Ravn J19 vann Futsal-KM.

17 november 2015
Skrevet av:

 

Framme frå venstre: Fride Lianes, Kristiane Hagset, Marit Nyland, Mari Røren, Yvonne Remme.
Bak frå venstre: Ingrid Vatne, Ingeborg Førdestrøm, Benedicte Kofoed, Adela Colic, Emilie Kalvatn, Mariell Naustdal.

 

Ravn J19 med eit nykomponert lag vann i helga Sunnmøre Fotballkrets sin Futsal Cup for J19 i Voldahallen.
Ravn stilte med eit lag beståande av 15, 16 og 17-åringar, samt ein 19-åring. Med andre ord eit ungt juniordamelag.
Men som det heiter, er du god nok er du gammal nok.
Ravnjentene spelte nydelig fotball i dei innleiande kampane og sette i tur og orden på plass Hødd med 2-0, Aksla med 3-0,
Volda med 5-0 og Blindheim med 6-1. Hødd og Volda med mange spelarar med 2. divisjonserfaring på damesida var rett og slett sjanselause.
I finalen vart det nytt møte med Blindheim. Jentene var nok litt høgt oppe etter at dei rundspelte Blindheim i puljespelet, og
det gjekk tråare i finalen. Blindheim skåra tidleg, og Ravnjentene kom då litt utav stilen og vart stressa. Men fekk heldigvis utlikna 5 minutt før slutt
ved Adela Colic etter å ha dominert kampen. Dermed vart det ekstraomgang med Golden Goal, dvs første mål vinn.
Blindheim hadde ein stor sjanse til å avgjere, men det vart Ravn og Ingrid Vatne som satt inn den avgjerande skåringa.
Stor jubel og velfortjent pokal og medaljer til Ravnlaget.
Vi fekk og turneringas toppskårer i Adela Colic med 5 mål, og nr 2 på lista ved Fride Lianes med 4 mål.

Framme frå venstre: Fride Lianes, Kristiane Hagset, Marit Nyland, Mari Røren, Yvonne Remme.
Bak frå venstre: Ingrid Vatne, Ingeborg Førdestrøm, Benedicte Kofoed, Adela Colic, Emilie Kalvatn, Mariell Naustdal.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv