Damelaget med leikestove mot Sykkylven

17 juni 2015
Skrevet av:

Damer 4.div.7er:
Sykkylven – Ravn 1-16 (0-6)
Mål Ravn:
Birgitte, Andrea 3, Ingeborg 3, Ingrid 4, Amanda 5.

Skikkelig leikestove for jentene i dag.
I eit fantastisk sommarver med omgivelsar som ein berre finn på Sunnmøre, fekk jentene ein kveld dei seint vil gløyme på Ikornnes Idrettspark. Spelesugne, etter ein månad utan kamp, gjekk jentene fryktlause til verket. Det eine mønsterangrepet etter det andre vart rulla opp, og sigeren burde faktisk vore større. Trur eg talde 5 stolpetreff berre i første omgang.
Rett nok hadde også Sykkylven sine sjansar, spesielt i starten, men Kristiane var, som vanlig, i det umulige hjørnet.
Akkurat i dag var vi berre eit mykje betre lag enn Sykkylven. Vi var hurtigare, meir bevegelige, og gjorde betre valg både med og utan ball.

Imponerande prestasjonar i dag når ein tek med at vi spelte 2×40 min. utan innbyttar. Det er tøft i 6er-fotball. Sara vart dessverre sjuk, og kunne ikkje spele.
«Dagens Ravnjentepris» går til idag til kaptein Amanda. Utrettelig innsats og glød, både offensivt og defensivt – høgt og lavt. Om det er 0-0 eller 10-0 – spelar inga rolle det for den jenta.
Oppsummert:
Strålande laginnsats og mange gode prestasjonar som er godt å ta med seg inn mot nye ventande kampar. Og god is på Aursneskiosken.
I fotball dreiar mykje seg om å skape gode opplevingar. Det klarte dokke i dag jenter

Mvh.
Per Å.

DSC_0210 DSC_0207

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv