J16 til 1. divisjon

01 juni 2015
Skrevet av:

Bergsøy-Ravn 0-6 (0-2). Mål: Sonja 2, Adela, Mari, Mariell, Henriette.

Med dette resultatet sikra J16 seg ein av dei 3 plassane i avdelinga som gir spel i 1. divisjon til hausten. Vi stilte utan kaptein Fride denne kampen. Sigeren var på ingen måte truga, men det var likevel noko sløvt over Ravnlaget i 1. omgang. Dagens bursdagsbarn Sonja skåra det første på direkte gjennomspel frå keeper Anne. Adela skåra mål nr 2 etter å ha dribla av ein 2-3 Bergsøyspelarar og set ballen fint i lengste hjørne. Flott skåring. Dette var stort sett behaldninga i 1. omgang. Elles fekk vi sjå mykje svakt spel, rot, tull og tøys fra Ravnjentene i 1. omgang. Til tross for 2-0 leiing til pause var vi ikkje særleg fornøgde. Ei lita skyllebøtte i pausa såg ut til å gjere susen. Ravnlaget heva spelet i 2. omgang, og leverte mykje betre enn i 1. omgang. Innsatsen var der den skulle, pasningar og bevegelse var langt betre og vi skapte mykje sjansar. Sonja skåra på eit gjennomspel frå Adela, Mari skåra etter ei fin dribling og skudd/lobb over keeper. Mariell får ein lett jobb med å sette inn mål nr 5. Dette var eit flott mål der ein veggspelte seg gjennom Bergsøy si midtbane og forsvar på nydelig vis. Henriette fekk æra av å sette inn kampens siste mål på ein retur rett før slutt.IMG_2178

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv