Idrettens dag i Gjersetdalen villmarksområde

25 mai 2015
Skrevet av:

 

Haram Idrettsråd inviterer til Idrettens dag i Gjersetdalen Villmarksområde laurdag 6. juni mellom kl 1100-1500.

Invitasjonen om Idrettens dag midt i det geografiske hjartet av kommunen har gått ut til alle styremedlemmer, tillitsvalde og andre interesserte i dei 14 idrettslaga i kommunen. I tillegg er ordførar og kommunestyre, tilsette i kommuneadministrasjonen og Frivilligsentralen invitert.

Dei 14 idrettslaga i kommunen har til saman over 2.800 aktive i ein kommune på dryge 9000 innbyggarar.

Matnyttig

Programmet blir både formelt og uformelt. Ole Martin Korsbrekke i Sp.kl. Herd skal snakke om tryggleiksreglementet i klubben. Reidar Vågnes skal snakke om idretten i eit samfunnsøkonomisk perspektiv der den islandske modellen for samarbeid idrett og samfunn står i fokus. Samarbeid mellom idretten og kommunen står også på dagsordenen til Mikal Skodjereite, som er styremedlem i Møre og Romsdal Idrettskrets.

Det er valår og politikarane er inviterte for å kunne møte idrettens folk i Haram og høyre kva som ligg dei på hjartet.   Idretten i Haram har bygt eller planlegg idrettsanlegg for om lag 100 millionar kroner og kommunen har vore ein svært god samarbeidspartnar.

Familievennleg

Det er greitt å kome seg til Gjersetdalen Villmarksområde både frå Gjerset på Grytestranda og Synnalandsvatnet på Brattvågsida. Det er omlag 45 minutt å gå frå begge sider. Parkering ved demninga i Synnalandsdalen og på Gjerset. Dei som med køyreløyve for handikappa kan køyre helt inn.

–       – Det blir mulighet for å grille laurdagsmiddagen medan drikke blir spandert av Idrettsrådet. Av ulike omsyn må vi ha bindande påmelding innan 31. mai, seier leiar Norvald Lausund i Haram Idrettråd.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv