træff-Ravn 0-3 (0-2).

Mål: Adela, Mari og Sonja.

Solid gjennomført kamp av Ravn sitt J16 lag under torsdagens NM-kamp borte mot Træff. Adela skåra etter 3 minutt og Mari etter 22. Etter det vart det mykje stillingskrig med sjansar til begge lag. Sonja punkterte kampen rett før slutt med si 3-0 skåring. Dermed komfortabelt vidare til neste runde i NM som då truleg blir mot eit av dei 3 gjenverandes laga frå Trøndelag. Men det kan og bli mot Herd eller Molde som er dei to andre laga som gjekk vidare frå Møre og Romsdal. Sjansen til heimekamp på Ravn Stadion er absolutt til stades ettersom vi hadde bortekamp no. Men då må vi nok belage oss på ein heilt anna motstand enn det vi fekk i går, sjøl om Træff hadde mange gode enkeltspelarar var dei ikkje like jamne som oss. Samtidig jobba vi hardt og la ned mange km, dermed vart vi vanskelege å ha med å gjere. Flott jobba jenter!

Garderobe informasjon.

30 april 2015
Skrevet av:

IL Ravn har endelig fått på plass nye dører etter innbruddet.

Det jobbes med en ny løsning vedr. nøkler og alarm, vi ber om forståelse for den midlertidige løsningen m.t.p garderober frem til den nye ordningen er på plass!

Midlertidig løsning blir slik:

ÅPNINGSTIDER FOR GARDEROBER.

Man. – Fre.:  17.00 – 21.30.

Lør. – Søn. og helligdager:  Stengt.
(Ved behov hentes nøkkel hos May Britt, 417 49 032).

Kiosknøkkel fåes av Anne-Marte., 408 50 800

STØTT KLUBBEN I DITT HJERTE!

29 april 2015
Skrevet av:

STØTT IL RAVN MED DIN GRASROTANDEL!

Ravnlogo raud bunn

A – laget tok sesongens første seier!

29 april 2015
Skrevet av:
Målskårarane

Målskårerne Mathias, Lars Daniel og Eivind

6. div: Spjelkavik 2-Ravn 1-3 (0-2)

På tredje forsøk løsnet det for vårt unge A-lag borte mot Spjelkavik2 tirsdag. På et underlag som ikke inviterte til tiki-taka fotball, var det Ravn som stakk av med alle poengene. Lars Daniel Tennfjord hamret inn ledermålet etter knappe 24 minutter, der høyrekanten ikke gjorde noen feil litt skrått på mål alene med keeper.To minutter etterpå var det Mathias Vatneødegård sin tur etter et hjørnespark, der midtbaneeleganten var nådeløs i avslutningsøyeblikket. 2-0 sto seg til pause.

Etter knappe timen spilt klarte hjemmelaget å redusere etter klabb og babb inne i feltet på en corner. Eivind Hagen roa Ravn-nervene med sin 3-1 scoring, og siden var ikke seieren trua. I sluttminutta fikk Joakim Otterlei sitt andre gule kort, og må dermed sone karantene i neste kamp hjemme mot HaNo 11. mai.

Til den kampen er Andrè Larsen spilleklar, etter at han skreiv under for Ravn mandag. Vi takker Norborg for rask respons, men dessverre var ikke maskineriet til NFF like velsmurt som det de har på Grytastranda.

God kamp av J16

28 april 2015
Skrevet av:
Bildet er frå NM-kampen mot Guard

Bildet er frå NM-kampen mot Guard

J16: Ravn-Blindheim 1-0 (1-0). Mål: Sonja Ulvestad. Det var ein spanande kamp vi vart vitne til på Ravn Stadion i går. To gode lag fekk vist fram mykje kvalitet, og kampen bølga fram og tilbake med mykje sjansar til begge lag. Kampens einaste mål kom etter 11 minutt, då Sonja sette ballen i mål etter eit fint gjennomspel. God jobbing, mykje bra spel og ein god motstandar, gjorde sitt til at dette vart ein fin gjennomkøyring før vi til helga reiser til Molde for å møte Træff til NM-kamp.

Politianmeldelse, videovervåking og vegsperring.

25 april 2015
Skrevet av:

Etter siste tids hærverk, og observasjonar av fleire biler som har tatt seg inn på grusbana, ser vi oss no nøydd til å sette opp vegsperring på gangveg mellom IL Ravn Klubbhus og Eidet Kulturhall.

IL Ravn synest det er leit at nokon finn glede i å øydelegge det som mange har brukt mykje dugnads tid på å bygge opp.

Av omsyn til nettopp dette vil vi informere om at IL Ravn heretter vil melde alle straffbare forhold gjort på IL Ravns eigedom til Politiet.

Området vil også bli videovervåka, utan noko nærare kunngjering.

I tilfelle det skulle vere uklart, vil vi opplyse om at IL Ravn sine idrettsanlegg er meint for fotball, langrenn og hopp!

Næraste bilbane er vel i Olsvika??

IMG_6322

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv