Ravn J16 tok sølv!

20 oktober 2015
Skrevet av:

IMG_2178I vår var J16 11ar-serien delt inn i 2 avdelingar, der dei 3 beste i kvar avdeling danna haustens 1. divisjon.
Ravn vann i vår eine avdelinga med Blindheim og Hødd på plassane bak.
I den andre avdelinga vann Herd føre Sykkylven og Volda. Desse 6 laga har i haust kjempa om KM-tittelen.
Det var venta at Herd, Ravn, Blindheim og Sykkylven skulle vere i toppen.
Slik gjekk det også. Det vart jamnt og tett heilt inn mellom Blindheim, Ravn og Sykkylven.
Den kanskje største favoritten Herd, vart litt overraskande hekta av nokså tidleg.
Deira NM-innsats der dei gjekk heilt til kvartfinale tok nok ein del fokus.

I årets siste seriekamp for J16 møtte vi Herd heime på Ravn Stadion.
Denne måtte vi vinne for å vere sikre på å halde Sykkylven bak oss.
I teorien kunne vi og tatt 1. plassen, men då måtte vi vinne stort mot Herd, samtidig som
Blindheim måtte tape mot Sykkylven.

Ravn-Herd 3-0 (0-0).
Mål: Emma Sofie, Adela, Fride.

1. omgang var ikkje heilt bra av oss. Pasningskvaliteten var dårleg, samtidig som Herd var agressive og stressa oss.
Jamn omgang der vi berre i små glimt får vist oss fram. Lite sjansar til begge lag, og mykje stillingskrig.
I 2. omgang ser vi ut som eit nytt lag. Vi flyttar beina fortare og er mykje klokare med ball.
Og det går ikkje lang tid før Emma Sofie er på rett plass på eit innlegg og plasserer ballen sikkert i mål.
Omtrent midt i omgangen gjer Adela ein fantastisk soloprestasjon på ein måte som berre ho kan.
Halve Herdlaget blir dribla i stort tempo og ballen smelt utagbart i mål. Kjempeprestasjon!
Herd er no prega av kjøret. Litt seinare er det Fride som fastset til 3-0. Det skjer på typisk Fride vis, der ho jobbar knallhardt,
røskar ballen frå Herdforsvaret og dunker den i mål. Flott sesongavslutning av toppskåraren vår.
Mykje bra i 2. omgang og det kunne fort blitt fleire mål. Men vi møtte eit godt lag og 3-0 er absolutt eit resultat vi skal vere fornøgd med.
Bra jobba av jentene og ein flott avslutning på sesongen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv