J16 tapte mot Byåsen

27 mai 2015
Skrevet av:

J16 NM Ravn-Byåsen 0-2 (0-1).

Ca 160 tilskuarar hadde tatt turen for å få med seg denne godbiten av ein fotballkamp. Nokså uvanleg med so mykje folk på ein J16-kamp, men veldig kjekt. Ravn hadde laga ei fin ramme rundt kampen, og dette var stor stas for jentene. Kampen var tett og spanande heile vegen. At Byåsen var eit godt lag visste vi. og det fekk vi også sjå. Men Ravnjentene stod veldig godt opp, innsatsen var herleg og vi fekk vist fram mykje av det som bor i laget. Byåsen sitt mål i 1. omgang kjem etter eit skudd/innlegg frå sidelinja, der Byåsen får kjempetreff og ballen dalar utagbart ned i lengste hjørnet til keeper. I pausa har vi god tru på at vi skal snu dette.

Starten på 2. omgang er verst tenkjeleg for oss. Byåsen får eit unødvendig mål alt etter minuttet. Der står vi for mykje på hælane og ser på. Vi får våre sjansar utover i 2. omgangen, men lykkast ikkje i å skåre. Blant anna blir Fride meia overende i feltet utan at det blir blåst straffe, noko vi var sterkt uenige i…Kampen sett under ett er det greit at Byåsen vann, men forskjellen var ikkje stor. Det var først og fremst i duellspelet Byåsen var hakket tøffare. Det var eit litt meir fysisk lag, som til dagleg spelar i ein tøffare serie enn det vi gjer. Likevel, all honnør til våre jenter som gjorde ein fin kamp. Alle spelarane gjorde ein kjempejobb og spelte opp mot sitt beste, og då må ein berre akseptere at det ikkje haldt heilt denne gong. Men vi er stolte av innsatsen dei la ned. Byåsentrenarane var sjølsagt godt fornøgde med sitt lag, og meinte dei hadde levert veldig bra. Vi fekk også skryt for ein flott motagelse og eit flott arrangement. Så bra jobba alle Ravningar som ordna dette!

NB! Ny kamp i dag for J16. Kl 18:30 på Ravn Stadion mot Langevåg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv