Damelaget slo serieleiaren!

26 mai 2016
Skrevet av:

3. div damer. Ravn – FK Sykkylven 3-1 (0-0).
Mål: Adela Colic 3.

Med vinden i ryggen var det Sykkylven som åpna best, og hadde mest ball dei 10 første minutta. Etter kvarteret er vi meir med og skaper nokre sjansar. Motvinden gjer at vi slit litt med å få opp laget, men vi jobbar godt og Sykkylven slepp lite til. Utover i 1. omgang spelar vi bedre og bedre. Vi har dei største sjansane, og det hadde ikkje vore ufortjent om vi hadde leia til pause. I 2. omgang køyrer vi på og Sykkylven må gang på gang ty til ulovligheiter for å stoppe oss. Det straffar seg. Etter 2-3 minutt får vi frispark frå 28 meter. Adela, pang, 1-0. Etter 8 minutt, nytt frispark, denne gong frå 26 meter. Adela, pang, 2-0. No har vi full kontroll. Trur vi. Etter 17 minutt har mange av spelerane våre sjans til å klarere, det går heller dårleg. Sykkylven får corner, og skårer på den etter klabb og babb i feltet. 2-1 og ny spenning. Sykkylven meir med no og skaper nokre sjansar. Men vi har stort sett god kontroll og det er mykje nesten med oss. Fine kombinasjonar og fine dribleraid som nesten lukkast gong på gong. Etter 26 minutt er det igjen Adela som er på farten, 2-3 spelarar blir dribla og ballen smelt i mål. Etter dette skjer det ikkje all verden, og vi vinn fullt fortjent 3-1. Naturlegvis pluss til Adela med hat-trick, men først og fremst en solid lagsiger der spesielt forsvaret fungerte veldig bra. Dommar Odd Arne Grande var god og hadde full kontroll i ein fairspelt kamp med mange flotte duellar. Sykkylvens kaptein, Marthe Kristin Fjørstad desidert best på bortelaget.
Etter tap i dei to første kampane har vi no to sigrar og ein uavgjort. Neste veke er det bortekamp og lokaloppgjer mot Brattvåg. Brattvåg har åpna fint og har
to sigrar, ein uavgjort og eit tap på sine 4 kampar. Så det blir nok ein tett og tøff kamp. Men vi er no i siget og har trua på ein god kamp.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv