Daglig arkiv: 05 mai 2015

Ravn damer «reiste kjerringa».

05 mai 2015
Skrevet av:

Valder - Ravn res. 2-12 til Ravn - treningskamp april 2015 -2

Kvinner 7er:
Ravn – Ørskog 6-4 (3-1)
Mål Ravn: Ingeborg, Ingrid, Sara, Amanda, Fride 2.
Det vart ein «rysare» av ein kamp på Ravn Stadion tysdagskvelden. Etter den heller triste kvelden på Color Line sist var det viktig i dag å «reise kjerringa», og vise oss frå ei betre side. Det klarte jentene til gangs.
Eg synest vi vann heilt fortjent, i ein kamp som inneheldt det meste. Gule kort, raude kort, straffe og mykje flott Ravnspel. Spesielt siste halvdel av 1. omgang var vi verkelig kongar på bana.
Innsatsen var i dag på eit nivå som varma eit trenarhjerte. Det har forresten desse jentene gjordt utallige gangar. Ein herlig gjeng.
Ørskog er den suverene vinnaren av 7er-serien frå i fjor, så dette står det respekt av jenter.
Stor takk til Madeleine og Fride, frå J16, som nok ein gong hjalp oss å gjennomføre ein kamp.
Gler oss allereie til neste kamp som er heime mot HaNo neste tysdag 🙂

-Per Å.-

J16 møter Byåsen i NM.

05 mai 2015
Skrevet av:

Det vart i går klart at Byåsen blir motstandar i neste NM-kamp for Ravn sitt J16-lag. Kampen blir spelt på Ravn Stadion mandag 25.05.2015 (2. pinsedag). Vi møter dermed eit lag med høgt nivå, og gler oss til denne utfordringa. Vi håpar sjølsagt at mykje publikum tek turen til stadion og støttar laget denne dagen.

Hovedsponsor

Sparebanken Møre

Sponsor 2017

Litt om IL Ravn

På ditt klubbhus på nett kan du orientere deg i eit aktivt idrettslag. Stoff til sidene (referat, artikler, bilder etc) kan sendes på epost til:
admin@il-ravn.no

Kommentarer

Arkiv