5-måls-Mathias i 9-0 siger

13 april 2016
Skrevet av:

Mathias Vatneødegård gjorde fem mål da Ravn slo Fiksdal/Rekdal 9-0 på heimebane tirsdag.

Det rutinerte gjestelaget hang nokonlunde med i 1.omgang, samt at litt upresise avslutninger frå Ravn gjorde at det stod 2-0 ved pause.

Thomas Skaar Vadset skrudde inn ein corner med sin presise høgrefot, og hadde også ein suser i stanga.

Storebror Even Vatneødegård fekk ein liten smell og måtte gå ut midt i omgangen, inn kom småbror Mathias. Han brukte ikkje lenge på å sette inn 2-0 på elegant vis.

2.omgang vart einvegskøyring. Ravns midtbane greidde å halde oppe aggressiviteten i gjenvinningsfasen og fekk fart på ballen. Mathias gjorde fire nye mål, det vart eitt sjølvmål, og Mads Even Hatlehol og Stian Grytten Skogvoll kom også på scoringslista.

Måla kom etter gode  angrep, og Vidar Nilsen Rogne (16) hadde eit fint innhopp på venstrekanten, med fleire gode innlegg og to målgivande.

Dette var truleg siste treningskampen for A-laget før serieåpninga heime 25. april mot Harøy.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv