J16 vann si avdeling

04 juni 2015
Skrevet av:

Blindheim-Ravn 2-5 (1-3).
Mål: Fride 2, Adela, Sonja, Mari.
Bra kamp i går mellom to gode lag der det vart spelt mykje god fotball. Vi opnar fint, held ballen i laget når vi har sjans til det og leverer mykje bra dei første minutta av kampen. Men litt mot spelets gang er det Blindheim som tek leiinga ved Kristine Ødegård etter ca 10 minutt på ein godt slått corner. Keeper Anne landar forkjært og får seg ein skikkeleg smell i sida i denne situasjonen. Etter dette er kampen heilt jamn ei stund, det bølgjer fram og tilbake og begge lag har sine sjansar. Etter ca 25 minutt får Sonja ballen ute på sida, spelar til Fride som passerer midtforsvaret og set ballen i mål. Blindheimbenken ropar på offside på Sonja, umogeleg å sjå frå vår posisjon, men dei hadde truleg rett. Eit par minutt seinare er det Adela som kjem seg laus og skårar utagbart for keeper frå 20-25 meter. Nydelig skåring.1 minutt på overtid i 1. omgang er det Sonja sin tur, ho skjer igjennom forsvaret og plasserer ballen kontrollert og fint til side for keeper og i mål. Vi kan gå til pause med 3-1.
Keeper Anne har so store smerter i ribbeina at ho må byttast i pausa. Mariell tek då over keeperplassen. Kjekt med anvendelege spelarar på laget.
5 minutt ut i 2. omgang får vi corner. Adela slår corneren og Mari kan berre stikke fram foten på det nesten ferdigskåra innlegget. Det står 4-1 og det kan sjå ut som om kampen er avgjort. Den tankegangen er slett ikkje Blindheim med på. Dei rullar no opp det eine angrepet etter det andre og 10 minutt ut i omgangen får dei si fortjente redusering ved alltid farlege Kari Erstad Skovly. Blindheim fortset å køyre på, vi slit på midten og vi slit med deira raske vingar. Og dei neste 10 minutta er vi heldige som ikkje får fleire imot, for då heng ikkje vi heilt med. Blindheim kjem til fleire store sjansar der det er nesten mål fleire gongar. Vi legg om litt på formasjonen, blant anna med å flytte Tuva inn i midten. Då får vi meir tak på midtbana og kampen jamnar seg ut igjen. Etter nesten halvtimen blir Fride spelt igjennom litt på sida og fastset sluttresultatet til 5-2. Etter dette har vi nokonlunde kontroll, sjøl om Blindheim fortsatt er på farlege visittar. Oppsummert skal vi vere godt fornøgde med både innsats, resultat og spel. For vi møter eit godt lag som spelar mykje fin fotball, men som ikkje har heilt dagen i avslutningane. Vi er bra effektive, det er fortjent at vi vinn, men kampen var jamnare enn resultatet seier. Vi kan nok sjå fram til to tette oppgjer mot Blindheim i haust også. Med dette resultatet er det klart at vi har vunne avdelinga vår. Neste og siste kamp for vårsesongen er førstkomande søndag heime mot Bergsøy.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv