Månedlig arkiv: juni 2015

Damelaget med leikestove mot Sykkylven

17 juni 2015
Skrevet av:

Damer 4.div.7er:
Sykkylven – Ravn 1-16 (0-6)
Mål Ravn:
Birgitte, Andrea 3, Ingeborg 3, Ingrid 4, Amanda 5.

Skikkelig leikestove for jentene i dag.
I eit fantastisk sommarver med omgivelsar som ein berre finn på Sunnmøre, fekk jentene ein kveld dei seint vil gløyme på Ikornnes Idrettspark. Spelesugne, etter ein månad utan kamp, gjekk jentene fryktlause til verket. Det eine mønsterangrepet etter det andre vart rulla opp, og sigeren burde faktisk vore større. Trur eg talde 5 stolpetreff berre i første omgang.
Rett nok hadde også Sykkylven sine sjansar, spesielt i starten, men Kristiane var, som vanlig, i det umulige hjørnet.
Akkurat i dag var vi berre eit mykje betre lag enn Sykkylven. Vi var hurtigare, meir bevegelige, og gjorde betre valg både med og utan ball. Les meir »

A-laget til «sommerferie» med seier

16 juni 2015
Skrevet av:

Ravn vant 3-2 hjemme mot Spjelkavik2 i siste kamp før sommerferien.

Ferie blir det ikke i ordets rette forstand, for A-laget holder koken med tre økter i uka sommeren gjennom. Det er også åpent for alle nye og gamle spillere, som har lyst til å prøve seg på feltet.

Kampen mot Spjelkavik2 ble aldri noen «vanlig» kamp. Tidligere i år har vi spilt mye fin fotball, men slitt med å omsette alle sjansene i mål. Mandag kveld var det «mot normalt»

På to sjanser før pause, leda Ravn 2-0 halvveis.

Først var det Even Vatneødegård som scoret etter dødball, og det var hans første scoring etter comebacket nest sist mot Giske.

Lillebror Matias doblet på et godt plassert skudd, der det også var flere fine trekk i forkant.

Etter pause så la Thomas Bjørlykhaug på til 3-0 fra straffemerket, og da så det egentlig svært så grønt ut.

Spjelkavik reduserte to ganger fra straffemerket, der det siste var siste spark på ballen fem minutter på overtid.

Etter pause kom Ravn til flere store sjanser, men stanga sto i veien for Øystein Tennfjord blant annet.

Neste seriekamp er borte mot HaNo 10. august.

Matias Vatnedegrd, Thomas Bjrlykhaug, Even Vatnedegrd

J16 vann si avdeling

04 juni 2015
Skrevet av:

Blindheim-Ravn 2-5 (1-3).
Mål: Fride 2, Adela, Sonja, Mari.
Bra kamp i går mellom to gode lag der det vart spelt mykje god fotball. Vi opnar fint, held ballen i laget når vi har sjans til det og leverer mykje bra dei første minutta av kampen. Men litt mot spelets gang er det Blindheim som tek leiinga ved Kristine Ødegård etter ca 10 minutt på ein godt slått corner. Keeper Anne landar forkjært og får seg ein skikkeleg smell i sida i denne situasjonen. Les meir »

J16 til 1. divisjon

01 juni 2015
Skrevet av:

Bergsøy-Ravn 0-6 (0-2). Mål: Sonja 2, Adela, Mari, Mariell, Henriette.

Med dette resultatet sikra J16 seg ein av dei 3 plassane i avdelinga som gir spel i 1. divisjon til hausten. Vi stilte utan kaptein Fride denne kampen. Sigeren var på ingen måte truga, men det var likevel noko sløvt over Ravnlaget i 1. omgang. Dagens bursdagsbarn Sonja skåra det første på direkte gjennomspel frå keeper Anne. Adela skåra mål nr 2 etter å ha dribla av ein 2-3 Bergsøyspelarar og set ballen fint i lengste hjørne. Flott skåring. Dette var stort sett behaldninga i 1. omgang. Elles fekk vi sjå mykje svakt spel, rot, tull og tøys fra Ravnjentene i 1. omgang. Til tross for 2-0 leiing til pause var vi ikkje særleg fornøgde. Ei lita skyllebøtte i pausa såg ut til å gjere susen. Ravnlaget heva spelet i 2. omgang, og leverte mykje betre enn i 1. omgang. Innsatsen var der den skulle, pasningar og bevegelse var langt betre og vi skapte mykje sjansar. Sonja skåra på eit gjennomspel frå Adela, Mari skåra etter ei fin dribling og skudd/lobb over keeper. Mariell får ein lett jobb med å sette inn mål nr 5. Dette var eit flott mål der ein veggspelte seg gjennom Bergsøy si midtbane og forsvar på nydelig vis. Henriette fekk æra av å sette inn kampens siste mål på ein retur rett før slutt.IMG_2178

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv