Daglig arkiv: 17 juni 2015

Damelaget med leikestove mot Sykkylven

17 juni 2015
Skrevet av:

Damer 4.div.7er:
Sykkylven – Ravn 1-16 (0-6)
Mål Ravn:
Birgitte, Andrea 3, Ingeborg 3, Ingrid 4, Amanda 5.

Skikkelig leikestove for jentene i dag.
I eit fantastisk sommarver med omgivelsar som ein berre finn på Sunnmøre, fekk jentene ein kveld dei seint vil gløyme på Ikornnes Idrettspark. Spelesugne, etter ein månad utan kamp, gjekk jentene fryktlause til verket. Det eine mønsterangrepet etter det andre vart rulla opp, og sigeren burde faktisk vore større. Trur eg talde 5 stolpetreff berre i første omgang.
Rett nok hadde også Sykkylven sine sjansar, spesielt i starten, men Kristiane var, som vanlig, i det umulige hjørnet.
Akkurat i dag var vi berre eit mykje betre lag enn Sykkylven. Vi var hurtigare, meir bevegelige, og gjorde betre valg både med og utan ball. Les meir »

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv