A-laget tilbake på vinnersporet

29 september 2021
Skrevet av:

Etter eit surt tap heime mot Fjørtoft sist veke, fekk A-laget seg ein opptur i 3-2 sigeren borte mot Harøy. 

Lagoppstilling: Holger Tovås – Øystein Tennfjord, Andreas Holen, Thomas Bjørlykhaug (C), Ole Johan Urke – Noah Blindheim, Eirik Tomren, Matias Mork Vatneødegård – Torjus Vatne, Tobias Aarseth Heggem, Rasmus Gjelstenli.

Det var eit tent Ravn A-lag som tok ferga ut til Harøy Onsdag. Harøy har hatt ei stigane kurve siste kampane, og a-laget var klar på at dette ville bli ei tøff batalje. Tøft blei det. 

Jamn 1. omgang

Ravn starta kampen best, og hadde mange gode forsøk. Det blei trilla opp angrep etter angrep men verken Torjus Vatne, som igjen gjorde ein svært god kamp i Ravn-trøya, Tobias Aarseth Heggem eller Rasmus Gjelstenli klarte å sette ballen inn bak Harøy-målvakt Thomas Gjerde. I det 21. speleminutt fekk endelig Ravn satt si første scoring for kvelden. Ein corner fra venstre blei klarert ut, Ole Johan Urke fangar opp ballen på hjørne av Harøy sin 16-meter og smeller ballen knallhardt inn. Harøy gjer ei god redning på strek, før Matias Mork Vatneødegård har har den lengste tåa og setter fortjent 1-0 til Ravn. Harøy kjem meir inn i kampen etter Ravn si 1-0 scoring, og får raskt uttelling. Ravn sitt forsvar slit med å få klarert ein ball etter eit langt oppspel, og der snapper ein Harøy-spelar opp ballen og skyt ballen hardt langs bakken. Ballen får ein fin bue, og ballen trillar inn til venstre for keeper Holger Tovås. Laga går til pause på 1-1.

Ravn best i 2. omgang

Ravn får ein god start på 2.omgang når Ravn får straffe etter 30 sekund ut i omgangen. Ein hands gjer at Matias er frampå med sitt andre mål for kvelden, og setter straffa iskaldt ned til høgre for keeper. Etter dette er Ravn det førande laget og når Ole Johan Urke setter 3-1 etter 57 minutter verkar det som om Ravn har god kontroll. Ravn gjer nokre bytter, og har fortsatt god kontroll på alt som kjem i mot. Harøy setter inn ein sluttspurt og får satt sitt andre for kvelden etter 79 minutt. Eit lang innkast ender med litt klabb og babb. Holger er på ballen, men klarer ikkje å forhindre 2-3, som også blir sluttresultatet.

 

 

 

 

Bildetekst: Målscorerane borte mot Harøy. Matias (til venstre) og Ole Johan Urke (til høgre). 

 

 

– I dag gjer vi ein solid bortekamp og gjer ein god laginnsats mot eit godt lag. Spelmessig er vi bedre i den andre omgang enn første, men det viktigaste er å reise seg att etter tap sist, seier spelande trenar Eirik Tomren etter kampslutt.

HaNo heime neste

Ravn tek med seg 3 fortjente poeng heim til Ravn Station og leiiar fortsatt serien med bedre målforskjell enn Skodje. Skodje slo Lepsøy 0-4 borte, og det er heilt åpent i toppen av 6. divisjon. Neste veke ventar ein ny tøff kamp heime mot HaNo. HaNo, som a-laget slo 3-2 borte tidligare i år, kjem med revansjelyst og lyst til å spele god fotball. HaNo kjem frå ein sterk 3-3 kamp borte mot Fjørtoft. 

Møt opp på Ravn Stadion kommande Onsdag 06. Oktober klokka 18:30! 

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Banekalender

banekalender