Daglig arkiv: 22 mars 2016

Ellingsøy – Ravn 5 – 2

22 mars 2016
Skrevet av:

Etter 3-3 mot HaNo og 4-0 over Harøy vart det årets første tap då A-laget spelte borte mot Ellingsøy mandag.
Heimelaget, som speler ein divisjon høgare og har eit godt og fartsfyllt lag framover, vann 5-2.

Men Ravn var så absolutt med og leverte ein god kamp og leia 2-1 ved pause. På eit ungdommeleg lag dominerte
Mathias Vatneødegård til tider på sentral midtbane, og la corneren som broder Even stanga inn til 2-1. Jørn
Heggelund scora første målet.

Etter pause var det lenge jamnt på stillinga 3-2,før Ellingsøy gjorde to kjappe i sluttminutta.
– Litt «småstygge» siffer, men spelemessig var vi gode i vel 60 minutt. Absolutt godkjent, og kjekt å sjå at
dei yngste no tar sjansen og viser kva dei er gode for, var trener Jan Even Hatlehols kommentar etter kampen.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv