J19 NM-kvalik: Ravn-Hødd 9-3 (6-2).

01 april 2016
Skrevet av:

Ravn-Hødd
Mål: Fride 2, Ingrid 2, Adela, Tuva, Hanne, Marit, Sonja.
Dommar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg IL.
Kraftig snøbyge før kampstart gjorde at Tore Vadset måtte rydde bane og kampen kom i gang 10 minutt for seint. Men da fekk vi og flotte speleforhold. Det pass Høddarane fint som kom litt seint til stadion pga fergetrøbbel. Og det passa nok også den delen av publikum som kom nokre minutt etter planlagt kampstart. For her var det full action frå start. Ravn tok grep umiddelbart og gjorde 1-0 etter 2 minutt med eit hardt frispark frå Adela som gjekk mellom hendene på keeper. Hødd slo kjapt tilbake etter 5 minutt på ein rask overgang ved Ine Sleipnes. Etter 12 minutt er det Tuva som skårer eit fint mål etter innlegg fra Marit. Men igjen kjem Hødd på ein kjapp overgang og igjen er det Ine Sleipnes som skårar. 2-2 og like langt. Etter 18 minutt er vi igjen i førarsetet når Hanne K Hofseth er på rett plass og set inn 3-2 på ein corner. Vi trur dette var Hanne si aller første skåring i 11er-fotball og vi gratulerer! Etter 21 minutt er det Marit som er på rett plass og gjer 4-2, også etter ein corner. No har vi festa grepet, og når Ingrid knaller inn 5-2 på frispark i det 27. minutt er det ikkje lenger tvil. 2 minutt seinare gjer Fride det som vi så ofte har sett, vinn ballen frå forsvaret, sett på turboen og skårar, dermed 6-2.
Det står seg til pause.
I 2. omgang åpnar Hødd best. Ravnjentene står med hoftefeste og trur alt er avgjort. Ine Sleipnes er ikkje tung å be, og skårar sitt 3. mål for dagen 2 minutt ut i 2. omgang. Dermed 6-3. 5 minutt seinare er vi på farten igjen og Sonja får eit innlegg som ho kontrollert skårar på. 7-3. Ho er dermed vår 7. målskårer for dagen! No kjem det ei periode på 20 minutt der det ikkje skjer so mykje. Etter halvtimen køyrer vi ei flott kontring som endar med at Fride får ballen og skårar sitt 2. for dagen. 10 minutt før slutt lavar snøen ned igjen og speleforholda bli så som så dei siste minutta. Rett før slutt er det Ingrid som blir tomålsskårar etter skudd frå 16-metersstreken. Greit gjennomført kamp av Ravn som var hakket bedre enn Hødd i det meste. Neste torsdag er det Blindheim som kjem på besøk på Ravn Stadion, før vi avsluttar kvaliken torsdagen etter borte mot Herd. Blindheim slo i går Spjelkavik 9-0, og dei blir heilt klart ei hard nøtt å knekke.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv