A-laget 2-0 over Skodje

08 april 2016
Skrevet av:

ThomasBjørlykhaug

Thomas Bjørlykhaug brukte under eit minutt på å sende Ravn i leiinga på Skodje torsdag. På det fine overlegget frå Nikolas Fjørtoft sende Thomas ein skrudd suser i krysset frå 20 meter.

Ei kjempescoring og pangopning for Ravn mot naboen som spelar to divisjoner over.

 

Utover i den jamnspelte omgangen sleit Ravn litt med Skodje sine raske vendinger av spelet og lange baller i bakrom til kjappe spisser, men eit hardtarbeidande forsvar med stopparduoen Farstad/Brusdal i spissen spelte rutinert og kontant. Framover var raske Nikolas på farten og plaga Skodjeforsvaret  konstant med sin store fart og aggressive spelestil. Han spelte nydeleg igjennom til Knut Egil Lid midt i omgangen, men dessverre vart hans  perfekte avslutning annulert for offside. Meir enn tvilsamt..

 

Omgangens minus var at Skodjes storscorer Eivind Erstad vart skadd i armen etter ein hard cornerduell i Ravnfeltet  og køyrt til sjukehus for kontroll.

 

I andre omgang gjekk Knut  ned som ein ekstra midtbanemann og bidrog sterkt til at Ravn hadde taket på kampen. Vi fekk fleire store sjanser på overganger og gode angrep, og 2-0 målet midt i omgangen var ein nytelse. Mathias Vatneødegård sende eit finurleg gjennomspel som Andrè Larsen lobba elegant over keeper.

 

Før sesongen stor Ravn utan keeper, men unge Andreas Eik  har gjort comeback og løyst problemet. Han stod ein prikkfri kamp, og då Skodje fekk sin største sjanse mot slutten, låg kraftkaren som ei strykereim og slo headinga med retning vinkelen til corner.

 

–        Ein bra 1. omgang, ypperleg 2.omgang og ein jamnt solid laginnsats var sjefstrener Jan Even Hatlehols kommentar etter kampen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv