Super-innbytter Jørn avgjorde: A-laget 3-0 over Harøy

26 april 2016
Skrevet av:

Veteranen Jørn Helge Heggelund stod fram som superinnbytter då A-laget vann 3-0 over Harøy i serieåpninga heime mandag. Jørn, som i tillegg til å vere ein målsnik også er oppmann og materialforvalter og gjer ein kjempejobb for A-laget, var så vidt komt på banen kvarteret før slutt då han på typisk Jørn-vis kriga inn 2-0.
Nokre minutt seinare avgjorde han kampen etter eit nydeleg angrep. Tomas Skaar Vadset, også han just komt på banen, fann løpsmaskinen Nikolas Fjørtoft med ein fin stikkar, Niko fossa til linja og la ut til Jørn som dunka inn 3-0.
Kampen var lenge spennande, men ikkje særleg velspelt frå Ravns side. Vi fekk ikkje fart nok på ballen og valde ofte vanskelege løysinger i 1.omgang. Nærast scoring var Thomas Bjørlykhaug med ein suser i tverrliggaren. Målet kom mot slutten av omgangen då kaptein Øyvind Farstad var framme på ein dødball og scora frå kort hald.
Etter pause fekk vi periodevis spelet til å gli betre, men det vart berre nesten før Jørn kom inn og avgjorde.
Kampens gode dommar Niklas Bertil Spets delte ut tre gule til gjestane.
Neste kamp er borte mot Rollon2 måndag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv